Sterk siger av Bergsøy 2 mot Hødd 3!
#
No ligg våre nest beste på 2.plass i det som virkar å være tidenes sterkaste 6.divisjon!

No ligg Bergsøy på 2.plass i det som virkar å være tidenes sterkaste 6.div.

Bergsøy 2 tok i dag ein sterk bortesiger mot Hødd 3 som hadde med fire-fem av dei talentfulle juniorspelarane som spelar regelmessig for Hødd 2 som toppar 4.div foran Bergsøy sitt A-lag. Resultatet vart 1-3 etter at Frantz Frantzen hadde utlikna Hødd sin ledelse før pause. Heimelaget var best i banespelet i 1.omg leda ann av spelarane Sander Djupvik og Gustav Dimmen som var gode. I tillegg hadde dei Isak Haanes på topp.

Hødd varta opp med godt spel med rask forflytning og fine kombinasjonar. Bergsøy sleit litt i perioder, men hadde likevel tre gigantiske sjansar utanom scoringa før pause. Men 1-1 var greit. I pausa vart der gjort nokre grep, og i 2.omg hadde Bergsøy god defensiv kontroll. Den forløysande scoringa kom drøye ti min før slutt ved Ole Magne Rotevatn. Etter det gjalt det å ri av stormen, og heilt på tampen kontra Bergsøy via Ruben Kvalsvik som tok eit sugande raid på høgresida før han la inn til Oliver Kourti som fastsette sluttresultatet til 1-3.

No ligg Bergsøy på 2.plass i det som virkar å være tidenes sterkaste 6.div. Nivået på dagens kamp tilsvarte eit høgare nivå enn det. Neste onsdag kjem serieleiar Åmdal på besøk til Havila stadion. Møt opp for å sjå god fotball av klubbens nest beste. Nytt av året er at laget innheld spelarar frå juniorlag og A-stall i tillegg til dei faste travarane. Bra for laget, bra for spelarane, bra for klubben.

Bestemannsprisen går denne gongen til Bjørnar Gundersen som kjempa upåklageleg på midten heile kampen. Daniel Sandvik var god og det same var stopparparet Erik Leinebø Ulfstein og Trym Rekkedal. 



1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat