Sol og glede
#
Og kanskje en fotballseier?

Det har kanskje ikkje vore dei beste forholda å trent på i det siste, men uansett så skal det spelast kamp både laurdag og søndag inne i Selje. Både A-laget og juniorar skal innover på overnattingstur på hotell, og speleforholda er forhåpentligvis bedre enn her heime.

Det har vore treningar i Huldalen på tross av snøven, og det har vore mykje leikprega aktivitet. Ikveld hadde en nok trua på at forholda skulle bli bedre etter at bana blei måka for snø, men det førte visstnok til at forholda blei ennå verre. En del snø var borte, men isen låg igjen - og dermed var det ikkje særlig til treningsforhold. Uansett, til helga kan ikkje Bergsøy forvente ei ny økt med snøleik. Etter to tap og endel baklengs, så er det ikkje tvil om kva Bergsøy må få til for å kome på rett kjøl. Da trengs det konsentrasjon frå startsignalet går.

Sjølv om det er gøy med snøv, så får en håpe at forholda snur etterkvart. Idag avsluttar vi vår "gøy med fjell og snøv" uke, og legger ut to nye filmar. Med tips frå Marvin så blei det funnet gode miniski-forhold på fjellet, og vi har raska sammen en miniski-film frå turane dei to siste dagane opp til Teigetua og nesten opp til Storevarden. I tillegg, med fare for at det blir mykje steffen på en gang, så er det miksa sammen en fjellfilm. Filmen er en oppsummering over alle fjellturane som en har bilde og video av på Bergsoy.com, og med den siste ukas dansing på diverse fjelltoppar så blei også dette en lang og særdeles tåpelig video til slutt. Da har vi ialt 3 tåpelige filmar på kort tid, og det vil nok ta år før en ny utenomsportslig film kjem igjen.

Neste oppdatering skjer sikkert ikkje før over helga.

Filmar:

Videofilm: Miniski på Nerlandsøyfjellet (9,12 MB) |
Videofilm: Fjellfilmen (7,41 MB) |

Tirsdagens film:

Videofilm: Aking på Nerlandsøyfjellet (6,30 MB) |









1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat