Som frykta, med forhåndsomtalen "håper på ei god økt", så var det ikkje alt som låg til rette for at det skulle bli en finspelt kamp inne i Åram. Men Bergsøy klarte likevel å hale iland en seier den siste halvdelen av den andre omgangen.
Normalt sett hadde kampreferatet vore klart no, men det kjem tidligast søndagskveld.
Men dei som har spelt inne i Åram før kan kanskje sjå for seg grusbana etter å ha blitt dyppa i litt regn; det er merkelig at ei grusbane kan ligne såpass
på leire. Glatt og vått, og litt surt, gjorde speleforholda vanskelig. At Åram er et aggressivt og godt 4.divisjonslag gjorde ikkje kampen stort lettare for Bergsøy,
men etter at Daniel Hatløy gav BIL ledelsen både 1-0 og 2-0 før det var gått 10 minutt, da såg det bra ut.
Vi følte dommaren var på Åram si side denne gangen. 2-1 målet burde blitt avblåst for angrep på keeper. 2-2 målet lukta offside. 2-3 målet kom på ei ganske billeg straffe.
Likevel kom Bergsøy tilbake mot slutten av den andre omgangen, og to mål av Andre Lima samt ett av Steffen Moltu snudde tap til siger. Sterkt av Andre Lima å komme inn for å scåre to mål.
Dommaren såg nok ikkje at 3-3 målet burde blitt avblåst for offside.
Som mr Sandanger seie i gjesteboka så burde nok Bergsøy styrt meir av kampen. Åram lukta blod da dei først fekk mål, og Bergsøy hadde et spelesmessig problem på den trange bana. Motvinden den første omgangen var også et stort problem for BIL.
Fleire faktorar utgjorde at besøket inne i Åram denne gongen ikkje var heilt ideelt, og den intensive 3-5 minutters oppvarminga uten ball før avspark er den kortaste oppvarminga i manns minne. Sånn sett var det sterkt av Bergsøy å gå raskt opp til 2-0.
Preben Hestad hadde det meste av trenaransvaret, ettersom Svein Haukås ikkje var til stades.