Publisert 08.07.2021
Allereie i september 1946 var det interesse for Bergsøy å melde seg på Kretsmesterskap i Friidrett, men i et brev måtte
klubben takke nei til å delta grunna av at dei fleste medlemmane var fiskarar som hadde vore avskåret frå trening.
I 1947 starta klubben å leige Høgtun til gymnastikkøvelsar, og i juli 1951 var Bergsøy med på eit stafettløp.
Men det var ikkje før 2.juni 1955 at Bergsøy melde seg inn i Friidrettskretsen.
Første åra etter krigen
På dei årlige 17.mai konkurransane i dei første etterkrigsåra skapte det glede og stas da Peder Worren og Frantz Frantzen laga til høgdehoppstativ, lengdehopp og tidtaking på 60 meteren med skikkelige stoppeklokker.
I lengdehopp var det Ole Karlsen, Erik Løfoll og Finn Voldnes som gjerne utmerka seg, og i kule var det Ole Karlsen, Bjarne Løfoll og Bertrand Eggesbø. I høgdehopp var duellen størst mellom Bjarne Rasmussen og Jan Vinge.
At Bergsøy kom virkelig på friidrettskartet i 1952 var på grunn av ein 13 åring som var modig nok til å melde seg opp til KM i Ålesund.
-"Som en liten kuriositet kan nemnes at Egil leikanger på eget initiativ har reist til Ålesund på gutteidrettstemne og erobret både 1. og 2.premier i forskjellige idrettsgrener."
(Bergsøy Møtebok)
Egil leikanger skulle i dei nærmaste åra dominere i si årsklasse i forskjellige friidrettsøvelsar. Vinteren 1953 vann han lengde uten tilløp med 2,67 meter som var eit spessielt godt resultat, og samme år vann han alle fire øvelsane i KM på Aksla Stadion.
(Bildet: Egil Leikanger i lengdehopp)
På våren 1954 kom ein idrettsinstruktør fra Norges Idrettsforbund til Fosnavåg, og det blei arrangert ei samling for friidrettsintreserte på bana i Huldalen.
No kunne dei som ville få prøve seg i forskjellige øvelsar. Like etter fekk Bersøy ein invitasjon om å sende Egil Leikanger og Johs Wike på trenarkur i Nordfjordeid, og året etter blei Sigmund Emhjellen sendt på lignande kurs i Isfjorden. Det var desse tre samt Ola Goksøyr som drog igang friidrettstreningar der både jenter og gutar deltok.
Et viktig tiltak i regi av Bergsøy var også dei årlige idrettsmerkeprøvene som Nils Lied sto i spissen for.
Vidare utover 1950 åra
På kvart årsmøte utover 1950 åra vart det i Bergsøy valgt ei gruppe som hadde til oppgåve å legge til rette for friidrett.
Frantz Frantzen var ein aktiv talsmann for friidretten både i lagsstyret og som redaktør for Vestlandsnytt. Utover på 1950 tallet vart Huldalen også utvida slik at det blei plass
til hoppegroper.
Frå 1955 var det faste treningstider på Huldalsbana, og i fotballferien var det også mange frå fotballaget som møtte opp på friidrettstreningar og uformelle konkurransar som friidrettsgruppa ordna til. Spessielt var 60 meter, 200 meter og 800 meter poppulære øvelsar i tillegg til kule og spydkast.
Sommaren 1957 var det bestemt at det for første gong skulle arrangerast friidrettstemne i Fosnavåg. Funksjonærane som sto for målingar og tidtaking var rekurttert frå realskulen, yrkesskulen og fotballgruppa i Bergsøy. Yrkesskuleelev Sverre Sjupvik ordna til løpebaner. Urmakar Hjelmeseth var raus med premiar til deltakarane.
Jenteøvelsane var dominerte av Margot Roksvåg som mellom anna hoppa 1,34 meter i høgde, og ho vann dessuten både 100 meter og lengdehopp.
Sjølv om friidrettsmiljøet i Bergsøy ikkje var særlig stort var det fleire som utover 1950 tallet deltok i både kretsmesterksap og nasjonale stemne. I 1956 blei Kristian Østensen kretsmester for junior i spydkast, og Ola Goksøyr vinnar av 5000 meter i B-klassa. Sissel Bostad blei kretsmester i 14års klassa både på 60 meter og i lengde, mens Margot Rogsvåg blei kretsmester med 1,30 i lengde i klasse 15 år.
Nokre resultat i 1956 kan du
sjå her.
I 1957 stilte Bergsøy med mange i KM på Aksla. hildegunn Voldsund blei kretsmester i 13års klassa på 60 meter med Annlaug Kvalsund og Aud Johannessen på delt bronsjeplass. Annlaug gjorde det også godt i høgde og lengde. Samme året blei Johs Wike kretsmester for juniorar i høgde.
Les litt om stafettløpet Fosnavåg Rundt i 1959:
Les her.
Friidrett 1960 og vidare
Utover på 1960 tallet endra det seg noko, og ingen brukte no Huldalen til friidrett. Fotballen vaks, mens handballen hadde problem på grunn av at handballkretsen i fleire år var ute av drift, mens friidrett-aktiviteten nesten tok slutt. Det var likevel nokre som deltok i ulike formar for distanseløp, som Ola Goksøyr i landeveisløp med gode resultat og Perrer Pettersen som tok bronsje i KM for junior i terrengløp.
I perioden 1975-1980 vaks det meir for også friidretten, ettersom både Bergsøy Stadion og Herøy Kulturhus kom på plass.
På årsmøtet hausten 1974 blei Jan Olav Sandnes formann i den nyopprette friidrettsgruppa, og aktiviteten blomstra meir. På Sunnmøre blei gateløp ein poppulær trend, og Bergsøyløpet blei reorganisert. 55 løparar stilte til start i Bergsøyløpet i 1975 som blei arrangert ved Ytre Herøy Ungdomsskule, og vinnarar var Ivan Myklebust og Arthur Almestad.
Friidrettsgruppa hadde ennå ikkje starta treningar for jenter, men nokre blei likevel bedt om å være med konkurransar. Liv Koppen og Trude Teige suste av stad og vann kva si klasse.
Liv Koppen vart seinare med i troppen til Sunnmøre Friidrettskrets til det store årlige stemnet som blei kalla Donald Duck leikane arrangert på Kongsberg.
I 1976 arrangerte Bergsøy for første gang kretsmesterskap i Friidrett og over 100 deltakarar var påmelde.