Vi tek ei lita oppsummering over kunstgrasarbeidet, og vi må dermed gå heilt tilbake til 2003. Det har gått nokre år sidan kunstgrasplanane blei offentlige, og optimismen var stor ved dette tidspunktet. Det var et lite håp om at kunstgraset kunne være på plass så tidlig som hausten 2004, men så lett var det ikkje. Kanskje like greit igrunnen, med tanke på den økande kvaliteten på kunstgrasdekke kvart år. Positive var en også på prisen, og bana skulle koste 7,5 millionar kroner.
"Totale kostnader er beregna å vere 7,5 millioner kroner. Bergsøy håper på 2 millioner i spelemidler, som etter reglane også er maks de kan få. 2 millioner ønsker BIL å stille med sjølve, mens resten blir tillskot og lån. Planen er at Kommunen vil eige anlegget, mens Bergsøy leiger banen og svarer for drift og kostnader."
"I tilknyttning til kunstgrasbanen vil det bli bygt ut nokre publikumsplasser. Det vil ikkje la seg gjere å bygge ei fullverdig tribune på nyeanlegget, og det er mellom grunnane til at vi ønsker en oppgradering av den eksisterende grasbanen".
(Bjørn Otterlei så lang tilbake som i 2003)
I November 2003 hadde kronerullinga til kunstgrasbana kome igang, men det tok litt tid mellom kvar gang noko nytt blei offentliggjort i forbindelse med
framgongen av planane. 17.februar 2004 meldte Bergsoy.com at ryddinga av myrområdet smått hadde kome igang, og det var også klart at myra på enkelte plassar var så djup som 8 meter.
(Bildet: Februar i 2004 tok vi bilde av myra der kunstgraset skulle kome, og vi forsto nok at det ville ta si tid før bana kom på plass)
Det virka som at planane strevde litt i motvind, og arkeologar skulle true framgongen i august 2004. Der myra er idag har det tidligare vore et dyrkingsfelt, og dette kunne fordyre planane vesentlig. Såvidt vi veit så klarte idrettslaget å forhindre at arkeologane skulle vinne fram med sine planar..
"Bergen museum kjem med en kostnad på ca 400.000. At Bergsøy må finansiere for at arkeologane ønsker å vite meir om dyrkingsfeltet er uforståelig for mange. Ordførar Arnulf Goksøyr synes synd på idrettslaget, fordi dei må koste på å dokumentere aktivitet som går fleire tusen år bak i tid".
(Bildet: I desember 2004 blei det gjennomført nye dybdemålingar..)
I februar 2005 kom det opp ei brakke utanfor kulturhuset, og planen var å bruke denne brakka til utstyr og diverse i forbindelse med kunstgrasarbeidet og også seinare. Hittil har brakka kome mest i fokus etter innbrudd. I mars 2005 såg myra fortsatt slik ut: trykk her.
Så, endelig, kom det god informasjon i forbindelse med kunstgrasplanane 21.juli 2005. Det blei her håpa at en kunne få på plass kunstgraset til august 2006. Idag er dette retta til september.
-"Vi er ikkje heilt imål, men vi får ta en ny drive no i tida august, september. Vi har fått en fantastisk respons frå næringslivet, og dette gjer det enklare å gå enda et steg vidare mot å ferdiggjere kunstgrasbana. Vi har fortsatt litt å arbeide med før vi er imål."
(Bjørn Otterlei til Vestlandsnytt juli 2005)
(Bildet: Her skal kunstgraset kome, og bildet er tatt i juli 2005..)
I november 2005 blei det klart at en var nærme ved å velge entrepenøren en skulle satse på, og det blei også utgitt en liten rettelse anngåande prislappen på prosjektet. 7,5 millionar var no oppe i 10 millionar. I januar 2006 gjekk Otterlei ut i avisa igjen, og slo fast at området måtte bli rydda til gravmaskinene skulle kome. Dei som ville kunne kome og hente seg ved.
-"Det viktigaste for oss no er å få vekk skogen. Kvist og smågreiner kan bli liggande att, det tek gravmaskina når ho kjem igang."
24.februar 2006 blei det klart; Entrepenør Gustav Frantzen signerte kontrakta om opparbeiinga av Bergsøy KGB. Jon Rune Våge og Tore Langevatn signerte på vegne av prosjektleiinga i Herøy kommune. Frantzen Maskinstasjon A/S hadde dermed signert oppdraget med masseflyttinga, utfyllinga og planeringa av området. Ei ny rettelse blei det også på prisen. 10 millionar kroner var no oppe i 11,2 millioner kroner. Anbudet til Frantzen Maskinstasjon A/S var overraskande nok på 2 millioner kroner under det konkurrentane tilbaud. Til saman skal entrepenørane flytte på omlag 35.000 kubikkmeter masse, og jobben deira skal ikkje være over før settinga har kome under 2 cm i uka (siginga ned i myra).
1.mars 2006 var ordførar Arnulf Goksøyr på plass i gravmaskina for å "grabbe første torva". Dermed hadde en endelig kome fysisk igang med gravinga til kunstgraset, etter lang tids planlegging og papirarbeid.
(Bildet: 1.mars 2006, dag 1 i gravingsarbeidet. Her gravemaskina står skal det bli ny parkeringsplass, mens mykje av steinen som blir sprengt bort skal førast ned i myra.)
20.mai iår var det anbodsopning for kunstgrasdekket, og sju selskap la inn anbod. Det endelige valget blir tatt i juni. Vidare blei det no bekrefta at størrelsen er planlagt å bli 68x115 meter, noko som vil gi tre sjulagsbaner i lengda. Sjølve bana seiast å kome på rundt 64x110 meter, noko som vil seie at det blir et lite område til overs til litt oppvarming etc om alt klaffar.
(Bildet: Oppe til venstre: juli 2005. Oppe til høgre: mars 2006. Nede til venstre: Mai 2006.)
Åpningsdagen for kunstgraset er beregna å være 5.september, og vi følger spent med på framgongen fram til då. På vår kunstgras-side legg vi fortsatt ut bilder og videoklipp i tide og utide som viser framgongen til kunstgrasarbeidet. Alle tidligare skriv, som denne oppsummeringa er laga av, finner du også på vår kunstgrasside.
(Bildet: Dette bildet er frå 19.mai.)