No har en endelig forsert den byråkratiske hinderløypa med arkeologiske kartleggingar og lignande.
-"Vi har fått in anbod frå to attraktive aktørar. Når fristen for tilbydarane går ut idag vil vi velje ein entrepenør som vi vil innleie vidare forhandlingar med.
Dermed ligg alt til rette for at vi skal kunne ha mulighet til å realisere prosjektet", seier ordførar Arnulf Goksøyr. Om prosessen vidare går etter planen har nemda tru på at den nye kunstgrasbana kan stå ferdig til neste haust.
Prosjektet har ei kostnadsramme på vel ti millioner kroner. Finansieringa er et felles løft mellom idrettsmiljøet sjølve, kommunen og ei rekkje private investorar. I tillegg ventar det spelemidler.
-"Vi har forventningar om at dei private investorane vil bidra til å sikre toppinvisteringa", seier ordføraren.