Siste nytt og nyttig
#
Det er litt sommarferie, men vi må prøve å halde koken likevel.

A-laget reiste på treningsleir laurdag, og antallet var på rundt 12 mann ved avreise. Med andre ord et skremande antall spelarar, spessielt med tanke på at enkelte av dei ikkje står oppført som Bergsøyspelarar. Blant anna er Frank Sverre Skorpen en av spelarane som er med, og han spelar som kjent for Spjelkavik. Slik kan det gå når spelarar melder fråfall heilt inn mot avreise..

Toni Sandanger har holde på lenge for å få igang årets treningsleir, men like stor entusiasme for turen klarte han ikkje å finne hos alle lagkameratane. Litt problem med buss blei det også underveis, og dermed reiser laget heim torsdagen og kjem tilbake på fredag. Ikkje berre blei det få spelarar med på tur, men turen blei dermed også kortare i antall dagar. Verst er det allikevel at det knapt er nok spelarar til å spele treningskamp..


(Bildet: Laurdag var det avreise med buss for A-gjengen kl 1600 frå Statoil.)

Litt banenytt.

Idag kleistra vi et bilde av kunstgrasarbeidet opp som hovedbilde. Bildet blei tatt laurdag, og framgongen er merkbar god frå veke til veke. Tenk - det blir bra gøy med ei fersk kunstgrasbane om 2 månadar. Og grasbana held seg også i flott form, og har sjeldan vore bedre.

Inne i Stranda har dei kome litt lengre enn oss her ute. Om du trykker her så kan du sjå ei bildeserie der en ser kunstgraset blir lagt ut på deira si bane. Noko som kan være verdt å legge merke til for oss også er denne beskjeden som Stranda si heimeside gav ut tidligare:

-"NB! Det er strengt forbode å GÅ ut på banedekket på Stranda Stadion! Entreprenørane er no ferdig med grunnarbeidet og kunstgrasfirmaet startar å rulle ut graset mandag. Om nokon går ut på grusdekket så vil toppdekket verte øydelagt! Ballar som vert sparka ut på frå minibana, må berre verte liggande! Ta hensyn i helga."

Om noko lignande kan gjelde for vår kunstgrasbane seinare så skal vi kome tilbake til det. Elles er Hareid ikkje så langt unna oss i bygginga av kunstgrasbana, men fortsatt heng dei lit etter. Laurdag hadde dei sin første dugnad med bana. Ifølge Hareid si heimeside så er det no oppryddinga av tre og buskar som er i gang, og som må være ferdig før gravmaskinene skal gjære sin del av jobben.

Dårlig publikumsoppmøte?

Einar Orten Trovåg er en engasjert skribent på Hareid si heimeside, og prøvar å finne ut kvifor det er så lite folk som møter opp på heimekampane i 3.divisjon.

"Når Hareid har heimekamp, dukkar det som regel opp 50, 60 sjeler. Når Hødd har heimekamp, tar truleg rundt 200 hareidsdølingar turen over Eidet. Kvifor er interessa for Hareid sine heimekampar så låg, og kva kan gjerast med det?"

Heile den reflekterande teksta, som også passar godt med tanke på Bergsøy sitt oppmøte på heimekampene, kan du lese om du følger denne linken.

Andre nyheter

Hovdebygda si heimeside har et godt poeng når dei skriv at alle som skal nedover til årets Norway Cup bør ta med seg sine gamle fotballsko også. Det blir samla opp sko også iår, slik det har blitt gjort dei siste to åra, og desse blir så sendt vidare til Gambia. Nede i Gambia er det sikkert nokon som blir glade om dei får seg nokre fotballsko.

Bergsøy sin kanskje argaste motstandar i årets 3.divisjon, tabellnabo Rollon, mistar nokre spelarar. Ifølge Rollon si heimeside blir spelarane Eivind Norstrand, Joakim Andersen og Ole Theodor Hovden uaktuelle etter sommarferien. Vi får berre håpe det går motsatt vei med Bergsøy, og at vi heller blir forsterka. Spjelkavik på si side har forsterka seg med ei ny anleggsgarasje.











1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat