Bergsøy rykker ned blir det sagt, men det er sjølvsagt ennå ikkje avgjort. Laurdag skal Bergsøy spele borte mot Rollon, og med siger der så er sjansane fortsatt til stades.
Det har no gått ei lita veke sidan ballbingen kom på plass ved sidan av Kulturhuset, og aktiviteten lot ikkje vente på seg.
Faktisk trudde vi ikkje det fantest så mange aktive ungdommar i Herøy! Området er stappa med spreke mennesker heilt til det blir mørkt, og det er til tider
vanskelig å finne seg parkeringsplassar for dei som skal trene på grasbana.
Dagens A-trening.
Kampen mot Rollon nærmar seg. A-laget har hatt kniven på strupen mange gongar den siste tid, men på laurdag er det virkelig berre siger som gjeld. Uavgjort betyr at reisa til 4.divisjon er spikra. Det blir nok lite av supportarar med til denne bortekampen ettersom "heile Herøy" skal samlast på Bergsøy Stadion for å få med seg kampen mellom Dufte og Tufte. A-laget rekk ikkje å få med seg festforestillinga, anna enn som vaktar seinare på kvelden under dansen på Herøy Kulturhus.
(Bildet: Dagens A-trening på grasbana)
Siste tids panoramabilder.
Det har blitt etterlyst bilder frå kunstgraset, og idag har vi lagt ut bilda vi har tatt av området i perioden 24.09 til 04.10.
Desse bilda ligg sjølvsagt inne på kunstgrasets-side, men for enkelhets skyld så kan du også trykke på miniatyrbilda under.
Når det gjeld kunstgraset så var dei siste rykta at resultata frå "siginga" gjekk over all forventning. Grunnarbeidet ser ut til å nærme seg slutten, og
sanden ligg klar i området for å bli lagt utover. Det nærmar seg, så vi får håpe også været held seg like bra frammover - slik at arbeidet kan gå knirkefritt.
Andre lokale nyheter.
* Om Bergsøy A-lag skulle være så galne at dei rykk ned til 4.divisjon, så kan det positive være den gode
statistikken som florerer på dette nivået. Om du trykker her så får du sjå
den grundige statistikken Norborg kan servere frå 4.divisjon. Om Bergsøy rykk ned på laurdag så er det berre å starte å studere for å
ha god kjennskap til neste års motstandarar. Ønsker du å vite korleis det går i fleire divisjonar så kan du trykke her.
* Bergsøy sitt B-lag er ferdige for sesongen, og sist laurdag var det avsluttningsfest for laget. Ikkje alle kampane er ferdige enda, men laget endar på endten 2. eller 3.plass på tabellen.
Ikkje verst plassering for et lag med spelarar som trulig ikkje har dei største opprykksønska. Bildet under viser trenarane til laget i godt humør etter en fin sesong, og vi kan opplyse om at bildet er manipulert.
(Bildet: B-trenarane fornøgde med årets sesong, men har det avogtil vanskelig med å skaffe nok folk. Spessielt til bortekampar.)
* Vi må igjen minne om at det nærmar seg KRIK CUP (og andre innandørscuppar). Fristen for påmeldinga av lag til KRIK er den 6.oktober, altså fredag.
* Hareid IL si heimeside har benytta sjansen til å skryte av Bergsoy.com. Grunnen til dette var at Hareid si heimeside har starta sitt eige historikkarbeid, og seier i den forbindelse at Bergsoy.com er forbildet. Vi takkar for det.
* Spjelkavik si heimeside ønsker å rette et fokus på god mat. Vi tenkte vi kunne hjelpe litt til, så da er det gjort og nemnt.
* Haustferie er ikkje fotballferie. Dette opplyser Sunnmøre Fotballkrets sine heimesider.
* Om Bergsøy mot alle odds (?) skulle klare å klatre forbi Rollon på tabellen, så kan det kanskje være en grunn til å bestille seg en tur ilag med bussen til Skarbøvik når dei skal spele kvalik-kamp. Les meir om det her.
Siste oppdateringar.
Det har vore dårlig med tilgang til data siste par dagane, noko som har resultert i lite med oppdatering. Det har blitt lagt inn nokre av dei gamle reportasjene inn på vår reportasje-side under diverse men elles har lite blitt gjort. Gjesteboka har kome tilbake i gammal kjent form, og det er et håp om at den kan bli brukt fornuftig.