Vi må stå sammen
#
Det er litt "juleferie" med oppdateringa, men litt må det vel presterast.

Det alle lurer på er kva som skjer med kunstgraset, og kven som blir A-trenar til neste år. Dagens oppdatering gir oss ikkje svaret, tvert imot.

Det bles kraftig for tida, og det er vindfullt også rundt Bergsøy. Diskusjonane kjem i gjesteboka, og det er ikkje gøy å sjå anonyme krasse innlegg. Enkelte skriv uten å vite fakta. Andre skriv berre for å provosere. Og det provoserar. Når det gjeld Kraftblokk-cuppen så er det igrunnen et strålande arrangement. Iår blei det desverre ikkje samme fullklaffen som tidligare. Det er (for) få arrangement som er laga for å samle folka i Herøy, men Kraftblokk-cup er et av dei. Vi håpar på å sjå meir publikum og aktivitet til neste gong.

Når det gjeld trenarspørsmålet så er det iallfall ikkje noko Bergsoy.com har inne av oppklarande informasjon. Ronny Osnes var ønska, han takka nei. Kenneth Moldskred (årets Hareid-trenar) var etter det vi veit også inne i bildet, men no har han takka ja til å trene en annan 4.divisjonsklubb - nemlig Herd. Vår blokk er dermed tom for eksterne kandidatar. Ettersom tida tikkar så må en kanskje regne med at det vil kunne bli en lokal trenar som kan hjelpe til med å ta et tak? Dette er sjølvsagt berre spekulasjonar, men dagens situasjon kan tyde på det. Men, fins det nokon som kunne tenke seg jobben?

Det blir fleire kjente fjes i neste års 4.divisjon, og tidligare Rollon og Valder-trenar Stig Johansen skal trene Ørskog neste år. Stig Johansen sin siste klubb Rollon er i likhet med Bergsøy fortsatt uten trenar. Rollon og Bergsøy har altså meir enn nedrykket til felles. Sjølv om Bergsøy er en klubb som har kunstgras i vente og forhåpentligvis vil kjempe om opprykk, så er det altså ikkje berre å velge og vrake i trenarkandidatar. Når det gjeld kunstgraset så har vi ikkje vore der sidan dei siste bilda vi tok. Forhåpentligvis kan det snart passe å ta seg en tur til området igjen, mens det er lyst ute. Været er passe grisette for tida..

Å være positive. Det blir nemnt, og det er viktig. Likefullt er det ikkje unormalt at spelarane og andre kanskje er utolmodige. Informasjonen om kva som faktisk skjer i Bergsøy er kanskje ikkje heilt på topp. På onsdagens spelarmøte etter treninga vil det heilt sikkert bli foretatt meiningsutvekslingar. Alle som har mulighet til å stille opp, bør stille opp. Når lite informasjon blir spredd så kan frustrasjon raskt kome. Derfor er gjesteboka også på plass, tiltross for at faren til misbruk no er til stades. Bruk gjesteboka rett, slik at Bergsøy kan dra nytte av det - istadenfor at den skal bli til irritasjon!

Husk Romjulsturneringa.

Påmeldingsfristen er 15.desember. Mail skal sendast til Terje Lima. Meir utfyllande informasjon om dette finner du i siste nyhet her på sida. Team 1981 skal no være påmeldt, og ønskar å prestere minst like godt som ifjor. 1981-gjengen som leser dette må berre kome seg igang med treninga. Hører du det Eivind? Sølve? Jan-Magne? :D






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat