Guide på Runde
Som oppvaksen på Goksøyra starta Ola tidlig å klatre i fuglefjellet, og visste etterkvart nøyaktig kvar alle dei forskjellige fugleartane hekka.
Dette var kunnskap han seinare skulle få god nytte av som aktiv guide på Runde gjennom 40 år. Fleire har vore turguidar på Runde gjennom tida, men Ola Goksøyr, Jakob Runde og Georg Runde var dei første i tralten.
Ola starta i midten av 1950 åra og fortsatte heilt til etter 1992 sesongen, der sesongen med hardkjøret var mai til ut august kanskje med 3-4 turar for dag.
-"Som vanlig ble vi møtt av Ola Goksøyr da vi kom i land fra ferja, med smilende ansikt, hvit lue og rød busserull tok han imot oss.."
(Fra reportasje i Tidens Krav 19.september 1981)
Fyrste tida rodde han turistane i ein færing og guida tross noko språkvanskar.
Etterkvart utvikla det seg, Ola lærte både engelsk og tysk samtidig som færingen blei til ei snekke.
Språk var sjølvsagt viktig å kunne, når nysgjerrige turistar ville spørre både om Akerendam, Rundeskattar og mynten fra Rundeskatten som Ola hadde hengande rundt halsen.
Ola var lommekjent i kvar ei krå av Rundabranden, og tok turistane med inn i den store grotta med snekka si til stor opplevelse for alle.
Ei terne prøvde seg en gang å hekke i livbøya ombord i båten til Ola Goksøyr, men ettersom båten var i dagleg bruk måtte egget fjernast.
(Bildet: Fra Tidens Krav 19.september 1981. Bildet viser Ola Goksøyr ombord i båten ilag med turister)
Fleire beskreiv dei guida turane som ein fantastisk opplevelse. Tusenvis av fuglestruper skalv i lufta, og svermar av fuglar dansa. Stemma til Ola Goksøyr som underveis forklarte alt det fantastiske var ei stemme som like mykje høyrtest heime i området som fuglane gjorde.
To av kjendissane han tok med på guida tur var Rune Bratseth og Jan Åge Fjørtoft, som begge tidligare hadde vore landslagskapteinar i fotball. Idet han starta turen slo Ola fast at : -"Her ombord er det eg som er kapteinen!" (Ref Per Moltu)
(Bildet: På 1960 tallet var Ola Goksøyr i Tyskland og studerte Tysk, noko som sjølvsagt var til god hjelp som turistguide.
Ola fekk då kontakt med Professor Fritz Steiniger som var direktør i eit museum i Hannover, og han gav i 1972 ut boka "Reise nach Runde".
På framsida av boka er det bilde av Ola Goksøyr.)
-"Møter man en brunbarket og værbitt kar - tettbygd og spenstig som en tyveåring, og kjapp i replikken - kan man være sikker på at det er fuglemannen Ola Goksøyr. Det er ingen overdrivelse at han lever og ånder for fuglene.
"
Fotball på Goksøyra
Rundt konfirmasjonsalderen starta gutane på Goksøyr å stable på plass eit fotballag, og Ola var kaptein på laget.
Fotballsentrum var denne tida skuleplassen ved Myklebust skule, og tidlig i leiken var det ein kamp idet eit samansett lag av spelarar frå Runde og Goksøyra spelte mot Fosnavåg. Ola Goksøyr fortel;
-"Eg var sjefen for Rundegjengen. Vi syntest vi hadde nådd eit slikt høgt fotballnivå på Runde at vi var modne for større oppgåver enn å spele mot kvarandre. Vi hadde høyrt at det skulle være et bra lag i Fosnavåg, og at sjefen deira var ein Peder Worren. Eg ringte han og avtala kamp. Vi møtte opp på skuleplassen med ei optimistisk innstilling og ei klar formeining om at vi skulle ta rotta på fosnavågarane. Men vi kom raskt ned på jorda. Runde/Goksøyra fekk seg en skikkelig baksmell. Vi tapte heile 2-12.
-"Tre mann! Som jeg personlig synes kommer svært høyt: Brødrene Kåre og Øystein Botn, sammen med Ola Goksøyr."
(Pit nemner dei han meinar var dei tre viktigste i BIL's første 32 år)
Ola forteller vidare:
-"No var vi kanskje ikkje så dårlige som resultatet kan tyde på. Frå Runde kom glimrande spelarar som tvillingbrørne Per og Inge Ervik, for ikkje å snakke om Hans Ottesen. Øystein Østensen Goksøyr var et stortalent. Eg trur vi hadde like godt mannskap som fosnavågarane, men på Runde brukte vi å spele på gras. Vi var såvisst ikkje et grusbane-lag. Skuleplassen ved Myklebust skule var så hard at teknikken vår ikkje kom til sin rett. Dessutan var ballen vi nytta så knallhard at vi fekk problem. Det var slik ein voldsom og merkelig sprett i han. Om Peder Worren & Co hadde pumpa ballen ekstra hard for at han skulle sprette slik han gjorde, eller gjordt anna lureri, veit eg ikkje. Men i ettertid har eg aldri sett en ball oppføre seg slik som denne. For oss unge rundeværingane så var dette et mysterium. Det var en slukøra gjeng som seinare på dag for ut Holmefjorden med kurs for heimleg farevatn."
Bergsøyspelaren Ola Goksøyr
Etter kampen mellom Goksøyr/Runde og Fosnavåg kom Peder Worren og ville prate med Ola Goksøyr.
-"Han sa at han hadde lagt merke til at eg hadde scora begge måla til Runde/Goksøyra. Peder meinte eg hadde potensial som fotballspelar, og at eg derfor kunne verte en bra mann for fotballaget i Fosnavåg, eller kanskje var det Bergsøy Idrettslag han hadde i tankane. Det vart iallfall oppretta kontakt imellom oss, og fra 1945 til 1965 var eg fast inventar på fotballaget til Bergsøy. Eg fekk spele både i dei grøne og dei raude og kvite draktene dei åra eg var med i klubben. Det var ei utrulig rik tid for meg. I Bergsøy Idrettslag vart eg frå fyrste dag godt motteken. For meg som budde ute i Goksøyra var det stort å kome inn i dette miljøet. Eg vart kjent med mykje folk og fekk mange gode vennar. Somme av dei er mine beste vennar den dag idag", fortel Ola Goksøyr.
(Bildet: Fra Bergsøy sin 25 års fest i 1969. Asmund Myklebust og Ola Goksøyr får sølvpokal for passerte 100 kampar. Gunnar Kjelstadli og Sverre Botn for 125 kampar og Sigmund Paulsen for 150 kampar.)
I Vestlandsnytt har det stått at Ola Goksøyr har spelt 275 kampar for Bergsøy, men dette får vi ikkje til å stemme. Frå den første kampen i 1952 og ut 1963 sesongen er det likevel ikkje mange kampane Ola står over. Opptellinga på denne tidlige Bergsøyperioden viser 137 kampar. Vi har ikkje statistikk for 1964, mens han ikkje er oppførd med nokon kampar i årsrapporten for 1965.
Ola hadde det ikkje alltid like lett å kome til kamp, og spessielt til bortekamp var det ofte travelt. Idet Bergsøy kom tilbake til Fosnavåg så var det fortsatt lenge til Ola kom seg heim, for da måtte han benytte snekka si for å komme seg vidare til Runde hamn. Så sykla han derifrå til Goksøyra. I dårlig vær var foreldra ofte bekymra heime mens dei venta.
-"Det mest benytta lag i denne perioden var Finn Voldnes, Nils V Pettersen, Leif Pettersen, Sigmund Paulsen, Jon Ertesvåg, Peder P Worren, Petter J Pettersen, Erik Løfoll, Knut Nilsen, Ola Goksøyr og Sverre Botn.
"
(Bergsøy sin første seriespel sesong i 1952)
Friidrettsmannen Ola Goksøyr
Ola var tidlig aktiv også som friidrettsutøvar, og var med i fleire konkurransar. På det første friidrettsstemnet som Bergsøy arrangerte i 1957, var Ola Goksøyr med som deltaker og sprang 1500 meter. Han vann foran Dagfinn Nupen fra Ørsta.
Og med åra blei det stadig fleire løp og premiar for sin deltakelse.
(Bildet: Resultat 5000 meter i 1955, Ola sprang på 17.07.06)
Ola sleit ut mange joggesko, noko premieskapet vitnar om. 10 kilometer annakvar dag var gjerne treninga.
18 gongar/år deltok han i løpet "Snipsørvatnet Rundt" på Hareid, og beste tida hans vi har notert var 52:26 minutt. Han var vidare med i Geiranger halvmaraton 5-6 ganger.
Imponerande var det da han blei klappa imål under løpet "Grimstadvatnet Rundt" for 50 gang på rad i desember 1997. Men han gav seg ikkje med det.
I 2000 passerte friidrettsentusiasten 60 gongar deltakelse på dette løpet, og totalt blei det omlag 80 gangar.
I klasse 75-79 år hadde Ola også lenge klasserekorden på halvmaraton i "Nordvest Maraton".
I 1982 kom Rundebrua, og Ola hadde eit veddemål at om der en gong skulle kome bru til Runde så skulle han gå til Fosnavåg og tilbake. Dette gjorde han, og gjennomførte dei 42 kilometerane i god stil. Dette blei opphavet til Rundemarsjen som lenge var populær turmarsj.
At Ola var ein stor idrettsmann, understrekes med at han også var også med i "Fakkelstafetten" til OL i Lillehammer i 1994. Fakkelen gikk landet rundt fra 27.november 1993 til 12.februar 1994, og på strekninga frå Ørsta til Ålesund var Ola Goksøyr ein av dei som sprang langs veiane med fakkelen.
Ola tok imot fakkelen etter at ferja kom til Eiksund med elden ein tirsdag formiddag, og han og John Langeland la i veg den første etappen mot Ulsteinvik.
-"Plasseringa i løpa er ikkje det viktige. Det viktige er gleden ved å delta"
(Ola Goksøyr var med i friidrettsmiljøet i Bergsøy fra ung alder)
Nokre resultat vi har funne fram:
5000 meter: 17.38.2 minutt (1957)
3000 meter: 9.55.6 minutt (1957)
10 000 meter: 47.17.5 minutt
Nordvestmaraton halvmaraton: 1.37.58 minutt (1992)
Siger KM terrengløp i 1992. (Aldersgruppa 65-69 år)
Geiranger halvmaraton: 2.53.25 minutt (Aldersgruppe 70-74 år i 1998).
Bergsøyløpet 5 KM: 33.45 minutt (Aldersgruppe 75-79 i 2003)
Avrunding
Etter at han pensjonerte seg som turguide var Ola fortsatt svært aktiv både med båt og som turistførar til fjells.
Om han ikkje guida, spelte fotball eller sprang maraton, så hadde han interesser i båt, fjell og foto.
Han viste fram egne gode bilder av Runde ved fleire tilstelningar. Stjernekikkert brukte han flittig. Han dro ilag med turkameraten Per Pareliussen på dei fleste fjelltoppar på Sunnmøre, og dei var begge i ei årrekke friidrettstrenarar i Bergsøy.
Faktisk var Ola lengre aktiv som friidrettsutøvar enn han var fotballspelar i Bergsøy IL.
Ola blei buande på Goksøyr heile livet. 6. april 2012 døde han, nær 87 år gammal.
Referanser
Artikler av Harald Thorseth og Per Moltu
Avisutklipp, avisartikler og anna Bergsøymateriale som t.d fra vårt eget Mathias-Arkiv.
Sogebok, kirkebok (Digitalarkivet)
Bøkene: Fakkelstafetten (1995), Runde: fugleøya på 62 grader N
Google
|