Bilde tatt av Harald Thorseth (Vi har kolorert bildet)
Petter blei fødd 6.oktober i 1923 på bnr 8 Fosnavåg Søndre. Han var son til "Knut-Petter" i Fosnavåg og mora Anna Fylling som opprinnelig stamma frå Steinsvik. Pit blei derfor omtala som halvt Bergsøying og halvt gursking i Vestlandsnytt i 1950.
Av Knut-Petter og Anna sine 6 barn var det fem som vaks opp. To av barna var gutar og fekk namna Petter og Leif. Begge blei i si tid sentrale for Bergsøy, ein på bana og den andre utanfor. Leif var ein rask og god forsvarsspelar, mens Petter ikkje hadde særlig fart. Kanskje ikkje idrettstalent i det heile.
Men han var der og støtta broren sin og dei andre som var aktive, og blei kanskje over tid det største symbolet for kva det innebar å være supporter.
"Fotballsporten er det største for meg. Det er faktisk den som gir livet meining. Sjølvsagt er eg Bergsøy-patriot. Her ute i det forblåste havgapet har eg fylgt laget sidan starten, og då er det klart at ein vert fylt med patriotisme.".
Harald Torseth skriv i "Fosnavåg før i tida", om det å vekse opp med Pit og garden hans i Skarabakken som nær nabo.
Idet fotballbana på Myklebust skule var okkupert av dalarampar eller andre rampar, så var det marka til Pit som var den gode fotballbana.
Pit-marka vart flittig brukt av gutane etter at høyet hadde kome i hus, og av den grunn hjalp kanskje gutane litt ekstra til med høyet også. Og Pit likte fotball godt, og kosa seg kanskje like mykje han idet han observerte leiken.
Ingen Huldalsbane uten Pit?
Men det var ikkje berre i Skarabakken at Pit hadde eigendom. På 1940 og 1950 tallet var det fleire som kjøpte skjøte av Petter K Pettersen for å bygge seg hus. Deriblant foreldre til eit framtidig radarpar på Bergsøy, Knut Teige og Fred Frantzen, som busatte seg like ved Huldalsbana.
Innad i Bergsøy hadde det våre mykje diskusjonar heilt ifrå starten om kvar ein skulle kjøpe tomt til bane. I juli 1945 ville styret i Bergsøy trekke seg på grunn av all uenighet om banespørsmålet, men blei overtalt til å fortsette ved at dei fekk fullmakt vidare til å gjere det dei ville. Det styret ville var å kjøpe tomt til idrettsbane i Huldalen, om ikkje Heid ville være med på eit samarbeid.
Det viste seg at Heid ikkje var intressert.
I juni 1947 fekk Bergsøy kjøpe tomt for å lage idrettsbana i Huldalen. Selgarar var Petter "Pit" Pettersen og Leif A Fosnavåg.
Prisen var for tilsammen 9840 kroner, der "Pit" sin tomt utgjorde 2000 kroner av denne summen. Tomta Pit solgte hadde ein takst på 8000, men avslaget på 6000 kroner av verdien blei av Pit gitt i gave til Bergsøy.
Det viste litt av idrettshjertet og samfunnsengasjementet Pit hadde.
Bergsøy hadde ikkje god økonomi, og var mest trulig heilt avhengig av ei slik gave (i tillegg til mykje dugnadsarbeid) for å i det heile kunne klare å realisere sine bane-planar.
Bergsøy ville gjerne også ha utvidingsmuligheter, og 10.desember 1948 signerte både Pit og Leif en vidare avtale om at Bergsøy hadde forskjøpsrett på ytterligare 800m2.
Når Pit seinare blei spurt om hvilke personer som hadde betydd mest for utviklinga av Bergsøy dei første 32 åra svarte han:
"Tre mann! Som jeg personlig synes kommer svært høyt: Brødrene Kåre og Øystein Botn, sammen med Ola Goksøyr."
Pit nemner dei han meinar var dei tre viktigste i BIL's første 32 år
Pit med i UK - Ansvar for uttak av lag til kamp
Og Pit solgte ikkje berre tomta og gav seg med det - han var med å bidra videre. Var det kamp i Huldalen var Pit der på formiddagen og merka bana med den grønne merkevogna.
Vogna var full av sagmask og med et hol i botnen som gjorde at sagmasken la seg fint ned på grusen. Om nokon starta å diskutere med Pit underveis i merkinga så blei han så engasjert at han kanskje måtte til å merke heilt på nytt.
(Ref "Fosnavåg Før i tida, Harald Torseth).
(Bildet: Pit i Huldalen. Det var ikkje nok med dommarreglane når Pit var på bana. Vi har blitt fortalt at boka han har med seg på dette bildet er Norges Lovverk. Pit prøvde seg også som dommar, men han var for lokalpatriot til å kunne klare å være nøytral.)
For var det noko Pit var, så var det engasjert. Og engasjementet smitta over på alle andre. Han jubla kanskje mest av alle, og i motsatt fall var han ikkje redd av å kritisere. Han bydde på seg sjølv.
Og engasjementet viste seg også tydelig når Pit var med i UK, som fram til omtrent 1970 var der mykje av makta låg rundt Bergsøy A-lag.
For mens trenaren leiia treningane, så var det dei tre medlemmane i UK som tok ut laget til kamp. Og det var denne lagoppstillinga som blei hengt opp på Lied-hjørnet til full spenning dagen før kamp.
"Petter prøvde aldri idrett. Han var ikkje idrettsmann. Han var for seige. Eg kunne springe rundt han monge gonge."
Leif Pettersen om sin storebror Petter
Eitt krav for å være med i UK var at en måtte observere på treningane, og minst en frå UK måtte være med på bortekampane.
Mang ein gong var det heftige diskusjonar innad i UK mens Pit var medlem.
Pit hadde sterke meiningar og satte ikkje skjul på dei viss han var uenig i lagguttaket. Ein gong seiast det at dei to andre UK-medlemmane gav seg for Pit sitt press på laguttak, men at dei likevel endra laget til sin fordel rett før dei hengte opp plakaten med lagoppstillinga på Lied hjørnet.
Når laget først var hengt opp var det ingen vei tilbake.
Her ifrå kan ej seie det ej vil!
Med stort engasjement kunne det avogtil bli litt småkrangling, og i Huldalen hende det i 1962 at han blei nedstemt i UK.
Pit var formann i UK, men denne gangen blei det ei anna lagoppstilling enn det Pit meinte var den beste. Idet bortelaget tok leiinga i Huldalen starta kranglinga mellom ein irritert Pit og fleire andre av gamlekarane på tribuna.
Til slutt blanda fleire seg inn og trua med å jage han til fjells om han ikkje roa seg ned. Pit tok saken i egne føter, og stakk oppover fjellsida opp til bytesteinen der han sjølv var grunneigar.
Der ropte han ut:
"Her e det ej som eige, og her e det ingji som kan jage mej, og her ifrå kan ej seie ka ej vil!"
Pit ifrå bytesteinen som markerte sin eigendom oppi sida på Huldalen
Pit du Pit - Det går skit
1962 sesongen gjekk heller dårlig for Bergsøy. 22 kampar endte i 16 tap og nedrykk. Etter et 9-0 tap mot Sykkylven sendte Johs Wike og Sverre Botn eit telegram ifrå Oslo til Pit.
På telegramet sto det : "Pit, du pit, det går skit. Tett igjen målet med hundtonit. Helsing Sverre, Johs." Pit tok dette med godt humør og gjekk til Vestlandsnytt og fekk telegrammet trykt i avisa.
I 1980 var også Pit misfornøgd med mykje rundt A-laget. Dårlige treningar, dårlige kampar og feil lagoppstillingar. Det var så mykje feil med laget at han nesten ikkje orka å sjå kampar.
Men ut i september kom Pit til kampen mot Ålesund med BIL-skjerf og hue i raudt og kvitt og erklærte at han hadde skifta meining. Han meinte då at alle hadde lytta til kritikken og hadde starta å spele bra fotball. Dermed var det full støtte til laget igjen.
(Bildet: Her er Pit etter at Bergsøy har slått Tornado 2-0 i 1980. Denne siste heimekampen var veldig viktig i jakta på opprykk, og sikra også publikumsrekorden på stadion som står den dag idag.)
Frispark 81
Det skulle vise seg at Pit gjorde rett i å kome på kamp og støtte laget, for i 1980 vart det full jubel og opprykk til 2.divisjon.
Og ei opprykksfeiring uten like. Oddbjørn Blindheim laga ein revy som samla fire fulle hus på Kulturhuset. Han var leiar, og hadde også laga alle tekstane så nær som ein av vitsane. Han sto også for dei musikalske øvingane. Harald Arnesen var med som dyktig skodespelar, mens Pit visste også å by på seg sjølv i full kostyme.
(Bildet: Fra Frispark 81, Pit heilt til høgre. Bilde av Per Moltu)
Petter K Pettersen, alias "Pit", døde i 1992, nær 69 år gammel. Hans innsats for klubben og det smittande engasjementet for Bergsøy blir ikkje gløymt.
"Bjørn Nilsen i mål. Backrekka Reidar Vikebakk, Martin Roald, Knut Igesund, Steinar Nedregård. Midtbane Kallen Johannessen, Jack Pettersen, Otto Sundgot. Spisser Arnfinn Espeseth, Fred Frantzen og Kjetil Hasund."
Pit sitt drømmelag i 1977
(Bildet: Avisutklipp av SA. Bilder trulig tatt av Harald Torseth.)