Tekst og bilder:
Sesongen 2006 frå A-Å
Vi tok en tilsvarande oppsummering etter sesongen ifjor, så vi får gjere det om til en tradisjon. Det er forskjellig som kan seiast om sesongen som har gått, og litt av det som kan seiast fins i denne oppsummeringa frå A til Å.
Alderen på A-laget gjekk ned i gjennomsnitt også dette året. En stor del av juniorspelarane har spelt A-kampar i 2006, og erstatta med det spelarar som var fleire år eldre enn seg.
Ballbingen ved sidan av Kulturhuset kan nemnast heilt kort. Bingen har blitt brukt flittigt etter at den kom på plass, og vi håpar å sjå at A-laget vil ha nytte av dette på lengre sikt.
Cirka 3 mål (2,68) baklengs pr kamp har Bergsøy sluppet inn i løpet av sesongen 2006. Ikkje en god statistikk å vise til, og laget klarte aldri å halde nullen bakover i nokon kamp.
Debutantar. Ikkje mindre enn 11 nye spelarar har fått debutert for A-laget denne sesongen, og dermed fått sine første obligatoriske minutt på det høgste nivået i klubben.
Elendig bortestatistikk. Nok en sesong har Bergsøy hatt store problem på utebane, og det endte med 9 tap, 1 uavgjort og 1 seier på fremmend gress.
Finalen. Det blei nok en spennande sistekamp i årets serie idet Hareid blei bonka med 7-2. Preben Hestad scora 4 mål og tangerte Gustav Pettersen sine 10 mål, men det blei likevel nedrykk tilslutt.
Gustav Pettersen. Spelaren som gjekk frå backplass tidlig i sesongen, men som endte opp som toppscårar ilag me Preben Hestad. Flott sesong for ungkalven.
Haukås. Bergsøy sin nye trenar kom rett frå juniorlaget og tok på seg ei stor utfordring.
Ingen læring av tidligare år. Både i 2003 og 2005 redda A-laget plassen i divisjonen den aller siste kampen. Med meir spelarflukt enn tilgong så var det ikkje vanskelig å spå at årets utvikling ville gå samme retninga. Denne gangen gikk det imidlertid ikkje Bergsøy sin vei den aller siste kampen.
Jonny Leikanger hadde tidlig i sesongen etpar sterke susarar frå lang distanse. Desse måla, samt nokre av Gustav Pettersen, vil nok stille sterkt i en eventuell årets scoring konkurranse.
Kampane denne sesongen skulle spelast på gras. Uansett forhold. Med kunstgraset på vei så var stemninga at grasbana kan kjørast i grus. Iår blei dermed dei siste kampane spelt på gras, i motsetning til alle tidligare år der siste kampane har gått i Huldalen.
Liten agressivitet. Treningane har vore varierande, og det har en også sett på kva som har blitt prestert under kamp. Intensiteten blei bedra litt meir på slutten av sesongen idet meir rutinerte kom inn på laget og gav klar beskjed.
Midtbanekrigarane. Kjetil Paulsen og Jonny Leikanger er ikkje så ulike, og begge par med bein har sprunge mange kilometer denne sesongen. Kjetil og Jonny har vore den mest brukte sentrale midtbana til Bergsøy i en 4-4-2 formasjon.
Någså tynt støtteapparat. Trenar Svein Haukås var altfor mange gangar for aleine på treningsfeltet med ansvar for alle spelarane. For lite eller for ujamn støtte har prega laget heile sesongen.
Orten Trovåg heiter karen som foran sesongstart tippa av Bergsøy skulle ende på sisteplass i årets serie. Dette tippet finner du under denne linken: Trykk her.
Påsketuren til Selje gjekk fint, og Bergsøy slo Selje med 4-2 i en bra kamp på kunstgraset. Dette var også i den beste perioda til A-laget i 2006, altså før seriekampane starta.
Qunstgraset har vore under planlegging og arbeid heile sesongen, og det blir artig og spennande neste år med ei heilt ny bane.
Rondspelt. Sjelden har Bergsøy møtt et så godt lag som Skarbøvik var på bortebane, og 6-0 til heimelaget i den kampen var fortjent. Seriemesteren hadde inne et anna tempo, og det lukta divisjonsforskjell...
Stabilitet i formasjonen. Bergsøy spelte en 4-4-2 formasjon heile sesongen, uansett kva mannskap som var tilgjengelig eller kva resultat og prestasjonar som har blitt prestert. 15 minutter mot SIF borte blei det dog forsøkt en 4-5-1 formasjon. Stabilisator-rolla, som Vegard Sævik hadde siste to kampane i sesongen, burde nok kome på plass før.
Trua. Laget hadde heile sesongen trua på at plassen i divisjonen kunne bli berga. Sjølv med 1 poeng på dei fem første kampane så var trua der heilt til den siste kampen.
Utmatta? Noko laget sleit voldsomt med denne sesongen var baklengsmåla heilt på tampen av kampane. Om kampane hadde vart i 80 minutter så hadde lage vore høgre oppe på tabellen.
Valder-forbannelsen. Den har pågått i etpar år, og den fortsatte også i 2006. Valder har et godt tak på Bergsøy, og dei 6 poenga laget tok frå Herøylaget var tilslutt også svært avgjærande.
Wingar. Denne sesongen har det vore mange flankespelarar, og alle midtbanespelarane har bytte på å prøve seg på flankane. Kjetil, Jonny, Daniel, Gustav, og begge Steffenane har alle starta på kanten i en eller fleire kampar. Og slik har det rotert.
Xtra svekka blei nok klubben foran sesongstart idet kapteinsemna Frank Sverre og Jarl Åge skifta beite. I tillegg har Per Ståle Nykrem spelt sterkt på Hareid, mens Curt Åge har scåra mange mål for Tjørvåg. Også saknet av Lars Conradi Andersen har nok vore vanskelig å svelgt.
Ytringsfrihet. A-laget har hatt fleire (krise-)møter iår enn på lenge, og spelarane har fleire gongar fått sagt sine meiningar om kva som kunne bli retta på. Ikkje mykje hjalp.
Zorro gav til dei fattige. Bergsøy gjorde ei tabbe tidlig allereie før kampane blei spelt iår, da det blei tatt ut ei A-tropp i vinter. Denne troppa trente aldri ilag, men alle fekk likevel "sponsorgave" på Diadorautstyr sjølv om fleire av spelarane underveis i sesongen ikkje har spelt på A-laget. Enkelte av dei som seinare skulle kome til å spele på A-laget fekk sjå mindre til denne gaven, som kan tolkes som en "takk for at du trente i vinter"-gave av Bergsøy.
Ævighetsmaskinene. Kjetil Paulsen og Steffen Moltu var dei to einaste spelarane som ifjor spelte alle kampane for Bergsøy. Gjett kven som var dei einaste som spelte alle kampene i 2006, jau: Kjetil Paulsen og Steffen Moltu.
Øvelse gjør mester, heiter det. Men Bergsøy kan ikkje bli mesterar så lenge heile laget ikkje trenar ilag. En stor del av laget har vore juniorspelarar, og desse har spelt så å seie alle juniorkampar sesongen gjennom. Fasit: Ribba mannskap på A-treningane, og en viss irritasjon over det en kan kalle skade-risiko - også siste uka foran den avgjerande kampen.
Årets comeback. Martin Molnberg kom seg inn på laget etter studier i Singapore, og spelte så bra siste halvdel av sesongen at han passerte alle andre Bergsøyspelarar på Sumpens spelarbørs tiltross for halvparten så mange kampar som resten av spelarane.


