Tekst og bilder:
Mot året 2005
Bergsøy har lagt bak seg en god sesong i 3.divisjon, med en sterk 3.plass. Foran seg på tabellen kom Skarbøvik og Valder, men SIF klarte ikkje å rykke opp til 2.divisjon i og med at Træff blei for sterke i kvalifiseringa. Samtidig klarte Volda ikkje å halde seg i 2.divisjon, og det betydde at Godøy måtte følge Hødd2 og Brattvåg ned til 4.divisjon.
(Bildet; Johnny Moltubakk kom til Bergsøy midtveis i 2003 sesongen og bidrog til å redde klubben frå nedrykk. Etter sesongslutt kom også Anders Vaagen til klubben for å forsterke laget ytterligare.)
(Bildet; Slik såg laget ut i januar 2004, og slike bilder viser ofte at det kan skje mange forandringar frå januar til april.)
I november trente Jan Rune Teigen (Volda) ei stund med Bergsøy, en stor og sterk midtstoppar som også hadde uttalt i avisene at han ville ha ei stilling som hjelpetrenar i en klubb. Seinare kom også Halvor Viken (ex Molde2) på treningane, og spelte blant anna på Bergsøy1 i romjulsturneringa, men ingen av desse blir å finne på Bergsøy i april 2005. Den første som derimot kom og signerte for Bergsøy var Steffen Moltu fra Gursken. Steffen held fortsatt junioralder, men imponerte frå første trening og vil nok bli å finne på midtstopparplassen på A-laget utover.
(Bildet; Desse seks pluss Steffen Moltu vil vi trulig få sjå mer av i Bergsøydrakta i sesongen 2005. Oppe fra venstre; Curt Åge Hauge, Preben Hestad, Tony Sandanger. Nede fra venstre; Dag Steinsvik, Daniel Hatløy og Alexander Tarberg.)
Bergsøy har hatt en lav gjennomsnittsalder dei siste åra, og slik vil det nok også bli dei neste åra. Dag Steinsvik, Daniel Hatløy og Alexander Tarberg har foreløbig ikkje fått like mange minutt til å vise seg fram som dei tre førstnemnde, men vil nok få sine sjansar fram mot seriestart. Dag Steinsvik plasserer seg som oftest på venstrebacken, Daniel Hatløy er en jagande spiss, mens Alexander Tarberg er en sentral midtbanespelar. I tillegg til desse så håpes det at Knut Petter Sævik og Anders Hoff vil kunne bidra mer i 2005 sesongen etter å ha vore uaktuelle med skade i 2004.
Vi er fortsatt i februar, og det finnes fortsatt endel spørsmålstegn. Mons Arne Kvalsvik og Rune Frantsen er kanskje dei to mest spennande spørsmålstegna no. Mons Arne hadde en sterk slutt på sesongen ifjor, og rydda stort opp i forsvaret. Problemet er at det er usikkert om når han er på sjø, og kor lenge han vil bli ute. Rune Frantsen spelte store delar, om ikkje heile, av sesongen ifjor med skade. Skadeproblemet hørest ikkje ut til å bli mindre, og no er det også ei mulighet for at også Rune vil prøve sjølivet frammover. Han vil da i tilfelle skrive seg på lista av sjøfolk som allereie omfattar Mons Arne Kvalsvik, Knut Peter Sævik, Roy Igesund og Børge Remøy.
Kort sagt kan vi seie at 26 spelarar spelte i 2004, og ca 10 av desse vil trulig være uaktuelle i 2005. 7 nye spelarar har hittil kome til klubben. Vi må heller ikkje gløyme juniorane som også var i klubben ifjor. Både guttelaget og juniorlaget har gjort det bra i vinterserien hittil, og spelarar som Frantz Frantzen, Gustav Pettersen og Kjetil Paulsen hadde alle A-kampar ifjor - og er klare til å kjempe om plass på laget også i 2005. I tillegg har Kjell Alfred Otterlei vore med på A-nivået tidligare, og vil forhåpentligvis snart bli kvitt skadene sine.
(Bildet; Frank Sverre Skorpen, Rune Frantsen og Jarl Åge Wågsholm har godt over 100 kampar kvar for Bergsøy, og Per Ståle Nykrem startar også å opparbeide seg et godt antall kampar. Alle desse vil nok bli viktige å få ha med vidare inn i 2005 sesongen. Til høgre på bildet er Anders Vaagen.)


