Bergsøy Fotball Heimeside



Tekst og bilder:
Om kåringa Topp100 2004
#



Fin plassering under årets Topp 100 kåring.


(Bildet; Handa på link-sida til www.fotballen.no som viser at vi er ei av dei 20 beste sidene i Norge!)

Møre og Romsdals beste heimeside! Den tolvte beste i Norge ifølge Fotballen.no! Av 498 sider i www.fotballen.no si opprinnelige liste. Vi hadde ikkje forventa et slikt resultat så raskt, men er glade for at innsatsen som har blitt lagt ned i sida er lagt merke til av dommarpanelet til den høgt respekterte sida www.fotballen.no

Dette var første gangen at heimesida har vore med på denne kåringa, og opprinnelig hadde vi håpa på en plass blant dei 60 beste. En titt på kandidatane underveis som dei kom opp i rangeringa viser imidlertid at målet kanskje var satt litt lavt. Bergsøy Fotball Heimeside er tross alt et omfattande verk. Med snart to år på nettet (1.oktober) har heimesida utvikla seg med stormskritt til den posisjonen den no har.

Kåringa var ei veldig positiv tilbakemelding frå tre dommarar. Vi passerte fleire eliteserieklubbar som har større budsjett, fleire medarbeidarar, og bedre grunnlag til å slå oss på alle punkt. Vi passerte også heimesider som i tidligare kåringar har vore heilt i toppen, og som blir regna for å være av dei aller beste. Det viktigaste likevel er å ikkje legge for stor vekt på kåringa. Det som betyr mest er om heimesida er såpass god at den gir informasjon til dei som bor i lokalområdet, eller dei som ønsker å følge med på kva som skjer med Bergsøy frå avstand. Kåringa er derfor kun ei god motivering til å fortsette med å utvikle heimesida slik at den skal bli bedre på alle punkt, og dermed satser vi på å være heilt i toppen også til neste år.

Men sjølv om vi kanskje ikkje legg så forferdelig i det, så er det en stolt dag for sida. Vi har tross alt slått eliteserieklubbar som Rosenborg, Ham Kam, Vålerenga, Sogndal, Lillestrøm, Molde, Tromsø, Odd Grenland og Lyn! Og ikkje minst like viktig; lokale klubbar som Hødd, Ålesund og Norborg.

Om heimesida

Mange heimesider har litt historikk, gjerne ei side der klubbens viktigaste begivenheter er skrevet. Vi har satsa hardare og sagt at vi ikkje er fornøgde før vi har kampreferat frå alle klubbens kampar som er mulige å få tak i, reportasjar frå dei fleste årstall og begivenheter, og lagbilder og så mange andre bilder som bare mulig. Vi ønsker ingen begrensing!

Etter to år har vi over 450 kampreferat med over 400 bilder, nesten 50 bildereportasjer med til sammen godt over 150 bilder. Vi har utviklet en spill & humor side, to multimediasider med ca 50 megabyte med egenproduserte videoklipp, banesider med bilder, historien til Bergsøy og meritter, nye utstyrssider & en treningsside som er i utvikling, stall og ex-stall er på plass og skal bli bedre, mens et nytt forum samt innloggingsfunksjon som gjer at oppdateringa kan skje raskare. Ikkje mange heimesider kan stille opp mot dette, og vi ser oss ikkje bakover.

Som webmaster for BFH har eg ei utviklingsliste som, om den blir følgt, vil styrke heimesida enda meir. Historikken er kun halvveis, vi skal få inn mange fleire kampreferat- og skal bli flinkare til å få opp kvaliteten på bilda. Nåværande kampreferat skal pussast opp, det skal inn mer tekst, dårlige bilder skal bli bedra og rettskrivinga må bedrast. Det skal også fåast mer oversiktlige sider for kvart år, der en også kan velge å lese ett og ett kampreferat om en ønsker det.

Vi skal fortsette med å lage gode reportasjer med gjerne fleire bilder. Ingen gidd å lese store sider med tekst, bilder er viktig. Fleire av sidene skal få meir innhold, andre sider skal forandrast totalt. Det aller beste var om vi fekk fleire journalister til å melde seg, da hadde innholdet og oppdateringa på heimesida utvikla seg vidare. Lagnyheter har et stort potensiale som i nåverande situasjon slit med lite oppdateringar, kun Børge Hansen er der vår trofaste medhjelpar og har gjort en god jobb. Elles er det en del andre mindre punkt som skal rettast på, toppmenyen skal forandrast litt – mens andre ting kanskje ikkje er så lett å gjennomføre. En søkefunksjon, som mange har spurt etter, er en av desse tinga. Det skal undersøkast og prøvast, og forhåpentlig går det tilslutt. Med all den informasjonen som ligg på sida, så hadde en søkefunksjon garantert hjelpt på.

VI ER NR 12! DETTE SKAL FEIRAST!