Tekst og bilder:
Romjulsturneringa 2005
#



Første dagen

I årets romjulsturnering ser vi enkelte trekk på at dette årlige cup-arrangemanget går litt bort ifrå å være en rein klubbcup, og tek meir trekk i retning av å være en grendacup. Med det beste frå begge deler kan en få både gode lag og god underholdning, og det kan virke som at en har klart å lykkast med dette iår. Viktige bidragsytarar som Gjerdsvika, Flø, Moltu, Gursken, Gursken/Larsnes (1 og 2) og Bergsøy sitt A-lag og Juniorlag er på plass iår for å føre vidare tradisjonen med cuppen. Tjørvåg meldte seg ikkje på iår.

Dei resterande laga er sjølvkomponerte lag av vennegjenger og årskull med god nok fotballbakgrunn til at laga held et bra nivå. Laget Paulsen/Frantzen har klart å samle sammen et godt lag utifrå spelarar som innehar ett av dei to nevnte etternavna. Sacre Blanc har spelarar som både spelar og har spelt på Bergsøy, som Lars Conradi Andersen, Frank Sverre Skorpen, Arild Kvalsund, Anders Hoff og Arve Kvalsvik. To årskull-lag er også å sjå i turneringa, både spelarar fødde i 1981 og 1983 har kvart sitt lag. I tillegg har det vist seg at Lokomotiv Oslo har holdt et høgt nivå.


Resultat dag 1


Bilde 1


Bilde 2


Bilde 3



Starten på turneringa kom litt seint igong ettersom det var en mangel på fotballar i lokalet, men laga i åpningskampen klarte å halde seg varme. Det blei en tett og hard kamp mellom Gjerdsvika og Bergsøy Junior (bilde 1) som gjekk i bølgedaler. Laga skifta på å gå opp i ledelsen til juniorane befann seg i en 4-3 ledelse. Gjerdsvika, men et bedre lag enn fjorårets, var berre sekundet ifrå å klare 4-4. Lden frå sluttsignalet ulte da ballen traff hodet, men var over da ballen gikk inn i målet.

At det skulle bli mange tette og jamne kampar viste seg vidare då Bergsøy B og Team Paulsen/Frantzen spelte 3-3 den påfølgande kampen. Deretter var to av favorittane i sving, da Gursken slo Sacre Blance med 4-2. Det tekniske gurskenlaget fekk litt drahjelp av to halvveis sjølvmål av Sacre Blance. Nok en uavgjortkamp følgte, da Larsnes/Gursken 1 og Moltu spelte 3-3. Det såg ei stund ut som at dagens første bombe skulle slå ned i hallen da Team 1981 hadde en 3-1 ledelse på Bergsøy sitt A-lag, men kondisjonen sprakk for fleire av både dei trente og utrente spelarane på Team 1981, og A-laget vann 5-3.


(Bildet; (Dream)Team 1981 vann mot Larsnes/Gursken 1 med siffera 2-0 den nest siste kampen under dag 1 av turneringa. Imponerande var det at det var Perry Nilsen (i midten) som holdt nullen imål med en rekke gode redningar. Perry danna i lag med Jørn Magnussen en trenarduo for Team 1981, på samme måte som dei var i mange år da denne gjengen spelte aldersbestemt fotball. Morten Reite, førstekeeperen, måtte rekke ei ferge - og kom ikkje med på bildet. )

Gruppe A kan nok med rette kallast "dødens gruppe", med gode 5 ganske gode lag. Gruppe B er kanskje den svakaste, med Bergsøy A-lag som ser ut til å spasere seg fint gjennom og til sluttspelet. Det gjer også Flø som vil ta den andre av dei to beste plassane gruppa, mens dei øvrige laga kan håpe på å bli et av dei to beste trearlaga som får lov til å gå til kvatfinale. Flø har vist godt og aggresivt spel i turneringa, og kan regnast som en outsider. I gruppe C er det jamnt og tett, og vanskelig å forutsjå kven som går vidare.


Bilde 4


Bilde 5



Team Paulsen/Frantzen tapte ikkje under dag 1 av turneringa, men spelte 2 uavgjorte. Flø står med tre sigar, alle med overbevisane siffer. Bergsøy A-lag vann også sine tre kampar, og desse to laga møtast til dyst om 1.plassen i gruppa. Først då vil en sjå kva nivå desse to laga klarer å kome seg opp på, og vinnaren her vil nok få et psykologisk overtak vidare.

Dag 2

Så var det klart for dag 2 av turneringa, og kvaliteten på spelet skulle skruast opp nok et hakk. Sjelden har vi sett så mange gode og tette kampar som i årets turnering. Gjerdsvika var ett av dei laga som tok seg opp, og som kom vidare frå si gruppe som et av dei beste trearlaga. Sacre Blance slo ut 83-all stars for å gå vidare i turneringa.


Gull-laget


Sølv-laget


Bronsjelaget


Mada Mada Dane


Kampbilde


Goalden Goal


3.plass gratulasjon


2.plass gratulasjon



Gjerdsvika slo Flø, Lokomotiv Oslo slo Juniorane, mens Sacre Blanc slo 83- all stars. Deretter kom en skikkelig thriller imellom laga Paulsen/Frantzen og Gursken. En jamn kamp som Paulsen/Frantzen raskt kunne vunnet. En gang brukte laget finspelet for mykje foran mål, og rota kanskje der og då vekk sigeren. Kampsugne Rune Frantsen og Kjetil Paulsen sprang og herja, Trond Paulsen fekk vise fram finspelet og målgivande, mens Frantz Frantzen også dunka inn mål. Likevel holdt det ikkje heilt inn, da Gursken tilslutt vann overbevisande 7-4.


(Bildet; Bergsøy A-lag var iår uten innfødde Fosnavågarar, men vi fekk sjå at Bergsøy har mange gode spelarar utanfrå. Vi fekk også vite at Bergsøy har fått forsterka stallen iår med Anvar Dulic (bildet) som før har spelt på Flø. Anvar har skreve under for Bergsøy. Han fekk vise seg fram som en god spelar, og en som kan bli viktig å få med seg vidare. )

I neste kamp slo Bergsøy A-lag Flø i den siste kampen i gruppespelet, kanskje den beste kampen A-laget spelte under turneringa. Deretter var det klart for den første kvartfinala, der Gursken slo Gjerdsvika med 2-1 i en jamn og tett kamp. Den påfølgande kvartfinala var det A-laget som slo ut Team Paulsen/Frantsen i nok en jamn kamp med mange mål og vekslande spel. Anvar Dulic bomma på ope mål kun få sekund før han fekk en identisk situasjon, og denne scåra han på. Flø blei utslått av Lokomotic Oslo i den tredje kvartfinalen, mens Sacre Blanc var det fjerde laget som gjekk til semifinalene.


Lokomotiv Oslo


Bom på åpe mål


Strafferedning


Gursken jubel



I den første semifinalen møttast A-laget og Gursken, og det blei turneringas største thrillerkamp. A-laget hadde ledelsen da minuttet gjennsto, men Gursken utligna rett før slutt i en målrik kamp. Dermed var det duka for goalden-goal, som Johnny Moltubakk avgjorde på et sololøp halveis ute i den 5 minutter lange ekstratida. Dermed gjekk Gursken til finale, mens A-laget måtte spele kvartfinale.

I den neste semifinala var det Lokomotiv Oslo og Sare Blanc som spelte mot kvarandre, og det var jamnt lenge også i denne kampen. Frank Sverre Skorpen hadde seg nokre fine mål, men det holdt ikkje i lengda for Sacre Blanc. Lokomotiv Oslo trakk det lengste strådet, og gjekk til finalen.


(Bildet; Gursken vann årets turnering fortjent, og gjorde det ved teknisk fin fotball. )

Sacre Blanc slo A-laget i bronsjefinalen med 6-4 om vi ikkje tar heilt feil. A-laget virka å ha litt motivasjonsproblem, men vi skal ikkje ta æren vekk ifrå Sacre Blance som gjorde en fin innsats i årets cup. I finalen var det Gursken som viste seg fram som det beste laget, dei hadde et ekstra tempo å gå på i forhold til sine motstandarar i Lokomotiv Oslo. Gursken tok ledelsen 1-0 tidlig, før det blei 2-0 og 2-1. Ei strafferedning av Frank Haraldsvik, som han sjølv forårsaka, gjorde at Lokomotiv Oslo fortsatt var inne i kampen. Derimot varte det ikkje lenge. Et raskt veggspel gjorde at Magnus Myklebust kunne sette spikeren i kista med si 3-1 scåring.

1.plass: Gursken.
2.plass: Lokomotiv Oslo.
3.plass: Sacre Blanc.
4.plass: A-laget (Bergsøy).


(Bildet; En utrulig prestasjon. En og samme dommer dømte i alle kampane begge dager. )

Ei flott turnering med høgt nivå, bra oppmøte med publikum, og god stemning. Vel møtt også neste år!




1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat