Bergsøy - Ørsta 3-2 (1-0)
1-0 Enrique Crespo Søvik (25), 2-0 Enrique Crespo Søvik (51), 2-1 Andreas Schjetne (72), 3-1 Enrique Crespo Søvik (80), 3-2 Mats Øvrebotten (88)
26.05.2023, Havila Stadion
Fredrik Muren, Junior Tombini (bergsøy)
Andreas Tangen (SIF/Hessa)
Martin Solheim
Mats Øvrebotten (90)
Denne uka spelar Bergsøy heimekamp mot Ørsta på fredag kl 18:30.
Desse laga har møtt kvarandre 72 gangar før i seriesamanheng, og Ørsta er dermed den klubben Bergsøy har møtt aller flest ganger.
På heimebane: 13-10-13 Målforskjell 67-73
På bortebane: 8-6-22 Målforskjell 43-83
Totalt: 21-16-35 Målforskjell 110-156
Som statistikken viser har Ørsta eit historisk tak på Bergsøy både på heimebane og bortebane, men Bergsøy har faktisk berre eitt tap heime mot Ørsta på siste 10 oppgjøra (4 sigerar-5 uavgjort-1 tap).
Dei fem heimekampane mot Ørsta før den tid viser 4 tap og en uavgjort, og dette viser at Ørsta ofte har vore ein vanskelig motstander. Verst gikk det i 1992 da Frode Tømmerbakk scora seks mål på Bergsøy Stadion, og Ørsta vann 8-0. Men mange vil også ha gode minner fra oppgjøra mot Ørsta: Klubbane møttest kvart år mellom 1970 til 1980 og Bergsøy opplevde mange jamne og gode heimesigrar i denne perioda. Fred Frantzen scora mål i mange av desse kampane, deriblant fire mål i 1974 der Bergsøy vann 5-0, som også er den største sigeren Bergsøy har hatt mot Ørsta.
Ifjor blei det 2-0 etter mål av Pijus Marcinkevicius og Nils Erik Engen. Det er lov å håpe på samme resultat denne gangen, men Ørsta er i form og suveren på toppen av tabellen med 6 strake sigerar.
Noko spesielt med Ørsta hittil i sesongen er at det er fleire spelarar som har stått fram og scåra mange mål. Lasse Rebbestad (hattrick mot blindheim), Knut Erik Myklebust (hattrick mot Norborg/Brattvåg2) er to av målscorarane ein må passe seg for, mens spiss Evan Aambø med drakt nummer 11 scorar jamnt og trutt omtrent heile veien.
Så her må Bergsøy være skjerpa.
Statistikk og historikk etter kampen
Bergsøy slo tabelltopp Ørsta med 3-2.
Igjen er det Enrique Crespo Søvik som stjeler overskriftene. Han har spelt 5 seriekampar i årets sesong og:
- Har scora mål i fem kampar på rad
- Har scora 3 hattrick på fem kampar
- Står med 11 mål på fem seriekampar denne sesongen.
- 16 mål på 13 kampar for Bergsøy (Derav 4 hattrick totalt)
Når vi snakker Bergsøymål pr Bergsøykampar så har Enrique no ein solid snitt (1,23 mål pr kamp), men når det gjelder rekorder så må vi halde tunga litt beint i munnen:
* 3 hattrickar på 5 påfølgande kampar har faktisk skjedd før. Fred Frantzen presterte det samme i 1974 sesongen, den gang etter 3 mål mot Ellingsøy, 3 mot Langevåg og 4 mot Ørsta.
* Sist nokon scora 5 kampar på rad for Bergsøy var i 2018, den gang Franjo Tepuric med 8 mål på 5 kampar.
* Sist nokon scora 3 hattrickar (eller meir) i ein sesong var Frank Sverre Skorpen i 2009. Frank scora 27 mål den sesongen, og scora 3 hattrickar på 7 kampar, totalt 4 hattrickar den sesongen.
* Enrique har også nokre kampar opp til Frank Sverre Skorpen si målrekke i 2007-sesongen. Frank scora 7 kampar på rad den sesongen, totalt 11 mål på dei 7 kampane.
* Jarl Åge Vågsholm scora i seks kampar på rad i 1995-sesongen.
* 11 mål (av enrique) på ein sesong hadde vore nok til å ha vore toppscorar i fleire av Bergsøysesongane opp gjennom historia. Men det er fortsatt mange mål igjen for å kome høgt på målscorerlista pr sesong. I 2022 scora Pijus 14 seriemål + 4 cupmål. Rekorden er Franjo Tepuric sine 29 mål i 2018, (24 seriemål + 5 cupmål)
Div fakta:
Etter 6 seriekampar har Bergsøy vunnet 4 kampar etter å ha scora 3 mål, og tapt to kampar etter å ha sluppet inn 3 mål.
Fredrik Muren jaktar gule-kort rekord og er oppe i 41 gule kort hittil i vår telling etter at han fekk årets andre gule kort mot Ørsta. Frank Sverre toppar gule-kort tabellen med 50 gule kort totalt.
Junior Tombini fekk sesongens tredje gule kort mot Ørsta. (2 i serien og 1 i cup).
Totale kampar:
Fredrik Muren 227
Daniel Kvalsvik 182
Kjetil Paulsen 143
Daniel Sandvik 140
Roald Runde 64
Sondre Nygård Olsen 61
Trym Rekkedal 58
Kristoffer Dalstrøm 42
Magnus Myklebust 41
Markus Ihle 41
Bendik Frøysa 39
Nils Erik Engen 38
Pedro Moreno 31
Enrique Crespo Søvik 13
Om kampen
Kampens første mål kom etter 25 minutt der Bergsøy kontrar med fem mann. Den første avsluttninga lykkast ikkje, men Glenn Are Elveseter holdt på ballen før han sende den til spissen Enrique som sette den til side for målvakta Thomas Hansen i ørstaburet.
2-0 etter pausen var ei skikkelig målscorer-scoring der Enrique kom seg laus og satte ballen sikkert i mål. Bergsøy spelte no solid fotball og hadde grei kontroll på kampen, men så kom ei redusering ut av ingenting som skapte litt meir frykt i heimelaget.
Heldigvis var det klart for ny Enriquescoring kort tid etter som følge av at Ørsta misslykkast med ei klarering. Dette var Crespo si ellevte scoring for sesongen.
Ørsta skulle redusere til 3-2 men kom ikkje nærmare, og på overtid blei også Øvrebotten utvist.
-"Ein skikkeleg lagsiger. Eg vart nesten rørt av laginnsatsen. Alle mann, frå bakarste og heilt fram til meg gjorde ein kjempejobb. For ikkje å snakke om den enorme støtta frå tribunen.
Eg var nervøs i sluttminutta. Vi har leia mange kampar, men så har vi tapt på slutten. Men i dag klarte vi det. Det gjer meg stolt
"
Vedlegg til kampen
KAMPREFERAT