Handball herrer – kampreferat
1982-01-09 • 1981/82 • serie • Runde 9
Kamp-ID 512
Bergsøy
Åndalsnes
23–28
⚽ Målscorarar
Kampinformasjon
• Dette var 8. tapet i sesongen.
• Dette er 1. kampen mot Åndalsnes.
Statistikk mot Åndalsnes til og med denne kampen: 0 sigrar, 0 uavgjort, 1 tap, 23–28.
Sesong totalt (til og med denne kampen): 1–0–8 (S-U-T), 170–224.
📝 Kampreferat
H 4: BIL – Åndalsnes 23–28

Også herrelaget til Bergsøy måtte kapitulere for romsdalingar. Ein målrik kamp, der Bergsøy, som i damekampen, heldt bra fylgje i første omgang. 14–13 til Åndalsnes var stillinga ved halvtid. Eittmålsleiinga var auka til 5 då fløyta gjekk for full tid. Sluttresultatet: 28–23. Torstein Dahl noterte seg for 6 mål, og vart med det toppscorar på det tapande laget.

Fire mann scora 3 mål: Ove Vinge, Nils Djupvik, Per Frøystad og Rolf Harsvik. Dag Harald Igesund og A. Espeset 2 mål kvar. Åndalsnes hadde sin mest sentrale spelar i Torkild Åndal. Han scora 8 mål.
Info