Handball herrer – kampreferat
1979-10-14 • 1979/80 • serie • Runde 2
Kamp-ID 532
Bergsøy
IVL
12–24
⚽ Målscorarar
Kampinformasjon
• Dette var 1. tapet i sesongen.
• Dette er 2. kampen mot IVL.
Statistikk mot IVL til og med denne kampen: 0 sigrar, 0 uavgjort, 2 tap, 23–42.
Sesong totalt (til og med denne kampen): 1–0–1 (S-U-T), 35–42.
📝 Kampreferat
Bergsøyherrane spela i helga sin andre seriekamp for året. I første kampen vart det ein fin siger over Rollon B, men IVL (Idrettslaget Volda lærarskole) viste seg søndag å vere for sterke for det enno noko ferske Bergsøylaget. BIL mangla og 3 av sine faste spelarar i denne kampen.

Pauseresultatet var etter måten jamnt, med ei knepen 10-8 leiing til IVL. Men i andre omgang scora Bergsøy berre fire gongar, medan IVL fekk inn heile 14 fulltreffarar. Dermed vart sluttresultatet så klart som 24-12.

Bergsøy sine mål vart innsett av Nils Djupvik 4, Per Frøystad 4, Dag Harald Igesund 2, Bjarne Pettersen 1 og Ove Vinge 1. Det var noko tamt og interesselaust over heile Bergsøylaget denne gongen.

Bergsøy må skjerpe seg om det skal bli poeng mot Brattvåg komande helg. Den kampen er med i opningsseremonien av den nye idrettshallen, og berre det skulle vere ein inspirasjon.
📷 Relaterte bilde
Info
Turnering
serie
Runde
2
Tilskodarar
Lagoppstilling