Kampreferat
1987-05-11 • Serie – runde 3 • Kampnr 590
Bergsøy
Brattvåg
5-2
9'
0-1 Trond Austnes (9)
1-1 Tonny Pettersen (15)
15'
2-1 Jack Pettersen (50)
50'
55'
2-2 Kjell Petter Hoel (55)
3-2 Jack Pettersen (83)
83'
4-2 Trond Paulsen (85)
85'
5-2 Kjartan Paulsen (88)
88'
Referat
Bergsøy hadde ein god sluttspurt i kampen mot Brattvåg ettersom det sto 2-2 fem minutter før full tid. Dei fleste hadde nok starta å forberede seg på straffesparkkonkurranse, det hadde iallfall Bergsøytrenar Harald Møller. Men det blei ein forrykande slutt med tre scoringar som kom som hagl i det sure maiveret.

Det var to brødrepar som sto i fokus, der Bergsøyveteranen Jack Pettersen (36) sto for to av måla. Han står no med tre mål på to heimekampar, og det har vore praktfulle mål. Viktige mål var det også, ettersom Jack sine mål sendte Bergsøy i føringa både til 2-1 og 3-2.

Det første målet i kampen kom etter 9 minutt, og det var bortelaget som sto for. Trond Austnes satte inn ballen fra kort hald. Med kvarteret spelt utlikna Tony Pettersen etter møljespel i feltet. Stillinga sto 1-1 til pause.

Brødretrioen Trond Paulsen, Kjartan Paulsen og Nils Roger Paulsen var også svært delaktige i sigeren. Trond og Kjartan scora kvar sin gang i sluttminutta. Nils Roger scora ikkje, men var nærme to gongar tidlig i 2.omgang.

Det var altså i siste delen av 2.omgang at det starta å bli mest morro i kampen. Fram til då hadde det vore mykje tilfeldig spel på midtbana. I ei sterk Brattvågperiode ordna Jack Pettersen 2-1 etter eit glimrande angrep som Torbjørn Leikanger starta. Jack satte ballen i mål via pannebrasken. Berre etpar minutt seinare utlikna stortalentet fra Brattvåg, gutelandslagsspelar Kjell Petter Hoel.

Så kom dei siste 6-7 speleminutta før full tid der Bergsøy satte igang ein storoffansiv som blei reine marerittet for Brattvågkeeperen. Jack Pettersen sto for ein ny glimrande prestasjon da han forserte frammover og skaut knallhardt i hjørnet til 3-2. Han var også delaktig i den neste scoringa. Sweeper Trond Paulsen blei satt fram dei siste minutta og feila ikkje da Jack slo ein ball inn fra sida. Punktummet for dagen var det Kjartan Paulsen som dundra til frå 25 meter via ein Brattvågspelar og i vinkelen.

Bergsøys bestemann var Trond Paulsen nok ein gang. Han trivast som sweeper og dominerte. God var også veteran Jack Pettersen. Hos Brattvåg var Kjell Petter Hoel god.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
7
41,2%
Uavgjort
5
29,4%
Tap
5
29,4%
Mål
44–36
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 17. kampen mot Brattvåg.
  • 📈
    2. sigeren denne sesongen.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Sigmund Paulsen (7 mål)
    Brattvåg: Hans Inge Flem (2 mål).
  • 🏅
    Banens beste: Trond Paulsen.
Form siste 5 totalt
3–1
S
Vartdal
1986-09-20
1–1
U
Spjelkavik
1986-09-27
2–1
S
Ørsta
1987-04-24
0–1
T
Valder
1987-05-01
5–2
S
Brattvåg
1987-05-11
Form siste 5 vs Brattvåg
3–2
S
Brattvåg
1985-05-03
1–6
T
Brattvåg
1985-08-03
1–2
T
Brattvåg
1986-05-02
0–2
T
Brattvåg
1986-08-02
5–2
S
Brattvåg
1987-05-11
Laget
Registrerte spelarar. Start: 4 · Innbyttarar: 0
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
4.0
1 stemmer
📍
Bergsøy Stadion
👨‍⚖️
Ståle Eikrem
👥
🔗
Banens beste
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar