Kampreferat
1987-05-22 • Serie – runde 5 • Kampnr 592
Vartdal
Bergsøy
2-1
1-0 Elling Woldsund (63)
63'
65'
1-1 Jack Pettersen (65)
2-1 Elling Woldsund (86)
86'
Referat
På tre bortekampar har Bergsøy no tapt tre gongar med minst mulig margin, og har fallt nedover på tabellen. Denne uka er det også to nye tøffe kampar som ventar for Bergsøy, nemlig Volda heime og Blindheim borte.

Kampen mot Vartdal burde Bergsøy ikkje tapt på bakgrunn av spel og sjansar. Særlig første halvtimen dominerte Bergsøy, og både Kjartan Paulsen, Frode Wilhelmsen og Nils Roger Paulsen kom aleine med keeper uten å score. Sjansane kom ofte på lange presise framspel av sweeper Trond Paulsen. Mot slutten av omgangne var Vartdal nærme scoring uten å lykkast.

Det tok 65 minutt av kampen førs det første målet kom, og det var heimelaget som gikk opp i ledelsen. Erling Woldsund sende eit frisparkinnlegg vidare inn i vinkelen til 1-0. Bergsøy meinte at scoringa burde vore annulert for offside. To minutter seinare var det klart for utlikning, og det var Jack Pettersen som berre hadde vore på bana nokre minutt da han dukka opp på bakerste stolpe og styrte ballen i mål.

Kampen såg ut til å gå mot straffespark, men tre minutt på overtid kom avgjerdsla. Elling Woldsund blei på nytt spelt fri, og løfta ballen inn i mål i motsatt hjørne. Det patriotiske heimepublikummet var i stor glede. På overtid hadde Trond Paulsen muligheten til å utlikne, men keeper Barstad fekk to fingrar på den smarte lobben.

Bergsøy burde ha scora på fleire av sine sjansar denne kampen, men en blir ofte straffa om en sløsar bort for mange sjansar. Best på Bergsøy var nok eingong Trond Paulsen, og broren Kjartan Paulsen var også god etter pausen. Det vart elles for tynt frammover, og også spissane ser ut til å være i ei blindgate. Frode Wilhelmsen måtte gå ut med skade midtvegs i den andre omgangen.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
7
77,8%
Uavgjort
0
0%
Tap
2
22,2%
Mål
39–11
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 9. kampen mot Vartdal.
  • 📈
    3. tapet denne sesongen.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Knut Nilsen (2 mål)
    Vartdal: Elling Woldsund (2 mål).
  • 🏅
    Banens beste: Trond Paulsen.
Form siste 5 totalt
2–1
S
Ørsta
1987-04-24
0–1
T
Valder
1987-05-01
5–2
S
Brattvåg
1987-05-11
1–2
T
Mauseidvåg
1987-05-15
1–2
T
Vartdal
1987-05-22
Form siste 5 vs Vartdal
7–3
S
Vartdal
1954-09-12
5–1
S
Vartdal
1955-05-29
1–2
T
Vartdal
1986-06-20
3–1
S
Vartdal
1986-09-20
1–2
T
Vartdal
1987-05-22
Laget
Registrerte spelarar. Start: 5 · Innbyttarar: 0
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
0 stemmer
👨‍⚖️
Roald Kjønstad
👥
🔗
Banens beste
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar
Vartdal – lagoppstilling
Torstein Woldsund, Elling Woldsund