Kampreferat
Stranda

Bergsøy
6-0
1-0 Geir Koppang (9)
⚽
9'
2-0 Leidulf Årvik (14)
⚽
14'
3-0 Karl Magnus Hjelle (38)
⚽
38'
4-0 Torgeir Aaland (70)
⚽
70'
5-0 Lars Tore Opshaug (83)
⚽
83'
6-0 Lars Tore Opshaug (85)
⚽
85'
🟨
Kurt Ove Longva
🟨
Tom Beddari
Referat
Stranda fekk det meste til å stemme i denne kampen, og i fleire periodar vart Bergsøy spela heilt rundt. Allereie etter ni minutt kom den første scoringa då Geir Koppang slo eit hardt innlegg direkte mot mål, like under tverrliggaren. Fem minutt seinare spurta Leidulf Årvik frå Kurt Berge og sette ballen sikkert i mål åleine med keeper.
Tempoet gjekk litt ned utover i omgangen, men Stranda heldt fram som det klart mest aggressive laget. Like før pause kom også 3–0 då Kalle Hjelle skrudde eit frispark rett i mål frå om lag 20 meter.
Bergsøy, som ikkje skapte ein einaste målsjanse før pause, fekk litt meir tak i spelet etter sidebyte. Innbyttar Henning Solem bidrog til å få litt meir fart i angrepa, men etter kvart tok heimelaget tilbake full kontroll og la på tre nye scoringar.
4–0 kom då Torgeir Aaland sette ballen i mål etter eit nytt innlegg frå Kalle Hjelle. 5–0 vart eit flott mål av Lasse Opshaug, som også scora 6–0 då han heada inn etter ein corner. Robert Løken var òg nær ved å få seg ein scoring, men målet hans vart annullert etter ein diskutert situasjon.
For Stranda var Janne Løken og Kalle Hjelle blant dei aller beste på bana. For Bergsøy var Gullik Kjellstadli den som utmerka seg mest, og han måtte rydde opp i fleire vanskelege situasjonar i ein elles tøff kamp.

Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
12
52,2%
Uavgjort
5
21,7%
Tap
6
26,1%
Mål
42–26
scoret–sluppe inn
Informasjon
-
Dette er 23. kampen mot Stranda.
-
1. tapet denne sesongen.
-
Mestscorande i desse oppgjera:
Bergsøy: Asbjørn Myklebust (11 mål)
Stranda: Leidulf Årvik (4 mål). -
Banens beste: Gullik Kjellstadli.
Form siste 5 totalt
1–1
U
Skarbøvik
1989-04-28
1–1
U
Ellingsøy
1989-05-06
3–1
S
Spjelkavik
1989-05-10
1–1
U
Blindheim
1989-05-12
0–6
T
Stranda
1989-05-16
Form siste 5 vs Stranda
1–0
S
Stranda
1987-06-12
3–2
S
Stranda
1987-09-04
2–2
U
Stranda
1988-06-03
0–1
T
Stranda
1988-09-02
0–6
T
Stranda
1989-05-16
Laget
Registrerte spelarar. Start: 1
· Innbyttarar: 0
Info
Banens beste
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar
—