Kampreferat
2022-09-20 • Serie – runde 17 • Kampnr 1408
Bergsøy
Emblem
6-2
1-0 Sondre Nygård Olsen (9) Heading
9'
13'
1-1 Henrik Larsen (13)
2-1 Pijus Marcinkevicius (14)
14'
3-1 Daniel Jøsok Kvalsvik (33)
33'
4-1 Fredrik Muren (38)
38'
5-1 Daniel Jøsok Kvalsvik (42)
42'
54'
5-2 Sander Tørlen (54)
6-2 Bendik Frøysa (72)
72'
Referat
Forhåndsomtale
Bergsøy møter Emblem to ganger (tirsdag heime og fredag borte) denne uka. Tirsdag jaktar Bergsøy å tangere rekorden frå 1957/58 med 9 seriesigerar på rad. Med 7-0 siger i sist heimekamp, samt at Bergsøy har 7 sigerar på rad mot Emblem før tirsdagen, gjer at vi tenker Bergsøy burde ha sjølvtilliten i orden. Då har vi ennå ikkje nemnt at Emblem ligg sist på tabellen med 0-0-8 i kampar og målforskjellen 7-33 på bortebane. Emblem er laget som har scora minst og sluppet inn mest på bortebane hittil denne sesongen.

På 13 kampar mot Emblem sidan 1952/53 sesongen har Bergsøy berre tapt ein gong. Det har blitt 11 sigerar og 1 uavgjort. Men, det har sjeldant blitt knusande siffer i kampane, dei siste åra har resultatet enda 2-1 eller 2-0 i fem av dei sju siste oppgjera.

Bergsøy møtte Emblem for første gang i sesongen 1952/53, det blei siger 1-3 borte og 4-0 heime. Desverre klarer vi ikkje å finne ut kven som scora måla den gang. På heimebane veit vi at to av måla blei scora på headdingar, og at Petter Sperre hadde mange fine ballar å arbeide med. Desverre er ikkje dette nok informasjon til at vi kan kreditere mål til han.

Den første kampen vi har bekrefta målscorarar mot Emblem er i sesongen 1963, då Bergsøy vann 6-3 på heimebane etter hattrick av Per Eide samt mål av Sigmund Paulsen og Harald Arnesen. Dette er den mest målrike kampen mellom Bergsøy og Emblem gjennom tidene. I bortekampen samme sesong kom også Emblem sin einaste siger mot Bergsøy, 4-1 til heimelaget Emblem etter mål av Harald Reiten (2) og Fredrik Emblem (2). Per Eide sine 3 mål i ein kamp mot Emblem er imidlertid ikkje rekord. Franjo Tepuric scora også 3 mål mot Emblem i ein 3-0 siger i 2020, mens Sverre Botn tok det eit steg vidare da han scora 4 mål mot Emblem på bortebane i juni 1964 i ein 1-5 siger.

Franjo scora fleire mål mot Emblem også i kampar både i 2018 og 2019, mens Pijus presterte å bli matchvinnar i to av dei fire kampane dei to sesongane. Pijus har som kjent også hatt ein kanonsesong hittil, med imponerande 13 mål på 13 kampar.

Kampen
Bergsøy avgjorde kampen mot Emblem allereie før pause og tok ein komfortabel 6–2-siger. Heimelaget tok leiinga tidleg etter berre ni minutt, og sjølv om Emblem utlikna etter ein feil bakover i bana, svara Bergsøy raskt og gjekk opp i leiing igjen.

Deretter tok Bergsøy meir og meir kontroll. Etter ein jamn første halvdel av omgangen, drog dei ifrå mot slutten og gjekk til pause med ei solid 5–1-leiing. Emblem hang med lenge, men Bergsøy var klart meir effektive og straffa feil.

Andre omgang vart rolegare og meir kontrollert frå Bergsøy si side. Dei reduserte tempoet, men heldt fram med å skape sjansar. På stillinga 6–2 fekk Bendik Frøysa æra av å setje inn det siste målet etter fint forarbeid.

Trenar Lars-Petter Rønnestad var nøgd med sigeren, men peika på at spelet ikkje var perfekt, særleg i starten av kampen. Likevel var han tydeleg på at ein 7–0-siger (referert til i vurderinga) eller ein komfortabel siger er fullt akseptabelt når laget kontrollerer så godt.

Sigeren betyr at Bergsøy held fram den sterke forma og no står med ni strake sigrar. Klubben nærmar seg rekordnivå frå 1958, og med ny kamp mot Emblem i vente ligg alt til rette for å kunne setje ny rekord.


Etter kampen

Bergsøy tok sin niande siger på rad i serien med sin 6-2 siger mot Emblem igår. Tangering av rekorden med 9 seriesigerar på rad tatt sesongen 1957/58. Det er kjekt også for Historikk.com å sjå at statistikk vi har arbeidd for å framskaffe og presantere, kan brukast for å engasjere og motivere. Statistikk kan brukast til så mangt, og med nok tall å arbeide med kan en alltids finne fram litt artig statistikk. Ifølge vår liste var kampen igår nummer 666 på heimebane i serien. På samme måte vil fredagens bortekamp være bortekamp nummer 666.

Vi har flytta Daniel Jøsok Kvalsvik oppover på Målscorarlista og Fredrik Muren oppover på Adelslista, då dei no har inntatt respektable posisjonar inne på Topp 10 på begge listene etter gårsdagens kamp. Fredrik Muren har no 8.plassen for seg sjølv på Adelskalenderen, og feira det med å scåre sitt 14.seriemål. Med 15 mål totalt for Bergsøy har han passert Raymond Rachid og Daniel Sandvik sine 14 mål,

Daniel Jøsok Kvalsvik sine 2 mål i gårsdagens kamp gjer at han er oppe i 73 mål for Bergsøy. Han passerte dermed storscårer Arild Kvalsund sine 71 mål på målscorerlista, og har overtatt 6.plassen bak Asbjørn Myklebust som "foreløbig" står med 75 mål.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
12
85,7%
Uavgjort
1
7,1%
Tap
1
7,1%
Mål
44–18
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 14. kampen mot Emblem.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Franjo Tepuric (6 mål)
    Emblem: Fredrik Emblem (2 mål).
  • ©️
Form siste 5 totalt
2–1
S
Rollon
2022-08-26
5–0
S
Langevåg
2022-09-02
3–1
S
Hovdebygda
2022-09-09
7–0
S
Larsnes/Gursken
2022-09-16
6–2
S
Emblem
2022-09-20
Form siste 5 vs Emblem
2–1
S
Emblem
2018-09-21
2–1
S
Emblem
2019-05-29
2–0
S
Emblem
2019-09-20
3–0
S
Emblem
2021-08-27
6–2
S
Emblem
2022-09-20
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 7
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
4.0
1 stemmer
📍
Havila Stadion
👨‍⚖️
Abbas Tamimi
👥
🔗
Kaptein
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar