Kampreferat
Bergsøy

Blindheim
5-0
1-0 Enrique Crespo Søvik (27)
⚽
27'
2-0 Roald Runde (67)
⚽
67'
3-0 Bendik Frøysa (71)
⚽
71'
4-0 Bendik Frøysa (74)
⚽
74'
5-0 Nils Erik Engen (81)
⚽
81'
🟨
Elias Homlong
🟨
Sander Fløtre
Referat
– Det var ikkje ein veldig god kamp første 70 minutta, men så losna det skikkeleg
Første timen av oppgjeret mellom Bergsøy og Blindheim kjem neppe til å bli hugsa som ei klassikar på Havila stadion. Men då den berømte ketsjupflaska først spratt opp, rann måla inn – og Bergsøy kunne til slutt juble for ein klar siger.
Som store favorittar mot botnlaget Blindheim tok herøyværingane kontroll på kampen frå start i sommarvarmen. Likevel sleit dei lenge med å skape dei store sjansane. I staden blei det ein omgang prega av hjørnespark, mykje spel rundt feltet og fleire avslutningar frå distanse – utan at det verkeleg brann for alvor framfor mål.
Men enkelte spelarar treng knapt sjansar før ballen ligg i nettet. Enrique Crespo Søvik er ein av dei. Etter rundt halvtimen avslutta Daniel Jøsok Kvalsvik med eit sleivspark, og i staden for ein farleg avslutning enda ballen rett i beina på Crespo Søvik på Blindheim sin fem-meter. Toppscoraren takka for gåva og hamra ballen i nettet – hans tolvte for sesongen – og 1–0 til Bergsøy, som også stod seg til pause.
– Det er ein rotete start. Men etter kvart får vi vendt spelet meir slik som vi ønskjer, og vi får 1–0. Men så går det lenge før 2–0, kommenterer BIL-trenar Ingrid Beate Smådal Hide.
Andre omgang byrja heller ikkje med det store. Den første delen etter pause var tam og rotete, og sett med 4. divisjonsauge var kvaliteten ujamn. Og då kampuret passerte timen, kunne Blindheim faktisk ha utlikna til 1–1 med det som var deira største sjanse i kampen.
I staden var det Bergsøy som skulle få det forløsande målet – og på lekkert vis. Roald Runde tok med seg ballen rundt 12 meter frå mål og sende den i retning lengste hjørne. Mange byrja nesten å juble før ballen var inne, så sikkert såg det ut, og då den først sat, var måltørka over for «hurtigtoget» frå Runde.
– Eg byrja nesten å juble før den var inne. Det var uvanleg vakkert til meg og vere, seier målscoraren, som samstundes kallar kåringa som dagens BIL-spelar for «direkte ufortent».
Det er vi ikkje samde i. Runde – som starta på høgrekant, vart flytta over på venstre, og avslutta som høgreback – var etter vårt syn banens beste. Han sjølv kan knapt hugse sist han scora, men har i alle fall merka at det har vore snakk om det.
– Det har vore mykje mas om saltoen, seier Runde og siktar til den karakteristiske saltofeiringa han gjerne viser fram når han scorar.
Intervjuet fekk også ein brå slutt då ein ung BIL-supporter kom med sin eigen konklusjon:
– Du var veldig god i dag, Roald, sa han – og bad om eit bilde med helten.
Derifrå og ut var det nærast ein veg. Etter 71 minutt kom 3–0, denne gong ved Bendik Frøysa. Han hamra ballen kontant til side for keeper med strak vrist, ikkje heilt ulikt Runde si scoring – berre frå litt nærare hald. Og Frøysa var ikkje ferdig: tre minutt seinare kom 4–0, då Bergsøy i denne perioden var nærast fast parkert inne i Blindheim sin 16-meter.
I det 81. minutt fann Nils-Erik Engen ledig rom og sette ballen sikkert i nota til 5–0. Bergsøy var eit stykke unna toppnivået i store delar av kampen, men var effektive då det losna, fekk rullert på laget og – ikkje minst – fekk i gong mål frå fleire enn berre Crespo Søvik.
– Det var ikkje ein veldig god kamp første 70 minutta, men så losna det skikkeleg. Positivt at Bendik scora to, og også at Roald og Nils-Erik scora. Det er fint at det ikkje berre er Crespo som scorar, seier Smådal Hide.
Ho peikar også på at alle fekk speletid.
– Linus fekk debutere, noko som er veldig fortent. Også Niklas (Nerland Elveseter) og Daniel (reservemålvakt Pettersen Jøsok) fekk fortent speletid, legg ho til.
Bergsøy avslutta faktisk kampen med to blad Nygård Olsen som stopparar, då visekaptein Sondre fekk selskap av veslebror og debutant Linus dei siste minutta.
I toppen av tabellen var rivalane også i aksjon. Herd spela 2–2 borte mot SIF/Hessa, medan Ørsta vann 2–0 i lokaloppgjeret mot Volda 2. Dermed er Ørsta tilbake på toppen med 21 poeng, medan Bergsøy med sine 18 tok innpå Herd (19).
Neste kamp for Bergsøy er borte mot tabelljumbo Norborg/Brattvåg 2 fredag 16. juni.

Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
18
72%
Uavgjort
2
8%
Tap
5
20%
Mål
75–32
scoret–sluppe inn
Informasjon
-
Dette er 25. kampen mot Blindheim.
-
Mestscorande i desse oppgjera:
Bergsøy: Frank Sverre Skorpen (6 mål)
Blindheim: Sindre Lauvås (2 mål). -
Banens beste: Roald Andreas Runde.
-
Kaptein: Daniel Jøsok Kvalsvik.
Form siste 5 totalt
2–3
T
Sif/Hessa
2023-05-12
3–0
S
Rollon
2023-05-19
3–2
S
Ørsta
2023-05-26
2–0
S
Hareid
2023-06-02
5–0
S
Blindheim
2023-06-09
Form siste 5 vs Blindheim
5–0
S
Blindheim
2019-05-16
2–0
S
Blindheim
2019-09-06
2–1
S
Blindheim
2022-04-29
4–0
S
Blindheim
2022-08-19
5–0
S
Blindheim
2023-06-09
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11
· Innbyttarar: 1
Innbyttarar
Info
Banens beste
Kaptein
Bergsøy – lagoppstilling
-
Pedro Moreno
-
Trym Rekkedal
-
Markus Kjelsli Ihle
-
Sondre Nygård Olsen
-
Nils Erik Engen
-
Junior Tombini
-
Daniel Jøsok Kvalsvik
-
Kristoffer Cadua Dalstrøm
-
Roald Andreas Runde
-
Enrique Crespo Søvik
-
Magnus Waade Myklebust
Bergsøy – innbyttarar