Kampreferat
2023-06-02 • Serie – runde 7 • Kampnr 1421
Hareid
Bergsøy
0-2
10'
0-1 Daniel Jøsok Kvalsvik (10)
21'
0-2 Daniel Jøsok Kvalsvik (21)
🟨 Daniel Jøsok Kvalsvik
Referat
Effektiviteten til Bergsøy blei avgjerande då dei gjesta Hareid fredag kveld. Kaptein Daniel Jøsok Kvalsvik sørga for at herøyværingane fekk ein draumestart, med to scoringar i løpet av dei første tjue minutta – og det skulle vise seg å halde heilt inn.

Hareid hadde mykje ball på Bergsøy sin banehalvdel i opninga, men det var likevel bortelaget som fekk kampens første mål. Etter ti minutt kom Bergsøy til eit angrep som frå vår posisjon på avstand var vanskeleg å sjå alle detaljane av, men utfallet var klårt: Daniel Jøsok Kvalsvik sette inn 1–0.

Berre ti minutt seinare kom også 2–0. Hareid rota det til i forsvar, og då Kvalsvik fekk sjansen åleine med Adrian Støylen Haraldsvik – fjorårets Bergsøy 2-keeper – var kapteinen sikker og dobla leiinga.

Etter dette heldt Bergsøy fram med å styre mykje av kampen, samstundes som Hareid absolutt viste at dei kunne vere farlege. På eit tidspunkt måtte Pedro Moreno Gonzalez hente fram ei solid redning for å halde på den komfortable leiinga. Mot slutten av første omgang fekk Hareid meir spel på Bergsøy sin banehalvdel igjen, men utan å få utteljing. Dermed stod det 2–0 til pause.

Etter kvilen blei det færre store sjansar å skrive heim om. Bergsøy var likevel nær ei scoring då dei traff stolpen, og Bendik Frøysa hadde dessutan eit skot som var centimeter frå å finne heilt oppe i vinkelen. Totalt sett var 2–0 eit greitt bilete av kampen, sjølv om Bergsøy i stor grad var effektive i det dei fekk sjansane sine tidleg.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
34
61,8%
Uavgjort
8
14,5%
Tap
13
23,6%
Mål
135–73
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 55. kampen mot Hareid.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Frank Sverre Skorpen (9 mål)
    Hareid: Kim Tore Husøy (5 mål).
  • 🏅
    Banens beste: Daniel Jøsok Kvalsvik.
  • ©️
Form siste 5 totalt
1–3
T
Langevåg
2023-05-05
2–3
T
Sif/Hessa
2023-05-12
3–0
S
Rollon
2023-05-19
3–2
S
Ørsta
2023-05-26
2–0
S
Hareid
2023-06-02
Form siste 5 vs Hareid
4–1
S
Hareid
2019-08-15
3–0
S
Hareid
2021-10-15
3–2
S
Hareid
2022-06-24
2–0
S
Hareid
2022-10-14
2–0
S
Hareid
2023-06-02
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 4
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
0 stemmer
📍
Hareid Stadion
👨‍⚖️
Kristoffer Nevstad
👥
🔗
Banens beste
Kaptein
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar