Kampreferat
1994-09-10 • Serie – runde 19 • Kampnr 765
Bergsøy
Hundeidvik
3-0
1-0 Arild Helsem Kvalsund (45)
45'
2-0 Arild Helsem Kvalsund
3-0 Torbjørn Leikanger
Referat
Bergsøy rundspelte topplaget og vann fortjent 3-0 i lørdagens toppoppgjer i Fosnavåg. Resultatet var faktisk nærmare 6-0 enn bortelaget var å få ei redusering. Hundeidvik skapte knapt nok en farlig sjanse gjennom heile kampen. Det skulle seie det meste om styrkeforholdet, og med tillsvarande tæl og vilje i dei tre siste kampane bør Bergsøy være med i kampen om opprykk heilt til siste slutt.

I laurdagens kamp mot Hundeidvik tok Bergsøy kommandoen heilt frå start, og pressa gjestane over på defansiven. Men trass i sitt store spelesmessige overtak hadde Bergsøy problemer med å utnytte sjansane. Den siste avgjerande pasninga ble ofte for unøyaktig, og aggresiviteten litt for dårlig. Etter halvtimen vart Tobben Leikanger nydelig frispela av Geir Sandnes, men bomma for ope mål. Like etter hadde Tobben en tillsvarande sjanse, men nok en gong blei det bom. Også Arild Kvalsund var aleine med keeper etter ei nydelig frispeling av Geir Sandnes, men lobben gjekk over. Fem minutt før pausen brukte dribleglade Vegard Fiksdal ein Hundeidvikforsvarar som rundingsbøye, men keeper var kjappt nede og redda det velplasserte skotet. Trass overtaket såg omgangen ut til å ende mållaus, men Arild Kvalsund synte sine kvaliteter. På overtid mottok han ei pasning frå Tobben Leikanger, og drog seg fri frå to forsvararar og sette ballen sikkert i hjørnet frå 16-meteren. Flott enkeltmannsprestasjon.

Også i 2-omgang var det et ensidig press mot gjestane sitt mål, og de var en svært så rolig dag for den solide Bersøy keeperen Roger Vollan. Bergsøy kombinerte fint, men trass i mange store sjansat tok det en halvtime før laget punkterte kampen. Igjen var det Arild Kvalsund som mottok en pasning frå Tobben Leikanger, og runda keeperen. En forsvarar fekk avklarert i første omgang, men Arild fekk tak i returen igjen og gjorde sitt til at ballen trilla over streken til 2-0. Like etter var det klart for 3-0. Geir Sandnes finta en Hundeidvik-forsvarar over dølinja, og det presise overlegget sette Tobben Leikanger kontant i netter frå bakerste stolpe. Bergsøy hadde også andre store tilbud, men kampen ebba ut med 3-0. Sigeren kunne lett vore det dobbelte.

Nok en flott gjennomført kamp av det unge BIL-laget, der forsvaret var konsentrert og påpasselig gjennom heile kampen. Elles leverte dei sentrale midtbanespelarane Endre Tjervåg og Tobben Leikanger ein flott kamp. Tobben var denne gang en nøkkelmann med ett mål og to målgjivande pasningar. Også Arild Kvalsund glimta til med to flotte scoringar, men kunne med fordel vore meir aktiv. Banens klart beste spelar var imidlertid Geir Sandnes. Geir har en enorm løpskapasitet, teknikk og overblikk, og han skapte kjempe problem for Hundeidvik sitt forsvar. Hos Hundeidvik var det ikkje uventa at det var den tidligare Brann-spelaren Einar Arne Roth som gjorde mest ut av seg.

Laget;
Roger Wollan , Lasse Myrhol , Nils Roger Paulsen , Ronny Pål Kvalsvik , Rune Frantsen , Vegard Fiksdal , Endre Tjervåg , Tobben Leikanger , Lars Ove Almestad , Arild Kvalsund , Geir Sandnes .
Innbytte; Arild Heggedus og Stian Skogen kom inn.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
5
83,3%
Uavgjort
0
0%
Tap
1
16,7%
Mål
20–6
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 6. kampen mot Hundeidvik.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Arild Helsem Kvalsund (2 mål)
    Hundeidvik: Tony Gjerde (2 mål).
  • 🏅
    Banens beste: Geir Sandnes.
Form siste 5 totalt
2–0
S
Ellingsøy
1994-08-18
1–1
U
Herd
1994-08-25
1–2
T
Hovdebygda
1994-08-27
3–1
S
Harøy
1994-09-03
3–0
S
Hundeidvik
1994-09-10
Form siste 5 vs Hundeidvik
6–1
S
Hundeidvik
1957-05-19
2–1
S
Hundeidvik
1957-09-01
4–0
S
Hundeidvik
1958-05-25
1–4
T
Hundeidvik
1994-06-02
3–0
S
Hundeidvik
1994-09-10
Laget
Registrerte spelarar. Start: 13 · Innbyttarar: 0
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
3.0
1 stemmer
📍
Bergsøy Stadion
👨‍⚖️
Alf Furland
👥
🔗
Banens beste
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar