Kampreferat
2023-08-11 • Serie – runde 12 • Kampnr 1426
Bergsøy
Hovdebygda
2-1
17'
0-1 Audun Lillebø (17)
1-1 Sondre Nygård Olsen (22)
22'
2-1 Enrique Crespo Søvik (70)
70'
Jesper Sundnes Sundal 🟨
Referat
Snuoperasjon avgjorde første kamp etter ferien

Det verka tidvis som både Bergsøy og Hovdebygda framleis hadde litt feriemodus i kroppen, men herøyværingane fann til slutt vegen til tre poeng. Eit straffespark med tjue minutt att blei avgjerande i haustsesongens første kamp – og sikra 2–1-siger på Havila stadion.

Starten var roleg og litt avventande, men då det første kvarteret var passert fekk publikum endeleg litt meir å bite i. Først kom Bergsøy til ei god moglegheit ved toppscorar Enrique Crespo Søvik, før Hovdebygda var nære berre to minutt seinare. Då måtte BIL-keeper Pedro Moreno Gonzalez fram med ei flott redning.

På den påfølgjande corneren sprakk derimot Bergsøy-nullen. Hovdebygda stanga inn 1–0 etter 17 minutt, og heimelaget såg plutseleg litt smått rysta ut. Men reaksjonen kom raskt: Berre nokre minutt seinare stod det 1–1.

Kven som faktisk skal ha æra for utlikninga var lenge litt uklart – også for Crespo sjølv. Han vart først annonsert som målscorar, men etter kampslutt blei målet registrert på midtstoppar Sondre Nygård Olsen.

Bergsøy såg tidvis daffe ut i opninga, og gjorde fleire enkle feil, men frå utlikninga og utover vaks presset. Herøyværingane kom til fleire sjansar, og Crespo Søvik stod bak det meste av det farlege. Likevel vart det ikkje fleire mål før pause – og skal vi vere heilt rettferdige var heller ikkje avslutningsposisjonane av dei aller beste.

Same mønster etter kvila

Også andre omgang starta nokså stillferdig, før Crespo Søvik kom til omgangens første store situasjon. Då blei han blåst av for hands – noko han reagerte kraftig på der og då. Etter kampen innrømma han likevel at protestane først og fremst var eit forsøk på å påverke dommartrioen.

– Den var nok så vidt borti. Dommarane gjorde nok rett, seier han.

Hovdebygda fekk også sine sjansar etter pause, og igjen måtte Pedro Moreno Gonzalez stå fram med ei meisterleg redning då gjestane kom til ein stor moglegheit.

Men det var Bergsøy som skulle få leiinga. Innbytar Magnus Myklebust pressa fram ein situasjon som endte med straffespark i det 70. minutt. Mange meinte det var billeg, men dommaren var sikker.

Like sikker var Crespo Søvik. Han sette straffa kontrollert til side for keeper Rikard Osnes – og 2–1 skulle vise seg å halde heilt inn.

– Det var ein typisk første kamp etter ferie. Dei ville meir enn oss i byrjinga, men vi klarte å snu det og gjorde det vi måtte for å vinne, seier målscoraren til Vestlandsnytt.

Rekkedal takka for seg

Kampen mot Hovdebygda blei også avskjedskampen – i alle fall for denne gong – for Bergsøy sin solide stoppar Trym Rekkedal. No går flyttelasset til Bergen, der han skal spele fotball på nivået over Bergsøy.

Rekkedal var nøgd med å avslutte med siger.

– Det er alltid godt å byrje med siger, uansett om det er vårsesong eller haustsesong. Det var nok ikkje vår beste kamp, men det viktigaste var å vinne, seier han.

Og han lovar å følgje med på gamleklubben vidare.

– Eg skal følgje med. Det er mange gode spelarar i Bergsøy no, så det vert spennande.

Nye ansikt – og nye poengjakt

Mot Hovdebygda fekk også to nye signeringar sin første teljande kamp i BIL-drakta. Jesper Sundnes Sundal leverte solid på høgrebacken, medan Tord Oppedal tidvis viste spennande offensive kvalitetar etter at han kom inn 25 minutt før slutt.

Trenar Lars-Petter Rønnestad var i stor grad samd i at det var ein kamp med litt rust, men viktigast av alt: tre poeng.

– Vi var litt spente på kor vi stod etter å ha halde på i tre og ei halv veke no. Så er det alltid ein fordel å ta leiinga i fotballkampar. I dag kom vi under, sjølv om vi åtvara mot cornerane deira på førehand. Heldigvis klarte vi å snu det, seier Rønnestad til Vestlandsnytt.

No rettar han blikket mot bortekampen mot Volda 2 fredag 18. august.

Herd snudde toppkampen

Samtidig fekk ikkje Bergsøy heilt den hjelpa dei håpa på frå toppkampen mellom Herd og Ørsta. Ørsta tok tidleg leiinga, men Herd snudde med to mål på tre minutt like før slutt og vann 2–1.

Det betyr at Herd no står med 31 poeng, Ørsta 28 – og Bergsøy 27.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
14
58,3%
Uavgjort
3
12,5%
Tap
7
29,2%
Mål
62–34
scoret–sluppe inn
Informasjon
Form siste 5 totalt
5–0
S
Blindheim
2023-06-09
2–1
S
Norborg/Brattvåg2
2023-06-16
4–0
S
Aksla
2023-06-23
0–2
T
Herd
2023-06-30
2–1
S
Hovdebygda
2023-08-11
Form siste 5 vs Hovdebygda
3–1
S
Hovdebygda
2022-05-20
3–1
S
Hovdebygda
2022-09-09
1–1
U
Hovdebygda
2023-03-17
3–0
S
Hovdebygda
2023-04-21
2–1
S
Hovdebygda
2023-08-11
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 2
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
0 stemmer
📍
Havila Stadion
👨‍⚖️
Martin Solheim
👥
200
🔗
Debutantar
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar