Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Historikk.com fornyar seg

Arkivet:
No har vi både Fotball, Handball og Friidrett
Av


Bergsøy Fotball Heimeside kom på nett i 2002. Den sida utvikla seg og blei kjent som Bergsoy.com etterkvart, eit nettdomene som idag er eigd og dreven av Bergsøy IL. Mens Bergsøy har fortsatt å drive nettsida med fokus på dagens nyheter, følte vi at alt arbeidet med historikk som Bergsoy.com engang hadde - fortjente å bli gjennoppliva. Blant anna ei mengd kampreferat, samt arbeid med adelskalender, toppscorerlister med meir.



Historikk.com blei opprette for å ta vare på denne historikken, samt å arbeide vidare med den jobben vi starta heilt tilbake i 2002. Det har no nesten gått 20 år, og idag har nettsida tatt nye steg:

Nytt er blant anna

  • Vi delar opp heimesida i kategoriane Historikk, Fotball, Handball og Friidrett
  • Heimesida skiftar design og blir "responsive", som betyr at den også blir mobil og Ipad-vennlig. Vi har ei mengd med Handball og Friidrett historikk som ikkje før har blitt vist. Vi har scanna og sortert i uksevis og har laga adelskalender og målscorarlister for både herrelag og damelag. Trenarsider, kampresultatsider, årets spelarar og meir.
  • For Friidrett har vi scanna over 100 dokument som er å finne i vårt Arkiv, mens Friidretts-sidene no har resultat og rekordar i 26 kategoriar

    Designet

    Det er fleire og fleire som brukar mobilen eller Ipad når en surfar på nettet. Slik heimesida var før, så var dette ikkje tilpassa anna enn datamaskin. Vi har no brukt månadar på å oppdatere og tilpasse kvar enkelt side for å kome inn i vårt nye design, blant anna fleire 100 nyheter i arkivet, og alle våre 1400+ kampreferat for å nemne noko av det mest tidkrevande. Sjå døme under på kva som har forandra seg:

    Utklipp

    Hovedsida før og no

    Utklipp

    Kampreferat før og no

    Utklipp

    Menyen



    Vi har også leika oss med designet på forskjellige måtar litt her og der, og vil nok fortsette å leike oss. Ingenting er spikra, og mykje kan bli forandra - men det viktige no er at den største overhalingsjobben er gjort.

    -"Historikk.com e laga gjøna å prøve å feile. Lesing av kordan en kan lage ei heimeside, og tips og triks. Ditte e en sjølvlært hobby, der ej lære meir og meir. Historikk.com vil dermed forandre seg etterkvart som ej lære.

    No som sida vil innehalde både historikk, fotball, handball og friidrett håpe ej at det kan være ei side som kanskje vil fænge fleire. Det he bjunt å samle seg ganske store mengde historie på sida her etterkvart. "


    (Steffen Kvalsund)

    Kategoriane

    Vi har delt heimesida inn i 4 kategoriar, som kvar har fått sin gjenkjennelige farge (tema).
  • Historikk (Historie) - Grå med vår Ulve-logo.
  • Fotballsidene - Røde med fotball-logo
  • Handballsidene - Gule med handball-logo
  • Friidrettsidene - Grønne - logo med springande mann

    Du kan bruke menyen øverst til venstre på dataskjermen for å gå til dei forskjellige kategoriane. På en mobiltelefon finner du menyen øverst til høgre (tre prikkar).

    På hovedsida har vi også laga ei linje (snarvei) som ser slik ut (sjå under) og som viser alle dei 4 kategoriane. Derifrå kan du trykke på logoane for å gå til den aktuelle kategorien.

    Historikk

    Fotball

    Handball

    Friidrett





    Kvar av dei fire kategoriane har sine egne tema, bakgrunnsfarge og menyar som skal være med på å hjelpe våre lesarar med å vite kvar en er på historikk.com. Er du inne på ei gul side er du nok mest trulig inne på ei side med handballstoff.

    Håper du liker oppdateringa, og seier ifrå om noko ser "roskande gale" ut.

  • FOTBALL: HERRER









    Excel-FIL: Bergsøy Seriemål

    Ekstern Link fotball.no


    FOTBALL: DAMER




    Ekstern Link fotball.no


    HANDBALL: HERRER




    Ekstern Link handball.no


    HANDBALL: DAMER




    Ekstern Link handball.no


    friidrett










    Oversikt