Kampreferat
1984-06-03 • Serie – runde 7 • Kampnr 525
Bergsøy
Skarbøvik
2-1
1-0 Henning Solem (47)
47'
2-0 Henning Solem (66)
66'
86'
2-1 Sjølvmål til Skarbøvik (86)
Rolv Bakke 🟨
Referat
Bergsøy vann den viktige kampen mot Skarbøvik som også har slitt litt i starten av denne sesongen. Dermed er Bergsøy oppe på 5 poeng.

Den første omgangen var både tam og kjedelig i motsetning til den andre omgangen som var frisk og underhaldande. Tre scåringar etter pausen var med på å friske opp stemninga på tribunen. Og gladaste mann var nok Henning Solem som starta kampen på reservebenken, men som kom inn og putta to avgjerande mål bak SIF keeper Kjetil Flatmark.

Lasse Bjerknes på SIF skapte eindel problemer for Bergsøy med god teknikk, men heldigvis blei det ikkje mål ut av det. Bjørn Bjerknes hadde kanskje den største for SIF i den første omgangen. Debutant Lloyd Kleppe var også nær for Bergsøy, men det harde skotet blei i siste liten stoppa av eit SIF bein. Han kom forøvrig godt fra det i sin debutkamp med friskt og kjappt backspel.

Henning Solem hadde vore på bana i knapt 3 minutt da han snappa opp ein ball på midtbana. I stort tempo runda han eit par SIF forsvarar og sende av gårde eit hardt og velplassert skot som fauk i mål frå 16-17 meters hald. Den andre scoringa kom etter 25 minutter ut i omgangen. han fylte eit laust tilbakespel frå ein ukonsentrert forsvarer, og sende ballen sikkert bak den utrusende keeperen.

SIF kjempa seg noko tilbake etterkvart som Bergsøy prøvde å trygge ledelsen, men dei makta kun å scåre det eine målet 5 minutter før full tid. SIF sin innbytter Roger Holand slo ein ball inn foran mål, og ein Bergsøyforsvarer var uheldig å sette ballen i eige mål.

Hos Bergsøy får Henning Solem bestemannsprisen, men også Ivan Myklebust var god.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
14
36,8%
Uavgjort
7
18,4%
Tap
17
44,7%
Mål
55–89
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 38. kampen mot Skarbøvik.
  • 📈
    2. sigeren denne sesongen.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Knut Teige (11 mål)
    Skarbøvik: Kjetil Osvold (5 mål).
  • 🏅
    Banens beste: Henning Solem.
  • 🌱
    Debutantar: Lloyd Kleppe.
Form siste 5 totalt
3–1
S
Hareid
1984-05-16
1–2
T
Fyllingen
1984-05-20
2–2
U
Ørsta
1984-05-27
1–4
T
Ålesund
1984-05-30
2–1
S
Skarbøvik
1984-06-03
Form siste 5 vs Skarbøvik
0–0
U
Skarbøvik
1982-08-14
2–2
U
Skarbøvik
1983-05-08
0–1
T
Skarbøvik
1983-05-25
1–0
S
Skarbøvik
1983-08-21
2–1
S
Skarbøvik
1984-06-03
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 2
Innbyttarar
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
0 stemmer
📍
Huldalen
👨‍⚖️
Gunnar Aakernes
👥
350
🔗
Banens beste
Debutantar
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar