Gullik Kjelstadli debuterte på Bergsøy sitt A-lag i storsesongen 1981 og blei ei viktig brikke i laget gjennom store delar av 1980-talet og fram til 1991. Han hadde eitt års opphald i Hareid IL i 1987, før han kom tilbake til Bergsøy.
Han står registrert med 13 mål for A-laget og var først og fremst ein solid forsvarsspelar og midtstoppar. Seinare var han også trenar for aldersbestemte lag og hjelpetrenar for A-laget.
Dei 13 måla
Gullik scora 13 mål for Bergsøy. Måla har kome i 9 sigrar, 3 uavgjort og 1 tap. Her er oversikta:
Gullik gav Bergsøy leiinga sju minutt før slutt etter eit innlegg frå Fred Frantzen. Gullik møtte innlegget perfekt og brukte skallen til å score sitt første mål for Bergsøy.
I den andre omgangen satte Bergsøy inn Henning Solem i angrepet og pressa lengre oppe i bana. Dette gav resultat 20 minutt ut i omgangen, og det presise innlegget headda Gullik Kjelstadli nydelig i mål til 1-1.
Bergsøy fekk eit frispark frå 35 meters hald, og Gullik Kjelstadli sende av gårde eit skot som smaug seg mellom mange bein og heilt inne ved stolperota til 1-1.
To minutter før full tid kunne imidlertid Bergsøy få sleppe laus ein måljubel. Det var Gullik Kjelstadli som headda ein corner frå Tony Pettersen i mål.
Gullik Kjelstadli økte etter ein keepermiss i følge heimelagets versjon av målet. Bergsøy sin versjon er at han økte leiinga med hovudet etter eit frisparklegg.
Et frispark frå Jack Pettersen som Gullik Kjellstadli styrte med hovudet inn i hjørnet til 2-1 ledelse. Ei flott scoring og fortjent ledelse til heimelaget.
Trond Paulsen la en perfekt corner som blei stussa vidare av Kenneth Pettersen til Gullik som sveva høgt over heimeforsvaret og headda kontant i hjørnet. Fin scoring.
Gullikk sitt mål etter 73 minutt var flott, en fin headding etter et god innlegg fra høgre ved Are Blindheim.
Dei første fotballåra
I 1972 står det i Vestlandsnytt at gode, gamle fotballveteran Gunnar Kjellstadli sitt lag Berge vann Bergsøy si lilleputtserie med 10 poeng,
og i dette laget spelte blant andre Gullik Kjellstadli. Lagkameratane var den tida Tor Berge, Rune Relling, Jonny Ulvan, Lodvar Berge,
Kjetil Goksøyr, Rune Hatløy, Rune Flusund, Åshild Flusund, Per Furø og Gunnar Berge.
Oppmann for Berge var Gunnar Kjellstadli, oppmann for Fosnavåg var Harald Lied, oppmann for Frøystad var Sigmund Nymark,
oppmann for Eggesbønes var Sverre Lima, oppmann for Myklebust var Jack Pettersen og oppmann for Fosnavåg2 var også Harald Lied.
I 1974 spelte Bergsøy sitt lilleputtlag veldig godt, og blei puljevinnar framfor Hødd. Den avgjerande kampen blei spelt på Hødddvoll der Bergsøy vann 2-0.
Særlig spelte Gullik Kjellstadli ein god kamp i mål, mens det var Tonny Pettersen og Ivan Myklebust som scora måla.
I 1977 tok Bergsøy sitt smågutelag KM etter å ha slått Ravn med 4-1 i en finalekamp i Huldalen.
1977: Smågutelag tok KM. Framme frå venstre Marvin Arnesen, Gullik Kjellstadli, Henning Espeseth, Fred Aril Nørvåg, Per Svenning Madsen, Ivan Myklebust, Per Jan Brekke og Tony Pettersen. Bak: Gunnar Kjellstadli, Arnulf Goksøyr, Ottar Djupvik, Geir Johan Bakke, Ole Sørdal, Trond Vike, Terje Huldal, Edvard Kvalsund og Charles Teige.
I 1979 tok Gullik Kjellstadli eit nytt KM, denne gang som juniorspelar. Vestlandsnytt gav trenaren Kjartan Fagerlund stor del av æra for at
juniorlaget klarte å ta KM for andre år på rad.
Bak frå venstre: Trenar Kjartan Fagerlund, Tom Bøe, Arthur Almestad, Robert Hjelmeseth, Anders Almestad, Ole Sørdal,
Tonny Pettersen, Trond Paulsen, Frode Wilhelmsen og Per- Svenning Madsen. Framme frå venstre: Ivan Myklebust,
Gullik Kjellstadli, Arnvid Husøy, Per- Jan Brekke, Trond Vike og Marvin Arnesen. Foto av Geir Myklebust
Også i 1980 var det spel for eit godt juniorlag for Gullik Kjellstadli.
Framme frå venstre Arnulf Goksøyr, Arthur Almestad, Trond Vike, Arnvid Husøy, Marvin Arnesen og Anders Almestad. Bak frå venstre Odd Morten Berge, Per Jan Brekke, Robert Hjelmeseth, Gullik Kjellstadli, Tonny Pettersen, Ole Sørdal og Odd Rudolfsen (lagledar).
Det var rundt 1979/1980 at interessa også kom for innandørsturneringar etter at Herøyhallen kom på plass.
Det blei storsuksess når laget starta å spele turneringar, og det aller første Bergsøylaget som vann ei innandørs turnering
i Herøyhallen var leda av lagleiar Asbjørn Myklebust. Lagbilde under:
Framme frå venstre Arvid Husøy, Kåre Igesund, Frode Wilhelmsen og Øyvind Møller.
bak frå venstre Asbjørn Myklebust, Gullik Kjellstadli, Tom Bøe, Trond Paulsen, Ivan Myklebust og Arthur Almestad.
1981 – debut på A-laget
Gullik kom inn på Bergsøy sitt A-lag i gullåret 1981, da Bergsøy spelte på det nest øverste divisjonsnivået i landet.
Den første kampen vi har registrert at han spelar på A-laget er heime mot Steinskjør den 9.august i 1981. Bergsøy låg under 3-0 før
Svein Arne Møller og Jarle Myking reduserte, men det blei eit tap. I Vestlandsnytt sto det at avsluttninga av akmpen trekte litt opp
heilhetsinntrykket, men også en pluss til dagens debutant i forsvaret Gullik Kjellstadli.
Han må ha gjort et godt inntrykk, for han spelte i samtlige av kampane resten av sesongen. Vi har notert ned 10 kampar for Bergsøy i 1981,
deriblant mot Molde på Bergsøy Stadion. Då spelte junioren Gullik Kjellstadli en veldig god kamp i forsvaret ilag med Knut Igesund.
Dei hadde godt samarbeid og klarte å halde kontroll på Åge Hareide i sin siste kamp før han dro til Manchester City og blei utlandsproff.
Bergsøy vann kampen 2-0.
Gullik Kjellstadli har kontroll på Åge Hareide i kampen mot Molde.
-"Unge Gullik slapp ikkje landslagsstjerna og Norges beste hovudspelar til. Ja, det var faktisk mange som lurte på om ikkje heller Gullik burde dra til Manchester." (Vestlandsnytt 4.september 1981)
Gullik spelar snart meir og meir fast på A-laget, og spelar 20 kampar i 1982 sesongen. Det var kun Gullik og Fred Frantzen som spelte heile 24 kampar
i 1983 sesongen. Det var kampar som midtstoppar med både Knut Igesund og Ivan Myklebust i denne perioda. I 1984 trekte Bergsøytrenar Arne Klepp seg
som trenar, og då blei det vedteke at trioen Gullik Kjellstadli, Trond Paulsen og Kjell Rønnestad skulle ta over trenaransvaret.
Starten på 1985 sesongen starta med fleire mål av Gullik. 14.mai er det overskrifta "Gullik avgjorde nok ein gong", etter at han scora mål både i den første
og den tredje serierunda.
I 1985 måtte Gullik også gjere som han hadde gjort i yngre dager, nemlig å ta på seg keeperdrakta under en Bergsøykamp. Det var i en kamp i august dette året
at Bergsøy spelte mot Brattvåg, og Frank Otto Frøystadvåg blei skada. Bergsøy hadde brukt opp innbytterkvota si, og Gullik blei då plassert i mål.
Siste del av omgangen måtte då Bergsøy spele med 10 mann, og Brattvåg scora to mål på denne tida. Det blei eit 6-1 tap.
I 1987 melde Gullik overgang til Hareid, noko Kurt Magne Berge også gjorde. Det blei imidlertid berre en sesong for Hareid før Gullik kom tilbake til Bergsøy.
Også i 1988 var det Gullik som starta målsesongen best for klubben (slik han gjorde i 1985), då han scora i både den første og den andre serierunda.
Det å score i seriepremiære gjentok han også i 1989 heime mot Skarbøvik.
I 1989 var Trond Paulsen ein del forsvarspartner til Gullik, og også Tom Beddari spelte kampar som midtstoppar denne sesongen.
I april 1990 står det at nøkkelspelaren Gullik er borte frå laget til den komande sesongen, men vi noterer likevel ned 11 kampar for Bergsøy denne sesongen.
Det blei kampar ilag med blant andre Vidar Eikrem i forsvaret i 1990.
Den einaste gongen Gullik har scora mål (13 mål totalt) uten at laget har tatt poeng var det aller siste målet han scora, i den andre serierunden i 1991 mot Ellingsøy.
Det blei et 3-1 tap. Endre Rudolfsen og Ivan Myklebust spelte kampar ilag med Gullik i forsvaret denne sesongen.
Den aller siste kampen vi har registrert at Gullik spelte var mot Langevåg denne sesongen, det endte i 1-9 på heimebane.
I 2007 sesongen var Gullik hjelpetrenar for A-laget, medan Tom Beddari var hovudtrenar.
Bildet: Frå ein showkamp i 1994.
Offisielle kamptal år for år, kampoversikt og registrerte kampar frå lagoppstillinga.
Målunivers: mål år for år, målsnitt, måltype, straffer, hattrick og scoringar mot lag/bane.
Bildearkiv knytt til spelaren.
Relaterte bilder
Træff - Bergsøy 6-0
2011
Vestlandsnytt
Midsund – Bergsøy 1-3
2011
Bildet: Vestlandsnytt/Thomas Sporsheim. Per Rune Tødenes gir instruksjonar i pausa
Bergsøy - Træff 0-1
2011
Bildet: Vestlandsnytt
Lagbilde 2009
2009
Bildet: Vestlandsnytt
Lagbilde A-lag 2009
2009
Herd - Bergsøy 0-1
2008
Glede på Bergsøbenken idet dommaren blåste av til Bergsøysiger.
Lagbilde A-lag 2008
2008
Bergsøy - Stranda 1-2
2007
Det hemmelige våpenet er klar for å bli kasta ut i krigen
Godøy - Bergsøy 4-3
2007
Tom Beddari, Gulikk jellstadli og Mathias Pettersen var spente på sidelinja
Bergsøy - Gursken/Larsnes 1-0
2007
Trenarane var optimistiske foran kampstarten
Stranda - Bergsøy 4-2
2007
Rollon - Bergsøy 4-1
2007
Åram/Vankam - Bergsøy 2-2
2007
Åram/Vankam - Bergsøy 2-2
2007
Bergsøy - Ha/No 3-1
2007
Lagbilde A-lag 1991
1991
Lagbilde A-lag 1988
1988
Lagbilde A-lag 1980
1980
Juniorlag 1978
1978
Bak fra venstre (A-kampar i parantes): Arnvid Husøy (11 A-kampar, keeper), Ivan Myklebust (178), Bård Ottesen (68), Kjetil Goksøyr (45), Øyvind Møller (70), Anders Almestad, Tom Bøe (1), Trond Paulsen (311) og Frode Wilhelmsen (169).
Framme frå venstre: Robert Hjelmeseth, Arthur Almestad (36), Tonny Pettersen (215), Gullik Kjelstadli (178), Per Jan Brekke, Geir Egil Olsen, Edvard Kvalsund og Trond Vike (7).
Junior 1978
1978
Bak frå venstre Tony Pettersen, Gullik Kjelstadli, Anders Almestad, Trond Paulsen, Øyvind Møller, Arthur Almestad, Robert Hjelmeseth, Trond Vike, Per Jan Brekke og trenar Kjartan Fagerlund.
Framme frå venstre Geir Egil Olsen, Ivan Myklebust, Frode Wilhelmsen, Bård Ottesen, Arnvid Husøy, Kjetil Goksøyr og Tom Bøe.