Geir Sandnes
Fødd03.08.1974
NasjonNoreg
Aktiv
1990–2007 10 sesongar 17 år, 2 mnd, 17 dagar
Om spelaren:
Fysikk og kondisjon, men ikkje minst ein strålande teknisk spelar med god dose målteft. Trulig eit av dei største fotballtalenta som nokongong har spelt for Bergsøy.
Teknisk vidunder
Han fekk sin debut i 1990 heime mot Haddal i ein 4-2 siger, idet han erstatta Trond Paulsen som spiss. Den vesle tida han fekk på bana viste han at han er ein mann for framtida. Dei neste åra 1991 til 1996 var han ein viktig brikke på laget, som blant anna rykte opp i 1995 til 3.divisjon.
Geir er kanskje ein av dei mest talentfulle fotballspelarane Bergsøy har hatt gleden av å ha i klubben. Ein Zidane, sterk i kroppen, stålkondisjon og teknisk slepen med målinnstinkt. Full pakke av ein sentral midtbanespelar. Han er også kjent for kallenamnet "svela", og har vore noko skadeplaga til tider.
Geir spelte vidare for Ørsta, Kidderminster i England, Ålesund og Sarpsborg Sparta fotballklubb, men gjorde også comeback i Bergsøy i 2001 og 2001 samt i 2007. Totalt 121 kampar for Bergsøy, 23 mål.