Kampreferat
1983-08-21 • Serie – runde 15 • Kampnr 510
Bergsøy
Skarbøvik
1-0
1-0 Fred Frantzen (82)
82'
Referat
Det blei 2-2 mellom desse laga i vårkampen, og i cupkampen blei det SIF som vann, men denne gangen var det Bergsøy sin tur. Og det avgjerande målet kom ikkje før det var spelt 82 minutt, da eit praktskudd av Fred Frantzen avgjorde det heile. Det var ikkje noko keeper Kjetil Flatmark kunne gjere for å hindre at Bergsøy gikk opp i 1-0 da Fred vende 180 grader og sende av gårde ballen som fauk inn like under krysset.

I sist serierunde scora Bergsøy på omtrent samme tid, men klarte ikkje å halde kampen ut. Denne gangen greidde laget å halde imot mot slutten. Eit taktisk trekk av å ta Trond Paulsen ut av angrepet og ned i forsvaret ilag med Knut Igesund var med på å sikre dette.

Det hadde vore sjansar også tidligare i kampen, men rett nok skjedde det meste kanskje midt på bana. Sigeren var likevel fullt fortjent, sjølv om gjestane også hade hatt ein ball i mål. Det var eit hardt langskot som gikk via ein Bergsøyforsvarer og utmanøvrerte BIL-keeper Husøy. Dommaren annulerte målet fordi Helge Skuseth var i offsideposisjon idet skotet gikk.

Den første store sjanse til Bergsøy kom da Trond Paulsen la ei pasning til Frode Wilhelmsen. Han kom seg heilt til linja og la inn, men innlegget blei for langt og bak Kjartan Paulsen som kom i stor fart mot det åpne målet.

Mdtveis i omgangen var også Gullik Kjelstadli i klar scoringsposisjon så å seie på målstreken, mens ein annan sjanse var da Frode Wilhelmsen prøvde å finne Arthur Almestad, men siste pasninga blei misslykka.

Spelesmessig var den første omgangen jamn, men Bergsøy hadde dei største sjansane. Den andre omgangen var meir sjansefattig, men 10 mminutt før slutt fekk henning Solem ein kjempesjanse etter å ha kome inn for Arthur Almestad. Solem blei litt for ivrig da han mottok innlegget og sette ballen høgt over det åpne målet. Like etter avgjorde altså Fred Frantzen.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
13
35,1%
Uavgjort
7
18,9%
Tap
17
45,9%
Mål
53–88
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 37. kampen mot Skarbøvik.
  • 📈
    7. sigeren denne sesongen.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Knut Teige (11 mål)
    Skarbøvik: Kjetil Osvold (5 mål).
Form siste 5 totalt
1–2
T
Sunndal
1983-06-25
1–0
S
Kristiansund
1983-07-31
3–1
S
Sandane
1983-08-07
1–1
U
Rollon
1983-08-14
1–0
S
Skarbøvik
1983-08-21
Form siste 5 vs Skarbøvik
0–1
T
Skarbøvik
1982-05-08
0–0
U
Skarbøvik
1982-08-14
2–2
U
Skarbøvik
1983-05-08
0–1
T
Skarbøvik
1983-05-25
1–0
S
Skarbøvik
1983-08-21
Laget
Registrerte spelarar. Start: 13 · Innbyttarar: 0
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
0 stemmer
📍
Bergsøy Stadion
👥
🔗
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar