Kampreferat
1983-05-01 • Serie – runde 2 • Kampnr 495
Bergsøy
Sandane
3-2
26'
0-1 Dagmund Evebø (26)
1-1 Knut Igesund (40)
40'
2-1 Knut Teige (50)
50'
57'
2-2 Bjørn Atle Skaaden (57)
3-2 Frode Wilhelmsen (86)
86'
🟨 Dagmund Evebø
Referat
Skuffande få møtte opp i finværet

Begge lag kom som kjent dårlig ut i sesongpremiæren og følte de var avhengige av poeng i denne kampen for å ikkje komme skeivt ut. Desverre sliter Bergsøy sitt lag med flere skader, og Kjartan Paulsen (strekk), Knut Teige (strekk), Arthur Almestad (Strekk) og Fred Frantzen (Ankelskade) var usikre foran denne kampen.

To grove feil av eit elles godt Bergsøyforsvar kunne ha kosta Bergsøy sigeren denne gangen, men innbytterane Hennnig Solem og Frode Wilhelmsen kom i hovedrolla og avgjorde til Bergsøy sin fordel. Bergsøy var klare favorittar, men måtte gjere litt omrokkeringar. Ivan Myklebust var satt inn på midtbane idet Kjartan Paulsen var skadet. Knut Teige og Fred Frantzen starta ilag, og mange var nok spente på kva dei kunne utrette ilag.

Fred Frantzen fekk ein sjanse alt etter 6 minutt, men skotet frå 15 meter gikk utanfor. Omgangens finaste angrep etter 23 minutt gav heller ikkje resultat. Fred holdt på ballen innanfor 16 meteren og la ei pasning til Knut Teige som kom bakfra, men hjørnespark var alt Bergsøy fekk ut av den sjansen.

Det var ein kalddusj da gjestane gikk opp i 1-0. Dagmund Evebø kom høgast og headda inn 1-0, utagbart for Martin Pettersen. Cornere var også det farligste Bergsøy klarte å prestere, og femminutt før pause var det ein corner som endte på foten til Knut Igesund som satte inn 1-1.

Høgreback Øyvind Møller var delaktig i 2-1 scoirnga berre fem minutter etter sidebytte, da han fann Knut Teige med eit framspel. Knut stussa ballen forbi ein møtande keeper og scora eit typisk Teige-mål. Sandane var likevel ikkje ufarlige og hadde sjansar både før og etter dette, og Bjørn Atle Skaader tok vare på den eine sjansen da han utlikna til 2-2.

Tilslutt var det Frode Wilhelmsen som skulle avgjere til Bergsøy sin fordel.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
3
100%
Uavgjort
0
0%
Tap
0
0%
Mål
9–3
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 3. kampen mot Sandane.
  • 📈
    1. sigeren denne sesongen.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Fred Frantzen (5 mål)
    Sandane: Bjørn Atle Skaaden (1 mål).
  • 🌱
    Debutantar: Henning Solem.
Form siste 5 totalt
1–2
T
Stjørdals/Blink
1982-09-25
2–2
U
Langevåg
1982-10-02
0–0
U
Eid
1982-10-09
0–1
T
Kristiansund
1983-04-24
3–2
S
Sandane
1983-05-01
Form siste 5 vs Sandane
3–1
S
Sandane
1980-05-26
3–0
S
Sandane
1980-09-07
3–2
S
Sandane
1983-05-01
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 2
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
0 stemmer
📍
Bergsøy Stadion
👨‍⚖️
Oddmund Kaldhussæter
👥
600
🔗
Debutantar
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar
Sandane – lagoppstilling
Magnar Solheim, Mads klausen, Dagmund Evebø, Jan Ketil Øygard, Terje Olsen, Knut Førde, Per Kjell Skaaden, Bjørnar Austrheim, Inge Ødven, Jan Ove Ødven, Bjørn Atle Skaaden, Steinar Sægrov, Ivar Solheim