Kampreferat
1983-09-25 • Serie – runde 20 • Kampnr 515
Langevåg
Bergsøy
0-0
Ingen registrerte mål/kort.
Referat
Det var iskaldt denne septemberdagen. Iskalde stormbyger og striregn gjorde det umulig å spele god fotball. Alle hadde det meir enn nok med å halde varmen, og dermed enda kampen uten scoringar. Så ille var forholda at dommar Bernhard Riksfjord etter 20 minutt samråda seg med kapteinane om kampen skulle blåsast av. Reidar Vågnes og Trond paulsen ville derimot berre bli ferdige og spelet blei satt igang igjen.

Heimelaget valgte medvind i den første omgangen, og fekk eit markant overtak. To gangar var dei aleine med keeper. Arnvid Husøy møtte korrekt og fekk avverga. Bergsøy kom sterkare etterkvart, og greide tross motvinden å presse heimelaget med lange ballar til løpsvillige Frode Wilhelmsen og Henning Solem. Arthur Almestad la inn til det som kanskje var Bergsøy sin største sjanse, men Gullik Kjelastadli rakk ikkje fram til ballen i tide.

Etter pausen jamna det seg meir ut, og Bergsøy greidde ikkje å utnytte medvinden. Sjansar blei det likevel, som da Fred Frantzen skøt så keeper Kjell Sandvik måtte strekke seg i full lengde. Frode Wilhelmsen hadde nok den største sjansen da han headda ein markkrypar i stolpen, og ballen trilla langs streken. Over streken ville derimot ikkje ballen.

Dei to juniorane Nils Roger Paulsen og Perry Kopperstad fekk prøve seg på slutten, men det var nok lite inspirerande å debutere under slike forhold. Arnvid Husøy var sikker skanse og Paul Kurt Nerland ruva i forsvaret. Debut for Perry Kopperstad.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
7
36,8%
Uavgjort
4
21,1%
Tap
8
42,1%
Mål
29–27
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 19. kampen mot Langevåg.
  • 📈
    8. uavgjorten denne sesongen.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Fred Frantzen (13 mål)
    Langevåg: Arnfinn Rudi (4 mål).
  • 🏅
    Banens beste: Paul Kurt Nerland.
  • 🌱
    Debutantar: Perry Kopperstad.
Form siste 5 totalt
5–2
S
Frode
1983-08-28
3–2
S
Tornado
1983-09-04
2–3
T
Åndalsnes
1983-09-10
0–0
U
Hareid
1983-09-17
0–0
U
Langevåg
1983-09-25
Form siste 5 vs Langevåg
1–0
S
Langevåg
1982-05-27
1–0
S
Langevåg
1982-06-19
2–2
U
Langevåg
1982-10-02
1–0
S
Langevåg
1983-06-11
0–0
U
Langevåg
1983-09-25
Laget
Registrerte spelarar. Start: 13 · Innbyttarar: 0
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
0 stemmer
👨‍⚖️
Bernhard Riksfjord
👥
🔗
Banens beste
Debutantar
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar