Kampreferat
2024-10-18 • Serie – runde 22 • Kampnr 1459
Ørsta
Bergsøy
0-0
Ben Årnes 🟨
Borgar Ose 🟨
Lasse Rebbestad 🟨
🟨 Ben Rossiter
🟨 Fredrik Muren
Referat
Poengdeling i sesongfinalen – og eit steg i riktig retning

Bergsøy avslutta sesongen med 0–0 borte mot Ørsta fredag. Det blei ein jamn kamp der begge lag hadde moglegheiter til å avgjere, men der solide forsvar og gode keeperprestasjonar sørgde for at det aldri kom scoringar.

Etter ein roleg opning utan dei store sjansane, måtte Bergsøy sin Sander Bøe gi seg med skade etter 15 minutt. Jakob Kessler Myking kom inn som erstattar. Ørsta fekk meir trykk utover i omgangen og skapte fleire cornerar, men Bergsøy-keeper Pedro Luis Moreno Gonzalez stod imot med fleire viktige inngripingar.

Bergsøy hadde også sine sjansar før pause. Etter 41 minutt kom Peter Fjørtoft Sandanger til ein stor moglegheit etter eit godt angrep på høgresida, men avslutninga gjekk like utanfor. Dermed stod det 0–0 til sidebyte.

Strafferedning og dramatikk etter pause

I andre omgang heldt Bergsøy fram med å skape situasjonar framover, og debutanten Noah Frøystad kom inn etter 64 minutt og leverte friskt. Jonas Flø Paulsen var nære ved å gi gjestane leiinga med eit godt forsøk etter 78 minutt.

Kampens mest dramatiske augeblink kom likevel etter 74 minutt, då Ørsta fekk straffespark. Der stod Pedro fram som matchvinnar og redda både straffa – og deretter også den påfølgjande corneren. Kort tid etter meinte Bergsøy at dei skulle hatt straffe då Sander Mäkiperä Vike blei felt inne i 16-meteren, men dommaren lot spelet gå.

Det blei ikkje fleire store avgjerande situasjonar, og kampen enda 0–0.

Hoff: Ser konturane av noko som kan bli bra

Bergsøy-trenar Anders Helsem Hoff var nøgd med prestasjonen – særleg med tanke på smellane laget har hatt i det siste.

– Eg trur det er greitt med uavgjort i denne kampen. Det var ein fartsfylt og underhaldande kamp. Dei bomma på straffe og vi skulle hatt ei straffe. Begge lag hadde sjansar, sa Hoff etter kampen.

På spørsmål om kven han ville trekkje fram, var han klar:

– Pedro hadde ei kjemperedning i dag, så det var kjekt å sjå. Elles er banens desidert beste spelar Fredrik Muren. Han var heilt klasse.

For Hoff handla sesongavslutninga mykje om å rette opp inntrykket etter førre heimekamp.

– Der blei vi passive, stilleståande og svake i duellspelet. Vi stod fram mykje betre i dag. Vi kriga og jobba knallhardt. No ser vi at vi kan avslutte sesongen på ein positiv tone. Det er viktig for gjengen, for vi ser trass alt konturane av eit lag som kan hevde seg neste år, avslutta Hoff.

Med poenget i Ørsta endar Bergsøy sesongen på 6. plass på tabellen.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
24
Uavgjort
18
Tap
40
Mål
133–186
Informasjon
  • Dette er 82. kampen mot Ørsta.
  • 2. uavgjorten denne sesongen.
  • Mestscorande mot Ørsta: (42 mål).
  • Banens beste: Fredrik Muren.
  • Debutantar: Noah Frøystad.
Form (siste 5 totalt)
1–2 (L)
Hovdebygda
2024-09-20
0–5 (L)
Rollon
2024-09-27
2–1 (W)
Langevåg
2024-10-04
0–8 (L)
Herd
2024-10-11
0–0 (D)
Ørsta
2024-10-18
Form (siste 5 vs Ørsta)
3–2 (W)
Ørsta
2023-05-26
3–4 (L)
Ørsta
2023-09-15
4–6 (L)
Ørsta
2024-03-08
0–2 (L)
Ørsta
2024-06-28
0–0 (D)
Ørsta
2024-10-18
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 4
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
3.0
1 stemmer
📍
Aurstad Arena Kunstgras
👨‍⚖️
Sjur Engelsen Lange
👥
🔗
Banens beste
Debutantar
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar