Kampreferat
2025-03-15 • Cup – runde 72 • Kampnr 1460
Bergsøy
Ørsta
3-2
1-0 Enrique Crespo Søvik (19)
19'
2-0 Enrique Crespo Søvik (37)
37'
3-0 Nils Erik Engen (45)
45'
70'
🟨 Lasse Rebbestad
74'
3-1 Lasse Rebbestad (74)
77'
🟨 Gatlang Tut
79'
3-2 Gatlang Gatluak Tut (79)
Referat
Bergsøy var i store delar av førsteomgangen eit hakk vassare enn Ørsta. Ørsta opna riktignok friskt dei første femten minutta, men etter kvart vart det tydeleg kven som heldt høgast kvalitet.

Enrique Crespo Søvik fekk først ei scoring annullert for offside, men kort tid etterpå slo målsniken frå Bergen til igjen – og enda opp som tomålsscorar. Sander Bøe smelte til med eit kanonskot som gjekk rett i metallet, men Bergsøy skulle likevel gå til pause med 3–0. I siste minuttet av omgangen sende Nils-Erik Engen eit frispark frå god distanse rett i mål.

Rett etter pause var det Bergsøy-debutant Alexander Lillenes Hestad som trefte tverrleggjaren. Då såg det ut som dei 170 tilskodarane knapt kunne førestille seg at dette skulle bli spennande.

Men då klokka passerte 70 minutt og det framleis stod 3–0, vakna Ørsta brått til liv. Lasse Rebbestad reduserte i det 74. minutt, før innbytar Gatlang Gatluak Tut sette inn 3–2 fem minutt seinare.

Innbytet av Tut vart ein fulltreffar for Ørsta-trenar Toni Sandanger. Den høgreiste angrepsspelaren var med på å gi ørstingane fart og tru, og like etterpå var det også nære utlikning – men denne gongen var det Ørsta som trefte rammeverket.

Nærare kom ikkje gjestane, og dermed måtte tidlegare BIL- (og Sande-) trenar Sandanger gratulere gamleklubben med cupavansement.

Etter kampen trekte Hoff særleg fram debutantane Alexander Hestad og Elias Skogen Hauge – ikkje minst måten Hauge løyste ei for han uvant høgreback-rolle på.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
25
30,1%
Uavgjort
18
21,7%
Tap
40
48,2%
Mål
136–188
scoret–sluppe inn
Informasjon
Form siste 5 totalt
0–5
T
Rollon
2024-09-27
2–1
S
Langevåg
2024-10-04
0–8
T
Herd
2024-10-11
0–0
U
Ørsta
2024-10-18
3–2
S
Ørsta
2025-03-15
Form siste 5 vs Ørsta
3–4
T
Ørsta
2023-09-15
4–6
T
Ørsta
2024-03-08
0–2
T
Ørsta
2024-06-28
0–0
U
Ørsta
2024-10-18
3–2
S
Ørsta
2025-03-15
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 3
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
3.0
1 stemmer
📍
Havila Stadion
👨‍⚖️
Kristoffer Nevstad
👥
170
Kaptein
Debutantar
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar
Ørsta – lagoppstilling
Thomas Christiansen Hansen, Andreas Skarmyr Egset, Markus Halse, Eskild Dagfinrud, Reza Abouzari, Daniil Petrunin, Lasse Rebbestad, Anton Sumin, Matheo Remmen Bengtsson, Mats Johannessen Øvrebotten, Diego Sanchez Varga, Kristoffer Standal Fjelle, Nikolai Arne Sæbønes Tangen, Sigurd Hjellegjerde Aam, Jørgen Nygård Winjevoll, Gatlang Gatluak Tut, Gaute Melle Trellevik, Sverre Liaseth Vinjevoll