Kampreferat
2023-05-26 • Serie – runde 6 • Kampnr 1420
Bergsøy
Ørsta
3-2
1-0 Enrique Crespo Søvik (25)
25'
2-0 Enrique Crespo Søvik (51)
51'
72'
2-1 Andreas Schjetne (72)
3-1 Enrique Crespo Søvik (80)
80'
88'
3-2 Mats Øvrebotten (88)
Fredrik Muren 🟨
Junior Tombini 🟨
🟨 Anders Tangen
🟥 Mats Øvrebotten
Referat
Her gjer han det for tredje gong i år

Enrique Crespo Søvik leverte sesongens tredje hat trick då Bergsøy slo serieleiar Ørsta 3–2 på Havila stadion, i ein kamp der herøyværingane imponerte både med struktur, duellkraft og innsats. Etter kampslutt var det ein tydeleg stolt målskytt som knapt rakk å puste ut før eit titals unge supportarar ville ha selfie med helten.

– Det var ein skikkeleg lagsiger. Eg vart nesten rørt av laginnsatsen. Alle mann, frå bakarste og heilt fram til meg gjorde ein kjempejobb. Og den støtta vi fekk frå tribunen var enorm, sa Crespo Søvik.

Leiarmålet kom i det 25. minuttet og hadde start i ei sjeldan Ørsta-sjanse. Bergsøy slo raskt om med fem mann, og sjølv om den første avslutninga ikkje gav utteljing, heldt Glenn Are Elveseter ballen i live før han fann spissen framfor mål. Crespo Søvik var roleg og klinisk og plasserte ballen forbi Ørsta-keeper Thomas Hansen til 1–0.

Like etter pause slo Bergsøy til igjen. Igjen var det Crespo Søvik som gjorde det spissar skal: kom seg laus frå forsvararane og sette ballen sikkert i mål til 2–0. Etter ein time var det lite å seie på leiinga. Bergsøy styrte store delar av kampen, medan Ørsta framstod solide, men noko tamme i angrepsspelet.

Så kom nervane, litt ut av ingenting. I det 72. minuttet reduserte Andreas Rebbestad Schjetne etter passivt Bergsøy-forsvar og ei fin avslutning. Det skapte uro på tribunen – ikkje minst fordi Bergsøy allereie hadde sett to sigrar glippe på tampen denne sesongen.

Men denne kvelden hadde Bergsøy både svar og marginar. Berre åtte minutt etter reduseringa fekk Crespo Søvik ballen på nytt etter at ein Ørsta-spelar mislukkast med klareringa si, og toppscoraren sette inn 3–1. Det var samtidig hat trick nummer tre og mål nummer elleve for sesongen.

– Eg tør ikkje feire enno, sa Enrique då han passerte oss like etter å ha blitt byta ut.

Og han fekk rett i at kampen ikkje var avgjord. I det 88. minuttet reduserte Mats Øvrebotten til 2–3, og ei nervøs stemning la seg over stadion. Denne gongen heldt Bergsøy unna, og kampen vart også prega av at Øvrebotten fekk raudt kort på overtid. Då dommaren endeleg blåste av, kunne Bergsøy juble for tre poeng – og ei etterlengta kjensle av å ha stått heilt løpet ut.

– Eg var nervøs i sluttminutta. Vi har leia mange kampar, men så har vi tapt på slutten. Men i dag klarte vi det. Det gjer meg stolt, sa Crespo Søvik.

Med 11 av 15 Bergsøy-mål så langt denne sesongen er det vanskeleg å kome unna at spissen har vore heilt avgjerande, men sjølv peikar han først og fremst på dei rundt seg.

– Eg har gode lagkameratar som spelar meg fram, og då veit eg korleis eg skal score mål. Før sesongen trudde eg dette kunne bli ein god sesong, men eg hadde ikkje forventa elleve mål på fem kampar, smiler Enrique, som stod over serieopninga.

Bergsøy-trenar Frank Sverre Skorpen, som sjølv kjenner godt til målscorarkunsten, var også svært imponert – ikkje berre over måla.

– Det er hans soleklart beste kamp denne sesongen. Ikkje berre scorar han mål, men måten han bidreg i spelet elles er også veldig bra i dag, seier Skorpen, som samtidig omtalar det heile som ein solid lagsiger.

– I dag var det mykje bra. Eg er veldig nøgd med måten spelarane spring og duellerer på. Vi opptrer strukturert. Sjølvsagt er der ting som er mindre bra, som til dømes at vi sender heile laget fram på kontring når vi skal forsvare oss. Det handlar om å lese spelet. Men ein fortent siger etter skikkeleg laginnsats, avsluttar han.

Neste utfordring for Bergsøy blir Ytre Søre-duellen borte mot Hareid fredag 2. juni, og då kan det bli ein heilt annan type kamp.

– Det ryktast at det blir graskamp, så vi må få oss minst ei økt på Moltu før kampen. Så får vi sjå korleis vi taklar det. Hareid har overraska litt og vore bra i år, seier Skorpen.

Og med denne sigeren har Bergsøy verkeleg meldt seg på: Ørsta har riktignok spela ein kamp meir, men avstanden er redusert – og Bergsøy har vist at dei kan slå serieleiaren.

Bergsøy-laget (4-3-3): Pedro Moreno Gonzalez – Fredrik Muren, Trym Rekkedal, Sondre Nygård Olsen, Markus Kjelsli Ihle (Niklas Nerland Elveseter) – Roald Runde, Junior Tombini, Nils-Erik Engen – Glenn Are Elveseter (Anatolii Bieshliaha), Enrique Crespo Søvik (Kristoffer Dalstrøm), Bendik Frøysa.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
24
30,8%
Uavgjort
17
21,8%
Tap
37
47,4%
Mål
126–174
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 78. kampen mot Ørsta.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Fred Frantzen (22 mål)
    Ørsta: Stein Aam (12 mål).
  • 🏅
    Banens beste: Enrique Crespo Søvik.
  • ©️
Form siste 5 totalt
3–0
S
Volda2
2023-04-28
1–3
T
Langevåg
2023-05-05
2–3
T
Sif/Hessa
2023-05-12
3–0
S
Rollon
2023-05-19
3–2
S
Ørsta
2023-05-26
Form siste 5 vs Ørsta
2–4
T
Ørsta
2019-06-21
1–1
U
Ørsta
2019-10-12
2–0
S
Ørsta
2022-07-01
1–1
U
Ørsta
2022-10-21
3–2
S
Ørsta
2023-05-26
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 3
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
3.0
1 stemmer
📍
Havila Stadion
👨‍⚖️
Martin Solheim
👥
🔗
Banens beste
Kaptein
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar