Historisk status
Spelarmerittar
Tala blir meir presise etter kvart som eldre kampreferat blir registrerte.
Topp 10 målkampar
| Mål | Dato | Kamp (resultat) |
|---|---|---|
| 5 | 08.11.1990 | Wing - Bergsøy (28–29) |
| 2 | 19.03.1994 | Bergsøy - NTHI (17–24) |
| 2 | 12.12.1993 | NTHI - Bergsøy (17–35) |
| 2 | 06.01.1991 | Bergsøy - Klæbu (20–20) |
| 2 | 12.12.1990 | Bergsøy - Volda (17–15) |
| 2 | 11.11.1990 | Ringen/Stranda - Bergsøy (18–15) |
| 1 | 20.03.1994 | Bergsøy - Malvik (15–23) |
| 1 | 02.03.1994 | Bergsøy - Spjelkavik (26–20) |
| 1 | 21.11.1993 | Bergsøy - Skogn (13–22) |
| 1 | 02.12.1990 | Bergsøy - Charlottenlund (17–20) |
Statistikk
| Sesong | Kamper | Mål |
|---|---|---|
| 1999/2000 | 2 | 0 |
| 1998/1999 | 3 | 0 |
| 1996/1997 | 3 | 0 |
| 1994/1995 | 187 | 1 |
| 1993/1994 | 5 | 7 |
| 1992/1993 | 0 | 54 |
| 1991/1992 | 0 | 42 |
| 1990/1991 | 0 | 25 |
| 1988/1989 | 0 | 36 |
| 1987/1988 | 0 | 55 |
| 1986/1987 | 0 | 32 |
| 1985/1986 | 0 | 58 |
| 1984/1985 | 0 | 86 |
| 1983/1984 | 0 | 35 |
| 1982/1983 | 0 | 23 |
Sesong for sesong
Grøn søyle viser kampar per sesong, og blå søyle viser mål per sesong.
Kampar og kampreferat
Dette er det som er registrert i kampreferata/kamplista (lagoppstilling + mål per kamp). Tanken er at dette skal gi deg ein “status” på kor mykje som faktisk er lagt inn kamp-for-kamp, samanlikna med dei offisielle totalane over.
| Sesong | Offisielt | Serie/Cup | Total | |
|---|---|---|---|---|
| Kamper | Mål | K/M | K/M | |
| 1999/2000 | 2 | 0 | 0/0 · 0/0 | 0/0 |
| 1998/1999 | 3 | 0 | 0/0 · 0/0 | 0/0 |
| 1996/1997 | 3 | 0 | 0/0 · 0/0 | 0/0 |
| 1994/1995 | 187 | 1 | 0/0 · 0/0 | 0/0 |
| 1993/1994 | 0 | 0 | 5/0 · 7/0 | 5/7 |
| 1992/1993 | 0 | 54 | 0/0 · 0/0 | 0/0 |
| 1991/1992 | 0 | 42 | 0/0 · 0/0 | 0/0 |
| 1990/1991 | 0 | 25 | 7/0 · 14/0 | 7/14 |
| 1988/1989 | 0 | 36 | 0/0 · 0/0 | 0/0 |
| 1987/1988 | 0 | 55 | 0/0 · 0/0 | 0/0 |
| 1986/1987 | 0 | 32 | 0/0 · 0/0 | 0/0 |
| 1985/1986 | 0 | 58 | 0/0 · 0/0 | 0/0 |
| 1984/1985 | 0 | 86 | 0/0 · 0/0 | 0/0 |
| 1983/1984 | 0 | 35 | 0/0 · 0/0 | 0/0 |
| 1982/1983 | 0 | 23 | 0/0 · 0/0 | 0/0 |
Registrerte kampar i kampreferata
| Dato | Kamp | Resultat | Mål |
|---|---|---|---|
| 20.03.1994 | Bergsøy - Malvik | 15–23 | 1 |
| 19.03.1994 | Bergsøy - NTHI | 17–24 | 2 |
| 02.03.1994 | Bergsøy - Spjelkavik | 26–20 | 1 |
| 12.12.1993 | NTHI - Bergsøy | 17–35 | 2 |
| 21.11.1993 | Bergsøy - Skogn | 13–22 | 1 |
| 06.01.1991 | Bergsøy - Klæbu | 20–20 | 2 |
| 12.12.1990 | Bergsøy - Volda | 17–15 | 2 |
| 02.12.1990 | Bergsøy - Charlottenlund | 17–20 | 1 |
| 11.11.1990 | Ringen/Stranda - Bergsøy | 18–15 | 2 |
| 08.11.1990 | Wing - Bergsøy | 28–29 | 5 |
| 28.10.1990 | Molde - Bergsøy | 18–18 | 1 |
| 21.10.1990 | Bergsøy - Sandnessjøen | 24–20 | 1 |
Mål
Her samlar vi målstatistikken for spelaren. Totalen byggjer på sesonggrunnlaget, medan målkampane under viser det som er registrert kamp-for-kamp.
Mål år for år
Registrerte målkampar
| Dato | Kamp | Resultat | Mål |
|---|---|---|---|
| 20.03.1994 | Bergsøy - Malvik | 15–23 | 1 |
| 19.03.1994 | Bergsøy - NTHI | 17–24 | 2 |
| 02.03.1994 | Bergsøy - Spjelkavik | 26–20 | 1 |
| 12.12.1993 | NTHI - Bergsøy | 17–35 | 2 |
| 21.11.1993 | Bergsøy - Skogn | 13–22 | 1 |
| 06.01.1991 | Bergsøy - Klæbu | 20–20 | 2 |
| 12.12.1990 | Bergsøy - Volda | 17–15 | 2 |
| 02.12.1990 | Bergsøy - Charlottenlund | 17–20 | 1 |
| 11.11.1990 | Ringen/Stranda - Bergsøy | 18–15 | 2 |
| 08.11.1990 | Wing - Bergsøy | 28–29 | 5 |
| 28.10.1990 | Molde - Bergsøy | 18–18 | 1 |
| 21.10.1990 | Bergsøy - Sandnessjøen | 24–20 | 1 |
Sesong for sesong
| Sesong | Lag | K | S | U | T | MF | MM | +/− | Poeng | Tabell |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 2011/12 | Handball Damer | 17 | 10 | 1 | 6 | 386 | 333 | 53 | 21 | |
| 2010/11 | Handball Damer | 14 | 9 | 1 | 4 | 314 | 255 | 59 | 19 | |
| 2009/10 | Handball Damer | 24 | 15 | 2 | 7 | 539 | 453 | 86 | 32 | |
| 2008/09 | Handball Damer | 16 | 7 | 0 | 9 | 343 | 326 | 17 | 14 | |
| 2007/08 | Handball Damer | 20 | 14 | 0 | 6 | 421 | 331 | 90 | 28 | |
| 1999/00 | Handball Damer | 16 | 7 | 1 | 8 | 304 | 359 | -55 | 15 | |
| 1998/99 | Handball Herrer | 16 | 7 | 1 | 8 | 364 | 356 | 8 | 15 | |
| 1997/98 | Handball Herrer | 19 | 7 | 1 | 11 | 473 | 474 | -1 | 15 | |
| 1996/97 | Handball Herrer | 18 | 6 | 1 | 11 | 376 | 392 | -16 | 13 | |
| 1995/96 | Handball Herrer | 16 | 8 | 1 | 7 | 369 | 356 | 13 | 17 | |
| 1995/96 | Handball Damer | 22 | 10 | 2 | 10 | 480 | 465 | 15 | 22 | |
| 1994/95 | Handball Herrer | 16 | 11 | 1 | 4 | 379 | 329 | 50 | 23 | |
| 1994/95 | Handball Damer | 20 | 10 | 2 | 8 | 470 | 448 | 22 | 22 | |
| 1993/94 | Handball Herrer | 22 | 9 | 0 | 13 | 463 | 492 | -29 | 18 | |
| 1993/94 | Handball Damer | 18 | 14 | 0 | 4 | 407 | 282 | 125 | 28 | |
| 1989/90 | Handball Herrer | 22 | 9 | 2 | 11 | 505 | 531 | -26 | 20 | |
| 1986/87 | Handball Herrer | 14 | 6 | 2 | 6 | 294 | 293 | 1 | 14 | |
| 1986/87 | Handball Damer | 18 | 1 | 1 | 16 | 183 | 363 | -180 | 3 | |
| 1986/87 | Handball Damer | 18 | 1 | 1 | 16 | 183 | 363 | -180 | 3 | |
| 1985/86 | Handball Damer | 12 | 8 | 3 | 1 | 207 | 158 | 49 | 19 | |
| 1984/85 | Handball Herrer | 18 | 6 | 0 | 12 | 350 | 388 | -38 | 12 | |
| 1984/85 | Handball Damer | 10 | 2 | 2 | 6 | 152 | 179 | -27 | 6 | |
| 1984/85 | Handball Damer | 10 | 2 | 2 | 6 | 152 | 179 | -27 | 6 | |
| 1982/83 | Handball Herrer | 14 | 0 | 0 | 14 | 251 | 418 | -167 | 0 |
Relaterte bilete
Biografi
★ Les også: Stjerneprofilen til Tor Sindre Steinsvik Stjerneprofil Tor Sindre Steinsvik · Den store historia →Tor-Sindre Steinsvik var aktiv i handballgruppa gjennom ei årrekkje, både som spelar, trenar, leiar, styremedlem og sportsleg leiar.
Han var aktiv spelar til han var 43 år og står på vår strenge adelskalender oppført med 195 kampar. Truleg skulle han hatt fleire kampar på lista.
«Då dei starta herrelaget førte dei nok ikkje statistikk. Vi fór inn i Ørsta og spelte den tida. Så, i 1976 var eg med ei stund, så reiste eg til Ålesund og spelte på Rollon i tre år og hadde ein del kampar der før eg kom tilbake.»
Spelarkarrieren
Statistikken vi har, startar i sesongen 1982/83 i 4. divisjon. Denne sesongen spelte Tor-Sindre 16 kampar og scora 23 mål.
Men handballkarrieren hadde starta lenge før dette.
«Det som starta handballen for meg var at vi spelte i friminutta og i gymtimane, og damene spelte i Bergsøycup. Så frå 1976 trente vi i gymsalen på Borga, med harde taklingar.»
I 11 strake sesongar fram til 1992/93 spelte Tor-Sindre jamt tosifra tal kampar kvar sesong. Til saman scora han 508 mål i denne perioden.
Flest mål scora han i sesongen 1984/85, med imponerande 86 mål på 18 kampar.
Dei siste sesongane blei det litt færre kampar. I 1994/95 spelte han tre kampar og scora eitt mål. Det blei tre kampar i kvar av sesongane 1996/97 og 1998/99, før spelarkarrieren på vår liste enda med to kampar i 1999/2000.
Totalt frå 1982/83 spelte han 15 sesongar for herrelaget. Sju av sesongane var i 4. divisjon og åtte i 3. divisjon.
Han mottok pris for 100 kampar under Handballens dag i 1989 og for 150 kampar i 1992.
Engasjement på bana
Tor-Sindre var ein engasjert spelar og trenar, så vi måtte sjølvsagt spørje kva forhold han hadde til dommarane.
Tor-Sindre svarte med eit smil:
«Eg hadde eit godt forhold til dommarane, men eg kjefta mykje på dei. Mannfolk i krig må gå ut over ein kvann. Men det blei ikkje så veldig med raude kort.»
Eit godt bevis på engasjementet kom i 1993, då han var trenar for herrelaget.
I ein kamp mot Skogn meinte Steinsvik at det hadde vore nok labert spel ute på bana. Då hivde han på seg drakta, gjekk innpå og scora i sitt første angrep.
Deretter heldt han fram med å dirigere troppane sine på ein ypperleg måte.
Ein lang trenarkarriere
Synest du lista som spelar er imponerande, kan du trekke pusten litt før vi startar på Steinsvik si liste som trenar.
I sesongen 1982/83 var han trenar saman med Ove Vinge for herrelaget. I 1984/85 var han trenar for både herrelaget og damelaget samtidig.
«For å få det til måtte damelaget og herrelaget trene same dag. Då hadde vi sett av kvelden. Samtidig dreiv eg med politikk, og så jobba eg på Frøystad Fiskevegn.
Det var stort sett at eg kom på treningane og hengde frå meg kjeledressen, og når treninga var ferdig tok eg på meg dressen igjen og fór på jobb. Det var ei travel tid.»
På vår liste over handballtrenarar for A-laga til herrar og damer står Tor-Sindre som trenar i 16 forskjellige sesongar.
I fem av sesongane var han trenar for både herrelaget og damelaget samtidig.
Til saman summerer vi opp at han har vore hovudtrenar for herrelaget i 10 sesongar og for damelaget i 12 sesongar.
«Når begge laga var i 3. divisjon, så var problemet å nå fram mellom hallane. Terminlista måtte settast opp sånn at eg kunne rekke frå den eine hallen til den andre. Det var å hoppe i ein bil som stod klar.
Rune Notøy, Terje Krogset og Bodil Notøy gjorde alle ein fantastisk innsats for å få det til. Bodil ofra alt for at vi skulle ha det bra.»
Dei siste registrerte åra hans som trenar var for damelaget i fem sesongar på rad, frå 2007/08 til 2011/12.
Her må vi ta eit lite atterhald. Historikk.com har arbeidd med fotballstatistikken i mange fleire år enn handballstatistikken, så noko kan mangle. Tor-Sindre sjølv meinte at han var trenar fram til rundt 2013/14.
Utmerkingar
Tor-Sindre blei Årets herrespelar i Bergsøy sesongen 1991/92.
I 2002 fekk han Herøy kommune sin kulturpris, og i 2020 fekk han ei av dei største utmerkingane i Bergsøy Idrettslag då han blei utnemnd til æresmedlem.
Torbjørn Hide sa dette då æresmedlemskapet blei delt ut:
«Tor Sindre Steinsvik var svært delaktig i framgangen til Bergsøy Handball på 80- og 90-talet. Denne personen skal ha mykje av æra for den positive utviklinga i denne perioden.
Han var spelar, trenar for herrelag, damelag og aldersbestemte lag, og var også ei periode deltidsansatt i Norges Handballforbund.
Han har eit brennande engasjement for dei unge og frivillig arbeid, og det er ikkje berre Bergsøy som får nytte hans engasjement. Mange frivillige verv har blitt besett av denne personen.
Det er ei stor ære og glede å kunne, på vegner av Bergsøy Idrettslag, utnemne Tor-Sindre Steinsvik til æresmedlem.»
Ei snill kone
Når ein ser kor mange år Tor-Sindre brukte som spelar, trenar, leiar og frivillig, er det lett å forstå at handballen tok mykje av fritida.
Tor-Sindre sjølv seier at det berre var ei snill kone som gjorde alt dette mogleg.
«Mykje feriedagar blei brukt. For eksempel om vi skulle på lossing til inntekt for handballen, så brukte eg feriedagar.»