Bergsøy 60 år
Reportasje fra da Bergsøy var 60 år. Klubben i vårt hjerte fyller rundt år.
I år er det 60 år sidan Bergsøy Idrettslag vart skipa. Det er god grunn til å gratulere Bergsøy Idrettslag for det laget har stått for og fått utført gjennom desse 60 åra.
Skipinga av Bergsøy Idrettslag
År 1944 den 4. oktober ble det på Bergshall holdt skipingsmøte for danning av ein idrettsforening på Bergsøya. Møtet var saman kalla av Andreas Sævik og Andreas Lied. Dessutan var følgjande til stades:
Ole Karlsen, Sverre Leine, Helge Pettersen, Arne Hjelmeseth, Peder Worren, Kristoffer Kvalsvik, Kåre Velsvik, Peder Hopen, Gudmund Leikanger, Mads Kleiven, Erling Stenersen, John Kopperstad, Norvald Vågsholm, Knut Nilsen, Olav Djupvik, Mathias Leine, Petter V Pettersen, Alf Vinge, Håkon Pettersen, Gerh. Pedersen, Astor Pettersen, Håkon Hansen, Mindor Reite, Per Pedersen, Norris Pettersen, Steinar Stenersen og Oleander Brekke.
Alle teikna seg som medlemmer, og det ble valt følgjande styre: Andreas Sævik (formann), Andreas Lied (nestformann), Peder P. Worren (sekretær), Kåre Velsvik (kasserer) og Norris Pettersen (materialforvaltar).
Bergsøy Turn og Atletklubb, som laget heitte då det blei skipa, satsa i den fyrste tida på aktivitetane gymnastikk, turn og boksing, og det blei halde treningar på Bergshall med Andreas Sævik som instruktør. Han var i denne perioden den sentrale leiaren i laget både som formann og instruktør. Det var ofte styremøte, og møteprotokollane fortel også om god aktivitet i laget dei to fyrste åra. Styremøta vart for det meste haldne på hybelen til Andreas Lied.
1945: Skirenn
I 1945 vart det arrangert skirenn. Det vart tevla i både hopp og langrenn. Andreas Sævik vart suveren vinnar av langrennet med Astor Pettersen og Finn Voldnes på dei neste plassane. Eivind Myklebust hadde det lengste hoppet i hoppkonkurransen, som vart halden på marka nedanfor Høgtun i Skarabakken. Han hoppa 15,5 meter, men braut ei ski. Det enda med at Andreas Sævik vann hopprennet også, og på dei neste plassane kom Astor Pettersen og Finn Voldnes endå ein gong.
24. mai 1945: Bergsøy Idrettslag
På styremøtet 24. mai 1945 vart det vedteke at laget skulle skifte namn til Fosnavåg Idrettsforening. Men berre seks dagar seinare vart det gjort vedtak om å melde laget inn i Norges Idrettsforbund med namnet Bergsøy Idrettslag.
No hadde fotballinteressa vakna for alvor. 10. juni vart det halde folkemøte på Bergshall, og mange møtte fram. På møtet var det stemning for å kjøpe grunn til idrettsanlegg ved Bergshall. Men då det skulle røystast, «stakk alle frå Berge av», står det i møteprotokollen.
«Grunnen til dette veit vi ikkje, men det går rykter om at dei ville begynne på ein bane for seg sjølve.»
Heid Idrettslag
I 1945 vart Heid Idrettslag skipa, og laget fekk sin idrettsplass oppe i marka på Berge. Bergsøy Idrettslag fekk kjøpe grunn i Huldalen hausten 1945. Begge laga fekk i 1946 eit kommunalt tilskot på 2000 kroner til opparbeiding av bane.
I Huldalen vart grøftinga unnagjort i desember 1945 etter god dugnadsinnsats. Ei helg vart det skipa til marknad med skytebane og tombola på fredag og laurdag, og på søndag var det revy. Dette vart eit årvisst arrangement dei neste åra, og ein fekk på den måten inn pengar som kom godt med i det vidare arbeidet med bana.
Den fyrste kampen
Fotballen rulla på skuleplassen ved Myklebust skule. Her vart det spela mange «store» kampar, og laget reiste dessutan til ulike bygder på Sunnmøre og gjorde det slett ikkje så verst. Ola Goksøyr fortel at eit lag samansett av spelarar frå Runde og Goksøyra spelte ein kamp mot Fosnavåg på skuleplassen ved Myklebust skule. Ola Goksøyr fortel:
-"Eg var sjefen for Rundegjengen. Vi syntest vi hadde nådd eit slikt høgt fotballnivå på Runde at vi var modne for større oppgåver enn å spele mot kvarandre. Vi hadde høyrt at det skulle være eit bra lag i Fosnavåg, og at sjefen deira var ein Peder Worren. Eg ringte han og avtala kamp. Vi møtte opp på skuleplassen med ei optimistisk innstilling og ei klar formeining om at vi skulle ta rotta på fosnavågarane. Men vi kom raskt ned på jorda. Runde/Goksøyra fekk seg ein skikkeleg baksmell. Vi tapte heile 2–12. No var vi kanskje ikkje så dårlege som resultatet kan tyde på. Frå Runde kom glimrande spelarar som tvillingbrørne Per og Inge Ervik, for ikkje å snakke om Hans Ottesen. Øystein Østensen Goksøyr var eit stortalent. Eg trur vi hadde like godt mannskap som fosnavågarane, men på Runde brukte vi å spele på gras. Vi var så visst ikkje eit grusbane-lag. Skuleplassen ved Myklebust skule var så hard at teknikken vår ikkje kom til sin rett. Dessutan var ballen vi nytta så knallhard at vi fekk problem. Det var slik ein voldsom og merkeleg sprett i han. Om Peder Worren & co hadde pumpa ballen ekstra hard for at han skulle sprette slik han gjorde, eller gjort anna lureri, veit eg ikkje. Men i ettertid har eg aldri sett ein ball oppføre seg slik som denne. For oss unge rundeværingane var dette eit mysterium. Det var ein slukøra gjeng som seinare på dag for ut Holmefjorden med kurs for heimleg farevatn."
Dette fotballmøtet skulle likevel få mykje å seie for Ola Goksøyr.
-"Etter kampen kom Peder Worren og ville snakke med meg. Han sa at han hadde lagt merke til at eg hadde scora begge måla til Runde/Goksøyra. Peder meinte eg hadde potensial som fotballspelar, og at eg derfor kunne verte ein bra mann for fotballaget i Fosnavåg, eller kanskje var det Bergsøy Idrettslag han hadde i tankane. Det vart i alle fall oppretta kontakt imellom oss, og frå 1945 til 1965 var eg fast inventar på fotballaget til Bergsøy. Eg fekk spele både i dei grøne og dei raude og kvite draktene dei åra eg var med i klubben. Det var ei utruleg rik tid for meg. I Bergsøy Idrettslag vart eg frå fyrste dag godt motteken. For meg som budde ute i Goksøyra var det stort å kome inn i dette miljøet. Eg vart kjent med mykje folk og fekk mange gode vennar. Somme av dei er mine beste vennar den dag i dag", fortel Ola Goksøyr.
Ola Goksøyr var også med på å spele mot Heid Idrettslag. Her var det sterke kjensler inne i bildet både før, under og etter kampane. Men det var alltid god stemning og mykje dramatikk i desse lokaloppgjera, enten det var i Huldalen eller på Heid kampane gjekk.
Der var ei knallhard Heid-kjerne i Straumen-området som gjorde at temperaturen kunne verte svært høg under desse kampane. Det var aldri uvennskap mellom klubbane, men det rådde ei steinhard patriotisme i begge leirar. Bergsøy heldt seg for å vere betre fotballspelarar enn heidarane, og det blei då sårt dei gongane det blei tap.
Seinare var Heid slått saman med Bergsøy, og det var eit klokt trekk. Spelarane på Heid og Bergsøy gjekk godt i lag, og det blei eit rikare miljø for alle partar. Mange av karane på Heid var fargerike typar som det var triveleg å vere saman med. Litt etter litt tok dei ivrigaste Heid-tilhengarane til å heie på Bergsøy. Dei såg sine eigne gjere det godt på Bergsøy, og det var det som skulle til.
1952: Serievinnar
I 1952 sto fotballbana i Huldalen endeleg klar, men før den tid hadde laget spelt nokre kampar på bana. Fyrste kampen Bergsøy spelte der var mot Sundgot, men då var berre ein del av bana grusa. Ho var då så lita at ein ikkje kunne stille med 11 mann, truleg brukte ein 8-mannslag.
Laget vart meldt inn i Sunnmøre Fotballkrins 7. mai 1951, og det blei kjøpt inn drakter. Dei var grøne med kvit krage, og buksene var blå. 1952 var den fyrste store fotballsesongen for laget. Då var anlegget i Huldalen ferdig, og i ein storleik som gjorde at det kunne spelast seriekampar der.
I møteprotokollen kan ein lese at fotballaget hadde spelt sine første kampar i 3. divisjon, og med godt resultat. Av åtte kampar vann Bergsøy seks og toppa tabellen ved sidan av Vartdal. Det mest benytta laget i denne perioden var: Finn Voldnes, Nils V. Pettersen, Leif Pettersen, Sigmund Paulsen, Jon Ertesvåg, Peder P. Worren, Petter J. Pettersen, Erik Løfoll, Knut Nilsen, Ola Goksøyr og Sverre Botn.
Handballgruppa
Det vart også skipa ei damehandballgruppe kring 1950. Laget som fortrinnsvis blei benytta i 1952-sesongen var Anna Nilsen, Janny Hopen, Palma Leikanger, Lilly Flote, Jorunn Leikanger, Grethe Solbakk, Liv Igesund og Bjørg Leikanger.
Bjørg Stenersen fortel:
-"Då eg var jentunge fekk vi så å seie aldri spele fotball i lag med gutane. Derfor måtte vi finne på noko sjølv, og då vart det gjerne handball. Fram til 1951 vart treningane avvikla på skuleplassen ved Myklebust skule. Vi var ein gjeng med jenter som møtte opp før dametreningane tok til. Peder Worren, som trena damene, instruerte oss jenteungane litt før dametreningane tok til. Det hende også at vi jentene fekk vere med på desse treningane. På den måten blei vi tidlig interesserte i handball.
Grethe Myklebust og eg var skikkeleg stolte då vi i 1951 fekk beskjed om at vi som 13 og 14 år gamle vart tekne ut på damelaget. Dette var i den tida då handball var ein utandørsidrett.
I 1951 vart Bergsøy krinsmeister. I tillegg vann laget B-serien og rykte opp i A-serien. Det var også i denne sesongen at laget spelte sin første kamp i Huldalen. Det skjedde jonsokafta – Bergsøy slo Hareid 6–1. Etter denne sesongen slutta den gamle garde. Berre to–tre var att på laget då 1952-sesongen tok til. Det var altså snakk om eit generasjonsskifte.