Står utanfor porten
Og bankar på døra mot noko stort
Vi har knapt fått igjen pusten etter at Bergsøy nok engang vann ein toppkamp i siste sekunda.
Kampen var stoppa idet det sto igjen 7 sekunder på tavla. Charlottenlund har gjort comeback og stillinga står på 32-32. Heile 412 tilskodarar på tribuna følar at laget må score no for å fortsatt ha sjansen på opprykk.
Dommaren bles i fløyta. Petter sentrar til Markus.
No står klokka på 29:55.
Markus sentrar tilbake til Petter.
Klokka er 29:56
Petter har kvikke steg, satsar på venstrefoten inn i feltet, svinger høgrehanda.
Og i dei to siste sekunda av kampen er det berre jubel.
For seieren. Og for at håpet om direkte opprykk fortsatt lever.
Sigeren burde vore avgjort tidligare i kampen. Da halve første omgang var spelt var stillinga 13-4. Bergsøy hadde gått ut i hundre. Fordi dei var heiltende på å vinne. Men tenninga gjekk litt ut.
Det var 5 mål til pause. Men sju minutt ut i 2.omgang var det berre to måls ledels, og ved halvspelt omgang var ledelsen nede i ett mål. Nærvane var store for oss som var på sidelinja.
Charlottenlund låg under allereie etter 37 sekund i kampen, og låg under også dei neste ca 54 minutta. Men så var dei pluttselig tilbake til 30-30 da det sto igjen litt over 5 minutt av kampen. Sjølv med to mann meir på bana klarte ikkje Bergsøy å score.
Og da Charlottenlund satte inn 32-32 etter 29:40?
Det virka det som om dette var slutt. Vi hadde rota det vekk.
Men all den nervøsiteten som dei 412 på tribuna hadde, og trenarane, og spelarane.. den skjelvinga i knena og dei sveitte armringane.. alt det forsvann over i jubelbrølet da Petter satte inn vinnarmålet.
Akkurat som Bergsøy gjorde mot Charlottelund på bortebane i desember da Ekmann satte inn 24-25 i aller siste sekund. Og Åsane heime slo vi med ett mål i siste minuttet.
Så nærme toppen av landet
Det vi sit igjen med er at Bergsøy fortsatt toppar 1.divisjon, og er idag det 15.beste laget i Norge.

Det er synd at neste kamp er borte mot Bodø. For hadde det vore Bergen eller Trondheim så hadde mange tatt reisa. Det er verre til Bodø. Det er over 1000 kilometer og over 15 timar med bil. Fly kostar gjerne endel for mykje - og en supporterbuss tek ei heil arbeidsveke tur retur når kampen spelast på en onsdag.
Synd fordi Bergsøy skulle hatt all den støtta dei kan få, men også fordi det trulig er Bergsøyhistoriens største bortekamp sidan A-laget i fotball reiste til Sverre den 12.oktober i 1980. Altså over 45 år sidan. Kampen for opprykk til tidens nest øverste divisjon i fotball.

Bodø vil være favorittar på heimebane. Det betyr at Bergsøy ikkje har mulighet til å gjere som mot Charlottenlund - å slappe av. Mot Bodø er det berre 100% som teller om det skal være håp om poeng.
412 tilskuarar mot Charlottenlund: Berre tre gangar siste åra har vi sett fleire på tribuna. Det vil uten tvil bli fullt på tribuna også i sesongens aller siste seriekamp, 12.april mot Kragerø. Uansett korleis det går i Bodø.
Spørsmålet er om det er kan bli en historisk festdag også.
Håpet levar iallfall vidare til over påska.