Tilbake

Fra det første laget

🕒 2026-05-06 00:00
🏷️ Historie

En av dei siste er borte

Trykk for å gi saka ein tommel opp.

Bildet over er frå Tollåsgarden i 1937. Bak midt mellom to jenter i fremste rekke sit en liten gut som er 3-4 år med namn Nils V Pettersen. Han skulle seinare spele den aller første seriekampen til Bergsøy. Av andre på bildet som også spelte kampar er Leif K Pettersen nede i høgre hjørne, han som smiler mest og som også fekk mange til å smile med sine bidrag til Bergsøyfilmen.

Hopper vi nokre år fram i tid, kjem vi til et klassebilde i 1943. Det er et skulebilde av andreklassingane ved Myklebust skule. Krigstid i Norge. Desse blei født i 1934, og berre Norvald og Sigmund av gutane endte ikkje opp med å spele på A-laget til Bergsøy.

Nils Nilsen, Jan Vinge, Leif Tronstad, Jon Stenersen, Sverre Botn, Oddvar Myklebust, Norvald Myklebust og Sigmund Garvik. Solveig Støylen, Ranveig Myklebust, Inga Notøy, Turid Karlsen, Åse Selvåg, Herdis Frantsen og Lidun Skinnes.

Nils Nilsen var keeper på det første laget i 1952, delte på keeperplassen med Finn Voldnes. Jan Vinge, Leif Tronstad og Sverre Botn spelte på midtbana i den aller første seriekampen mot Brattvåg. Oddvar Myklebust spelte på Heid dette året, og gjekk til Bergsøy først sesongen etter.

Leif Tronstad er kanskje mest kjent fordi han var tannlege i Fosnavåg. Sverre Botn var flink å tre ballar igjennom til andre spelarar på løp, men spelte og sprang på A-laget frå den første kampen i 1952 til han gav seg i 1966 over 120 kampar seinare.

Det første laget vil alltid være legendarisk. Dei bana vei for det vi har idag. På laget var det pådrivarar og æresmedlemmar som Ola Goksøyr og Peder Worren. Men det startar altså å bli lenge sidan. Spelarane som spelte den første kampen ser du på dette bildet under. For litt rettare plassering av posisjonar kan du sjå dette bildet.

Nils Pettersen: En av dei siste

Det er over 75 år sidan den første seriekampen til Bergsøy, og det er naturlig nok ikkje mange igjen av dei som spelte på denne tida. Historikk.com intervjua Ingvald Stenersen og Oddvar Myklebust for nokre år sidan. Ingvald spelte kampar frå 1954 og Oddvar frå 1953. Ingvald døde tidligare iår, 89 år gammal.

Intervju blei også gjort med Sigmund Paulsen, som var med å spelte den aller første kampen. Og lenge trudde eg at han var den siste av gjengen frå 1952.

Men tilbake til guten frå det første bildet. I 1952/53 melde også Nils V Pettersen seg inn som medlem i Bergsøy , og spelte høgreback i den aller første kampen. Han er på fleire lagbilder i startfasa, og i det aller første lagbildet (under) sit han framme til venstre.

17.08.1952: Laget som slo Vartdal i lagets tredje kamp, Bergsøy sin første bortesiger i seriesystemet. Petter J Pettersen, Jan Vinge, Erik Løfoll, Sigmund Paulsen, Knut Nilsen, Jon Ertesvåg, Peder Worren, Kristian Østensen, Ola Goksøyr, Harald Djupvik, Sverre Botn og Leiv Tronstad. Framme fra venstre: Nils V Pettersen, Nils P Nilsen og Leif K Pettersen. Fleire namn som står på den første diplomen.

Det sto skrevet:

"Første laget BIL stilte var dette frå mål til ytre venstre. Nils P. Nilsen, Nils V. Pettersen, Peder P. Worren, Sigmund Paulsen, John Ertesvåg, Ola Goksøyr, Knut Nilsen, Leif Tronstad, Sverre Botn.

Han var omtalt som Nils V Pettersen i lagoppstillingane. V kjem frå farsnamnet Vidar Pettersen, mens heile namnet er Nils Arnvid Pettersen. Han var bror til blant andre Noris, Astor og Petter Pettersen som alle var på det første skipningsmøte på Bergsøy da klubben blei danna som Bergsøy Turn og Atletklubb i 1944. Meir om kvar av dei som var på skipningsmøtet kan du lese om her.

I den første sesongen er det berre i den første kampen at vi har ei komplett lagoppstilling, så kor mange kampar Nils V Pettersen spelte er vanskelig å finne ut. Det er ikkje så viktig. Poenget er at han var ein av dei første. Og en av dei siste.

Han spelte ifølge Johs Wike si bok Idrett i Havgapet under den første kampen i 1947 da Heid og Bergsøy stelte istand en treningskamp med 8-9 mann på kvart lag. Var altså back ilag med Peder Worren den første kampen i 1952, og fekk diplom etter seriemesterskapet 1952/53 som en av dei som spelte flest kampar for Bergsøy den sesongen.

Idag begravast Nils Pettersen i Bergen, Loddefjord kirke. Kvil i fred.

Bildet under: Første heimekampen i 1952.

Trykk for å gi saka ein tommel opp.