Bygger for framtida Tilbake

Bygger for framtida

🕒 2026-05-22 00:00
🏷️ Historie

Kva ventar i enden av regnbogen?

Trykk for å gi saka ein tommel opp.

Store nyheter for Bergsøy Handball siste dagane. Det er spelarar, det er speletillatelse, det er utviding og det er store middlar inn. Meir om dette lengre nede i saka, men først et lite tilbakeblikk med tanke på handball-arena i Herøy:

Herøyhallen

⭐ Det blei vedtatt i 1974 at det skulle kombinerast samfunnshus og idrettshall på Bergsøya.
⭐Bygginga starta i 1977 og kunne takast i bruk på hausten i 1979.
⭐ Den 20.november 1980 blei Herøy Kulturhus offisielt opna, et bygg som opprinnleg skulle koste 17 millionar men som endte nærmare 22.

⭐ I oktober 1979 blei namnet Herøyhallen vedtatt av Herøy skulestyre. Byggeleiar var Arne Frøystadvåg og vaktmester Alf Eggesbø var ein av dei som såg fram til at hallen skulle stå ferdig.

⭐ Fredag 19.oktober 1979 blei Harøyhallen tatt i bruk for første gang. Formann i Bergsøy Kjell Vike overrekte blomar til Paul Nærø som var formann i byggenemnda for hallen. Det første som skjedde i hallen var ei five-a-side turnering i fotball for dei yngste.

Då hallen blei opna var det fulle tribuner. Og sidan har det vore fulle tribuner fleire gongar. I august 1989 var det trulig omlag 1000 mennesker samla i hallen på en gang da Kongens Garde var på besøk.

REM Arena

Søndag 30.mars 2025 blei det offisielt at idrettshallens nye namn blei REM Arena Fosnavåg. Ei omfattande 10-års sponsoravtale mellom REM Offshore og Bergsøy Handball var på plass.

Det var sagt då at REM Arena skulle være en arena for både topphandball og breiddeidrett, og at en såg fram til å følge utviklinga til klubben i åra som kjem. Lite visste en kanskje då at utviklinga skulle gå så fort. Med den sportslige suksessen så ballar det på seg. Eliteseriespel ventar, og da er det nye krav.

Men Bergsøy Handball har hittil hatt mange gledelige nyheter:

👉 Bergsøyspelarar har signert nye kontrakter, deriblant Pauli Høj og Sigvart Kval.
👉 Linjespelar Ruben Meder har meldt overgang til Bergsøy fra Halden Topphandball. Han spelte Eliteserie der ifjor.
👉 Igår 21.mai blei det bekrefta at Bergsøy får spele Eliteserie på Rem Arena den komande 2026/27 sesongen.
👉 Og idag 22.mai fekk Bergsøy Handball tildelt 2 millioner kroner for utviding av tribunekapasiteten av Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.

Igår la klubben ut at for å møte krav så skal det byggast mesanin over tribuna, slik at tv, media, speaker og dj får sine faste plassar. Det åpnar opp for kanskje ei 20 ekstra publikumsplassar.

Det skjer i Bergsøy Handball

Klubben ligg med andre ord ikkje på latsida. Det er mykje som skal på plass før seriestart. Utviding av tribune er nok ikkje noko som skjer til denne komande sesongen, med unntak av dei ca 20 plassane som vil kunne bli frigjort med tanke på mesaninen som er planlagt - men større planar vil naturlig nok bli diskuterte rundt fleire bord.

Det vil med andre ord være plass til rundt 450 tilskuarar på Rem Arena komande sesongen også. Tida får vise. Det blir trangt om plassane - og det blir tøffe tak om å få tak i bilettane til kamp. Mest trulig.

Men klubben utvid både lag og stadion samtidig. Mange ting skjer.

Bergsøy Handball bygger ikkje berre lag for framtida.
Klubben bygger også arenaen for framtida.

Trykk for å gi saka ein tommel opp.