Frå Bergsøy til eliteserien Tilbake

Frå Bergsøy til eliteserien

🕒 2026-06-01 00:00
🏷️ Handball

Kaptein. Toppscorar. Opprykkshelt. Europacupspelar. No går Kine Kvalsund frå Larvik til Utleira og held fram reisa på høgaste nivå i norsk handball.

Trykk for å gi saka ein tommel opp.

Frå Bergsøy-hallen til Europa.

Medan herrelaget no gjer seg klare for eliteseriespel, er det verdt å løfte fram ei anna Bergsøy-historie. Ei handballreise som har gått frå Herøyhallen til europacupspel og vidare mellom eliteserieklubbar.

👉 Ingen kvinneleg handballspelar frå Bergsøy har hatt ei lengre og meir merittert karriere i topphandballen enn Kine Kvalsund. Frå oppveksten i Bergsøy til ei sentral rolle og kapteinsansvar i Volda, historisk opprykk til eliteserien og spel for storklubben Larvik.

👉 Etter å ha passert 100 kampar for Larvik har ho no meldt overgang til Utleira Elite.

Utleira sikra seg eit historisk opprykk for under en månad sidan. At Kine går frå Larvik til Utleira vil dermed sikre den nyopprykka klubben en spelar som har rutine frå fleire sesongar med Eliteseriespel. Og dette er kanskje eitt av kjenneteikna til Kine si handballkarriere hittil:

Det har ikkje vore noko snarvegar.

Det er nok en av grunnane til at Kine har vore kaptein for sine lag i mange år. Ho brettar opp ermane, tek ansvar og kastar seg inn i nye utfordringar

Reisa starta i Bergsøy

Ho var jo tidleg god – og kom med på J16-sonelag. På den same samlinga var blant andre også jamgamle Kristine Håheim Vike frå Bergsøy. Dei to skulle seinare bli lagvenninner i Volda. Sjølv har Kine sagt at ho ikkje har vore barnetalent, men jobba tolmodig for framgangen. Og slik står det også i en portrett i topphandball.no:

- Du behøver ikke å ha fått idretten inn med morsmelka og vært barnestjerne for å lykkes som håndballspiller. Det er Voldas kantspiller og lagkaptein, Kine Kvalsund, sjølve beviset på. (..) Debuten på det øverste nivået i Norge fikk hun da hun var 29".

Men tilbake til Bergsøy:

I 2010 står ho ilag med trenar Ruth Frøystad og har spelt en J16 kamp mot Hødd. Kine er kaptein på laget, og blei toppscorar i kampen. "Det er eit høgdepunkt å slå Hødd", seier ho, og gler seg til å spele for damelaget/J18 til Bergsøy

- Men eg kjem til å sakne trenaren vår Ruth, det er jo ho som har utvikla oss som spelarar.

Så startar A-lagskarriæra i Bergsøy. I 2009/2010 scora ho 4 mål for Damelaget til Bergsøy.

Lite visste ho nok om kva høgdepunkt som venta vidare. Ho blei Årets Spelar allereie sesongen 2010/2011, som lagets toppscorar med 58 mål.

Årets spelarar Aron Kobbenes og Kine Kvalsund i 2010/2011
Årets spelarar Aron Kobbenes og Kine Kvalsund i 2010/2011

-"❝ Ho har vore svært treningsvillig og stadig vore på jakt etter å utvikle sine prestasjonar. Ho har teke store steg i forsvarsarbeidet og taktisk forståing, og i angrep har ho vore ein stor trussel for alle motstandarar med sitt knallharde skot. Ho vart også toppscorar for laget ❝", sa Slåttelid før han utropte Kine til årets spelar.

Treningsvillig og hardt arbeid. Det hørest ut som oppskrifta på suksesss. Der mange talent kanskje går rett mot toppen for å prøve seg, der har Kine tatt stega gradvis og arbeidd hardt gjennom fleire år. Og ho har fått lønn for arbeidet.

Bergsøy Damelage 2010/2011
Bergsøy Damelage 2010/2011. Kine Kvalsund i senter fremst.

Bergsøy enda på opprykksplass i 2010/11, men sa plassen frå seg for å spele vidare i 4.divisjon. For spelarar som ønskte å prøve seg på høgare nivå kunne det vere eit teikn på at tida nærma seg for å søkje nye utfordringar.

Kine var derimot Bergsøykaptein også i 2011/2012, og i en av sesongens siste kampar scorar ho 10 mål mot eit Voldalag.

👉 Og da går veien vidare til Volda til sesongen 2012/2013. Det var eit nivå opp, og den tidligare Bergsøykapteinen gjekk til et lag der ho ikkje lengre var fast på laget.

Utviklar seg vidare i Volda

Steg for steg blei Kine en stadig viktigare spelar for Volda. Først det andre året tok ho steget opp til førstelaget. Men ho var en venstrekant som måtte spele endel på høgrekant.

I desember 2012 er Volda sin kantspelar Berg skada, og Kine fekk spele meir enn ho vanligvis brukte. Ho endte opp med å bli toppscorar i kampen. I 2014/2015 får ho fleire gongar skryt for si vidare utvikling på bana. Ho var sikker på straffer og eit viktig kontringsvåpen for Volda. Når sesongen er over så mottek ho også pris for utviklinga si.

Det virkar som at også måla økar på etterkvart. Ho tek meir ansvar både på og utanfor bana, og blir styrketrenar for aldersbestemte i Volda.

Når vi kjem til sesongen 2017/2018 er Kine 24 år, sentral spelar på laget - og blir omtalt som ein av dei eldste og mest erfarne på Volda sitt lag. Ho er no kaptein på Volda, og blir omtalt som veteran idet dei skal spele kvalifiseringkamp for opprykk til 1.divisjon.

I monge år vippa Volda mellom 2.divisjon og 1.divisjon. Så kom trenar Halldór Stefán Haraldsson inn og alt blei litt mer proffesjonelt.

Uten å gå for mykje i detalj så blei Kine en sentral spelar for et Voldalag som bygde seg opp til å oppleve suksess

👉7 år som lagkaptein for Volda.
👉212 kampar og 585 mål.

👉 Kine var sentral på laget da Volda rykka opp til Rema 1000 ligaen.
👉 En sesong i Eliteserien med Volda. Volda blei det første sunnmørslaget på kvinnesida som nådde øvste nivå i norsk handball.

Ho fekk oppleve draumen i Volda, å få laget opp til øverste nivå.
Så blei Larvik neste stopp.

Til Larvik 2023/24

-"Jeg var i Volda i 11 år og hadde kanskje grodd meg litt fast der. Det å flytte på seg og få nye utfordringer, gjør at man utvikler seg både som person og utøver". (Ref Topphandball.no)

Og Kine trivdes med valget. Den første sesongen blei det 4.plass i serien. Konkurranse på laget var sjølvsagt større. Men spelesmessig tek ho nivået. Der ho hadde 52 mål på 27 kampar for Volda så hadde ho 53 mål på 25 kampar for Larvik. Med Heidi Løke som medspelar på linja kjem ho til sjansar.

Hausten 2023 spelte Larvik kvalifisering til European League mot det spanske laget Costa del Sol Malage, og det var første gang Kine spelte mot et utenlands lag. Å oppleve europeisk turnering er ikkje noko dagligdags for tidligare Bergsøyspelarar.

Vidare var Kine med på et Larvik lag som kom tilbake til medaljekampane i norsk topphandball:

👉 Larvik tok NM bronsje 2023/24, Eliteserie bronsje 2024/25.
👉 I 2025/26 sesongen spelte Larvik NM finale. Stilinga var 29-29 ved ordinær tid. Det endte med sølv etter straffedrama.
👉 Ho spelte 104 kampar og scora 154 mål for ein av dei mest meritterte klubbane i norsk handballhistorie.

Etter 3 år i Eliteserien for Larvik er Kine klar for nye utfordringar. Fra den sportslige ledaren i Larvik, Jonas Knutsen, fekk Kine berre skryt:

- "Kine har vore en viktig del av kulturen på og utanfor bana, og en utrulig profesjonell og seriøs utøver."

Det seier litt om Kine. Når ho skiftar klubb snakkar dei ikkje berre om kampar og mål. Dei snakkar om en spelar som tek ansvar og tek vare på medspelarar. Kultur og profesjonalitet.

Kan Bergsøy egentlig bli stoltare?

No går turen vidare til Utleira.

Neste kapittel i Utleira

Utleira Elite vann begge kvalifiseringskampane mot Haslum no i mai, og blei dermed klare for Eliteserie. Laget er ifrå Trondheim og har vore i toppen av 1.divisjon nokre år før det endelig gjekk veien. Trenaren Mia Hermansson Högdahl var assistenttrenar for Norge åra 2009 til 2020.

At Kine går frå Larvik til Utleira handlar ikkje om å trappe ned. Tvert imot. Ho går frå ein eliteserieklubb til ein annan, og viser at reisa på høgaste nivå i norsk handball framleis held fram.

Frå Bergsøy-hallen til europaspel. Frå lovande kantspelar til kaptein, medaljevinnar og eliteseriespelar. Og framleis er reisa ikkje over.

👉 Ønsker Kine lykke til på sitt vidare eventyr i Eliteserien!
Trykk for å gi saka ein tommel opp.