Men Bergsøy tapte 3-2 borte mot Brattvåg2
Bergsøy Herrelag i fotball tapte ikveld 3-2 borte mot Brattvåg2 etter at dei blåkledde scora det avgjerande målet heilt mot slutten av kampen. Vi kan oppsummere litt statistikk etter dagens resultat:
Fakta etter dagens kamp
⭐➜ Pedro Moreno spelte sin offisielle A-kamp nr 100. Det tok han litt over 4 år og 2 månader å spele 100 kampar for Bergsøy, egentlig ganske kjappt levert. Det seier litt om kor stabilt Pedro har levert for Bergsøy dei siste sesongane, jamnt over 20 kampar pr sesong sidan 2022-sesongen.
⭐➜ Dagens målscorarar var Sander Makipera Vike og Enrique Crespo Søvik. Og det er ikkje tilfeldig - for dei er toppscorarar for Bergsøy denne sesongen. Enrique har 5 mål og Sander Vike har 4 mål, mens Sander Bøe og Tomas Matuszczyk står med 3 mål kvar.
⭐➜ Bergsøy har no 5 sigerar og 5 tap denne sesongen. Laget ligg på 4.plass på tabellen - men med 3 tap på rad tettar det seg med lag rundt dei. Bergsøy har 15 poeng, mens Brattvåg 2 no har 14, Hareid 13, Valder 11. Dei to sistnemnte har en kamp mindre spelt.
⭐➜ Dette var første gangen Bergsøy har spelt mot Brattvåg sitt andrelag, og dermed også første tapet mot dette laget. Sist Bergsøy spelte mot Brattvåg (førstelaget) var i 2015, og dei 6 siste kampane mot Brattvåg har gitt 5 tap og 1 uavgjort. Sist Bergsøy slo et Brattvåglag var i 2011, da vann Bergsøy både heime og borte. Det er altså ca 15 år sidan Bergsøy sist vann borte mot Brattvåg, og da vann Bergsøy 0-3 etter mål av Peter Daniel Baade, Daniel Jøsok Kvalsvik og Kjetil Paulsen.
⭐➜ På dei tre siste seriekampane ar Bergsøy fått 11 mål imot seg med målforskjellen 5-11. På dei 7 første seriekampane i denne sesongen så hadde Bergsøy målforskjellen 16-8. Sist Bergsøy tapte 3 kampar på rad var i september 2024.
Effektive spissar

Lista over viser Topp 10 effektive sesongar for spissar i Bergsøy. Crespo toppar lista med sin prestasjon i 2023 sesongen. Samtidig toppar han fortsatt lista over effektive spissar totalt når en teller mål delt på antall kampar.
⭐➜ Enrique Crespo har no 65 mål på 72 kampar, en snitt som gir 0,903 mål pr kamp.
Målpoeng 2026

Samtidig så startar historikk.com å sjå på noko litt mer spennande etterkvart, nemlig målpoeng. Det er scora mål + assist. Denne statistikken og fleire statistikkar kjem snart på historikk.com - det arbeidast med å forbedre statistikken fortløpande.
⭐➜ På denne lista er Sander Makipera Vike sesongens mest målskapande spelar i Bergsøy med 8 poeng (4 mål og 4 assist). Foran Enrique Crespo med 5 mål og Tomas Matuszczyk som har 3 mål + 2 assist.
⭐➜ I kampinfo Brattvåg2 - Bergsøy 3-2 har vi notert ned assist til Manus Myklebust og Sander Vike. Det arbeidast stadig med å finne tak i assist-info i tidligare kampar.