Det er det vi sender til Eliteserien
Om 65 dagar sender Bergsøy for første gong eit lag til Eliteserien. Nærare bestemt til Elkjøp-ligaen – den øvste divisjonen i norsk handball. Og kva lag er det Bergsøy sender?
Den gang Bergsøy sitt herrefotball-lag tok steget opp til 2.divisjon - nest høgste nivået i ligasystemet i 1981 - så var fotballklubben størst på Sunnmøre. Det var lokale trenarar, lokale spelarar, og den einaste forsterkninga til rekordsesongen var Jarle Myking frå Stranda. Det var faktisk harde forhandlingar mellom klubbane før det tilslutt blei enighet. Bergsøy tilbaud Stranda 5000 kroner mens Stranda krevde 20 000.
Når Bergsøy no sender et lag til Eliteserien i handball for sesongen 2026/27, så reknar vi med at dei økonomiske talla er litt forandra. Men mykje har forandra seg på over 40 år. Satsinga Bergsøy viser no er noko vi ikkje har sett før:
Bergsøy skal opp på ett nytt nivå, og satsinga har også kome på ett nytt nivå.
Joda. Bergsøy Handball har satsa stort i mange år - men klubben gir no tydelig signal på at no som laget skal opp til toppen av Norsk Handball så er det ikkje for å være turist og for å få seg nokre suvenirar.
Det er med ambisjonar for å faktisk prestere på nivået og kanskje ha mulighet til å klore seg fast.
For mens Bergsøy var best på Sunnmøre i 1981, så er Bergsøy no best mellom Trondheim og Bergen i 2026. Og sjølv om klubben hadde tidenes handballprestasjon med opprykk i sesongen 2025/26 så har laget forsterka seg med følgande spelarar:
⭐ Krister Midtflå - 20 år. Spelt på juniorlandslag for Norge, og har erfaring frå profesjonell treningskvardag frå dansk topphandball.
⭐ Ovi Lützen - Årets midtback på Færøyane med 155 mål sist sesong. Spelar med landslagserfaring, toppscorar og forsvarsprofil.
⭐ Philip Haga - Har spelt 2 sesongar - 40 kampar for Bergsøy - tidligare og kjem tilbake for å forsterke laget. Scora 126 mål på 29 kampar i 2023/24. Vi har notert ned at han har 82 assist for Bergsøy.
⭐ Fredrik Bjærum - Utvikla i Kolstad-systemet, fast 1.divisjonsspelar i Melhus og med G18 seriegull i merittane.
⭐Ruben Meder - Har erfaring frå Kolstad-systemet, fleire sesongar i Charlottenlund og kjem frå spel i Eliteserien med Halden Topphåndball. Ein fysisk sterk strekspelar som skal tilføre både kraft og rutine.
Og i tillegg har Bergsøy som kjent forsterka seg med:
⭐ Gintaras Savukynas - Trenaren som har vore hovedtrenar i seks ulike land og som kan kalle seg landslagstrenar for Litauen.
Gintaras kjenner klubben godt etter å ha trent Bergsøy tidligare. Han er også registrert med 25 spelte kampar og 7 mål for klubben vår. I en kamp mot Tiller i 2015/16 scora han 5 mål for Bergsøy. Og med seg som assistenttrenar får han Rikard Moe som har signert vidare avtale. En rutinert Bergsøymann med 5 sesongar bak seg som hovedtrenar, og som er inne på topp 10 lista når det gjeld spelte kampar for klubben - med kampar i 12 forskjellige sesongar.
👉 Vi snakkar rutine og breidde i både trenarteam og i spelargruppa.
Bergsøy har tross alt hatt endel rutine i laget sitt. Keeper Oddvar Johan Roseth har blitt eitt av dei fremste symbola på klubbens reise. Han debuterte 22.september i 2012 og blei kåra til banens beste mot Klæbu i den kampen.
«Dette er ein kar klubben kjem til å få mykje glede av», skreiv lokalavisa etter debuten. Fjorten år og 268 A-kampar seinare toppar Oddvar Johan Roseth Bergsøy si adelskalender. Det viste seg å vere ein spådom som trefte blink.
Det er litt av ei reise Oddvar har vore med på for Bergsøy. I sin første sesong for Bergsøy spelte laget 17 tap, 2 uavgjort og 1 siger - og laget måtte ned ein divisjon. Sidan har det berre gått en vei.
Evaldas Grieze spelte jo også ifjor, tidenes toppscorar i Bergsøy med 954 mål og 12 års fartstid i klubben. Like etter kjem Emil Raknes som fortsatt scorar mål på bestilling og hadde sin 10 sesong for Bergsøy sist seong. Med sine 926 mål registrert - berre 28 mål bak Evaldas - kan han raskt krone en sesong i Eliteserien med å også kalle seg tidenes storscorar i Bergsøy.
Så håpar vi at fjorsesongens kaptein Markus Buchardt vil kome og forsterke laget ut i sesongen. Årets publikumsfavoritt 2025/26. Med 80 kampar for Bergsøy og registrerte 223 assist, 120 straffemål, og 23 bekrefta banens beste-prisar for klubben så er han en av klubbens store profilar. Snitt på 7.69 assist pr kamp er voldsomme tall. Sist sesong var snittet nærmare 8 pr kamp, med 182 assist på 23 kampar.
Og ein slags publikumsfavoritt er jo også Petter Nygaard Eikrem . 84 kampar for Bergsøy, 183 assist, scora heile 208 mål sist sesong med et målsnitt på 7,17 mål pr kamp. Det er kun Zilvinas Grieze som tidligare har prestert å score mer enn 200 mål i en sesong for Bergsøy - han scora 220 mål i 2014/1015 sesongen.
Eller for å seie det på en anna måte. Dei som har scora mest mål i en sesong for Bergsøy gjennom tidene er1. Zilvinas Grieze 220 mål
2. Petter Nygaard Eikrem 208 mål
3. Markus Buchardt 189 mål
4. Emil Raknes 179 mål
5. Evaldas Grieze 169 mål
Fire av tidenes storscårarar i Bergsøy er altså med i samme lag på en og samme tid. Og klubben har no forsterka denne kraftpakken ytterligare.
Og joda. Med så mange sterke profilar så vil det bli en voldsom kamp om plassane. Bo Refsnæs har signert ny kontrakt. Han står med 18 kampar/16 mål etter fjoråret. Viste i kampen mot Bjørnar og 6 mål der at han kan kome å gjere en forskjell i kampane.
Keeper Sigvart Kval har på to sesongar no også bidratt enormt til den prestasjonen laget har oppnådd. Esben Høiris Bloch, Christopher Lindbjerg Ekman, Odin Silseth Tømmerbakk. Bergsøy har mange som har vore viktige for å skaffe klubben opprykket..
Pauli Høj kom på Årets Lag i 1.divisjon ilag med Eikrem og Buchardt og er tross alt også ein av lagets store profilar. Over 4 mål i snitt pr kamp, 119 mål sist sesong.
Og to av dei første som gav signal om at dei ville være med vidare: Dei lokale gutta Sander Aasen og Iver Frantsen Pettersen. Dei har vore med i 4 og 5 sesongar allereie og kan jo kalle seg rutinerte i klubben.
Oppsummering
Bergsøy har planar om å oppgradere stadion/tribune, og har forsterka/fornya både spelarstall og trenargruppa:
Laget gjer seg klare for den største utfordringa gjennom klubbens historie.
Spelarane inn vise at klubben har tydelig ønske om å konkurrere på det øverste nivået. Det er unge og svoltne talentfulle spelarar som har kome til Bergsøy- fleire med landslagserfaring og erfaring frå profesjonelle klubbmiljø.
Bergsøy har aldri sendt eit sterkare lag ut på bana. Om det er nok til å etablere seg i Eliteserien, vil tida vise. Men éin ting er sikkert: Klubben reiser ikkje til toppnivået for å vere statistar. Bergsøy reiser dit for å konkurrere.
Bergsøy viser ambisjonar på en måte vi aldri før har opplevd i klubben.