En tekst om mesteren av tekster
Tidvis skriv historikk.com Stjerneprofiler. Det er litt mer utfyllande om endel profilar som vi gjerne vil hedre litt meir. Harald Thorseth er ein slik.
Adjunkt. Lærarskule i Volda og vidareutdanning i Media. Ein frilansjournalist. Radiomedarbeidar i NRK. Lokale bøker om forskjellige tema.
Det er berre nokre få stikkord. Eg skal ikkje prøve å oppsummere alt, men ein kan ikkje anna enn å la seg bli litt imponert over mange av dei bragdene bautaen Harald Thorseth bidrog med. Rolig og smart, og samtidig så engasjert og med eit ønske om å dele kunnskapen vidare.
100 år tilbake i tid
Harald Thorseth likte lokalhistorie, og derfor startar vi litt tilbake i tid. Olav Thorseth (09.11.1899-18.02.1993) var far til Harald, og var blant anna både varaordførar og Ordførar mot slutten av 1950-tallet. Han var redar av båten "Isstjernen" som i romjula i 1924 skulle på vei frå Aurvågane til Ålesund for å hente salt. Båten blei seinare sett utanfor Flø drivande forbi Godøy og ingen av mannskapet blei nokongong funnet. 7 av dei 8 ombord var mellom 14 og 24 år.
Også Olav skulle egentlig være ombord, men noko kom i vegen. Tre av brødrene hans var imidlertid med, Alfred, Harald og Sigurd. Det er vanskelig å tenke seg for ei tragedie dette var for familien, og det er naturlig å tenke at Olav gav namnet Harald til sonen sin - oppkalla etter eine broren han mista.
Det er mykje båthistorie i familien Thorseth, og Haralds fetter Ragnar Thorseth er jo kjent som den siste viking. Rodde aleine i færing til Shetland i 1969, leda den første norske ekspedisjon som nådde Nordpolen i 1982 - og segla rundt jorda i 1983 til 1986 med vikingknarr Sagla Siglar.

Men la oss ta fotballen først.
Fotballen
Harald Thorseth var keeper. Som 12 åring spelte han for lilleputtlaget "Skarpodd" som hadde debutkamp mot Falk. Laget besto av Roald Karlsen, Harald Thorseth, Petter Tarberg, Per Aksel Myklebust, Agnar Vike, Stig Larsen, Andord Vike, Gudmund Hopen, Jack Pettersen, Emil Koppperstad, og Torbjørn Hjelmeseth. Og dei vann denne kampen med 3-0.

Som 17 åring debuterte Harald borte mot Rollon i seriekamp 27.mai i 1967. Det sto at debutanten i mål på 17 år klarte seg godt, men Rollon vann 2-1. Laget besto av Knut Igesund, Asbjørn Røsås, Odd Berge, Ronald Moen, Kjell Karlsen, Kjartan Fagerlund, Knut Teige, Oskar Waage, Asbjørn Myklebust og Asmund Myklebust.

Det blei jo ikkje så mange kampar som er registrert, det blei med 2 i 1967. Så spelte Harald for Tingvoll der han studerte og blant anna var formann i unge venstre, men allereie i februar 1968 vil Harald melde overgang tilbake til Bergsøy. Det blir imidlertid kort tid før han i september 1968 melder overgang til Søya Idrettslag.

Bildet over: Mot Langevåg i 1971.
I 1971 spelar Harald for Bergsøy igjen. Vi har notert ned fire kampar.Den mest kjende kampen er cupkamp mot Hødd på Høddvoll. Med stillinga 2-2 etter 90 minutt tapte Bergsøy 5-2 etter ekstraomgangar i en kamp Kjetil Hasund scora 3 mål.

Bergsøy A-lag lagbilde 1972.
Det var gode keeperar i Bergsøy denne tida - der blant anna Johs Nørvåg debuterte i 1969 - så neste eg veit om Harald Thorseth si keeperkarriære finner vi i laget Shocking Blue.

Fred Frantzen, Sigmund Paulsen, Harald Thorseth, Jack Pettersen, Martin Pettersen, Asbjørn Myklebust Fred Frantzen, Sigmund Paulsen, Harald Thorseth, Mathias Pettersen, Einar Harsvik. Sindre Notø, Ståle Myklebust, Jack Pettersen, Martin Pettersen, Asbjørn Myklebust, Roger Huldal.
Shocking Blue var forøvrig ei musikkgruppe som blei danna på slutten av 1960-tallet, men i Herøy-versjonen så var det et fotballag som blei starta opp i 1972. Et lag som blei laga for å ha det artig, men likevel med spelarar som holdt høgt nivå.
Neste lag for Harald Thorseth som eg finner, er Godøy i 1974.

Bak frå venstre Harald Thorseth, Helge Godø, Birger Aaseth, Paul Alnes, Inge Westad, Egil Alnes, Knut Gunnar Alnes, Oddbjørn Støbakk. Foran frå venstre Kjetil Alnes, Øyvind Helgesen, Artur Walderhaug, Sigurd Alnes, Arthur Godø og Jon Jørgen Alnes.
Før overgangen gjekk i orden var det skrevet i Vestlandsnytt at Harald Thorseth siste åra på eminent vis ofte hadde vore sikker keeper for Bergsøy sitt førstelag i fotball. Harald Lied stadfesta at Harald hadde søkt om utmelding etter tilbod frå Godøy, men at det kan bli aktuelt å drøfte eventuelle krav om overgangsvederlag.

I adelskalenderen til Godøy står Harald Thorseth oppførd med 17 kampar. Det var også i 1974 han starta som lærar.
På sidelinja
Harald Thorseth skreiv mykje blant anna for SA. Sunnmøre Arbeideravis, men også Sunnmørsposten og Vestlandsnytt. Eg vil seie at fotballdekninga var mange ganger større her på 1970-tallet enn idag. Og Harald Thorseth var en av dei som bidrog til dette. Det var store reportasjer før og etter kamp, og Harald var på plass på sidelinja. Intervju, referat og bilder. Kanskje en av grunnane til historikk.com blei så historieintressert sjølv. Fotballheltane blei omtalt som heltar på denne tida. Å vinne var stort.

Dette kapittelet kan i seg sjølv bli ei bok. Alle referata. Kor livlig omtale fotballen fekk og interessa for fotballen korleis den blomstra på 1970-tallet. Publikumsinteressa. Mange av Harald Thorseth sine kampfakta skal leve vidare i våre kampreferat frå denne tida. Dei mange gode bilda til han og Per Moltu frå fotballen er en skatt for historikk.com, men det er berre en liten bit av det dei gjorde. For Herøy er bildeskattane deira ei heil lokalhistorie. Per Moltu står bak endel av desse bilda vi brukar her av Harald, bilder vi har fått lov å bruke av Johan Moltu.
Harald skreiv om mange av Bergsøy sine bragder, som her i denne kampen mot Rosenborg i 1979 (Bildet under).

Lokalhistorie
Harald var lærar. Han likte å lære frå seg, akkurat som han gav frå seg vidare kunnskap via tekster som journalist og forfattar. Men den er spesiell den historia som omhandlar åra 1981 til 1984. Da var han lærar kun til en elev, Asgeir Skjeløy, på Flåvær skule. Det budde 15 personar der og Asgeir på 7 år skulle få skulegong frå 1.klasse. Det er alternativt. Og læring på en anna måte. Om det var folk i sjøbud så tok dei tid å høre på kva dei hadde utført. Det hørest ut som læring på aller beste måte. Aktiv læring og lokalhistorie på en gang.
En kan på en måte forstå korleis interessa starta for historiebiten, for Harald blei kjent med Bjarne Rabben allereie i 1967 som 17 åring. Og dei blei gode vennar. Bjarne Rabben er synonymt med Herøy-lokalhistorie, bygdebøker, Herøyboka, Sandesoga og at han stifta Herøy Sogelag allereie i 1936. En kan nesten tenke seg at Harald i lære hos Bjarne Rabben er litt som Luke Skywalker lærte av Yoda i Star Wars. Det er positivt meint for dei som ikkje forstår referansen - det betyr at han lærte av den beste for å bli den beste.

Harald skreiv om mange av dei spennande sakene som var spennande, og allereie i 1975 skulle han ut på tur til Skorpa med tanke på å skrive om den hollanske lasteskipet som forliste i området i 1930. Med dykkarar ville han ha bilde av vraket, og seinare ville dei også utforske grotter i området. Da fann dei menneskebein, noko som skapte endel nye overskrifter.
Harald tok etterutdanning innen medie og sosialpedagogikk, og tok blant anna på seg oppdrag for NRK radio. Så skreiv han bøkene "På eventyr med Saga Siglar" og "Herøy - Der havet bryt ved fall og flu" i 1986. Så tok han over etter Bjarne Rabben som redaktør for Folk og Fortid og hadde ansvaret der frå 1988 til 1993. Han utvikla bladet vidare, større format og fargebilde. Og da kan en også forstå at skrivespira utvikla seg vidare. Boka livsminne kom i 1990.
Det blei etterkvart mange bøker.
i 1994 starta han å få si eiga side i Vestlandsnytt med tittelen “Tida går”, og det blei en fulltreffar om hendingar frå fortida. I 1996 blei han spurt av Knut Teige og Sigurd om å skrive bok om første Teigenes, og det blei til boka “God teft – kronet med hell”.
Snart skulle han få utdelt Herøy sin kulturprisen:-"Ein kombinasjon av faglig lidenskap, perfeksjonisme og journalistisk teft har gjort prisvinnaren sine produkt svært interessante, etterspurte og banebrytande i sin sjanger. Prisen er eit heidersteikn for eit arbeid som har gjort både fortida og notida synleg og tilgjengelig. "
I 2017 blei Harald pensjonist etter 43 år som lærar. Men han var alltid aktiv med prosjekt, bøker og ting han ville gjere. Han likte både å være lærar og journalist.
Og han inspirerte mange andre til å gjere liknande.