Bergsøy feirar 25 år (1969)
Iår er det 25 år sidan Bergsøy Idrettslag vart skipa. Det er god grunn til å grattulere Bergsøy Idrettslag for det laget har stått for og fått utført gjennom desse 25 åra.
Bergsøy feirar 25 år
Klubben i vårt hjerte er 25 år gammal.
I år er det 25 år sidan Bergsøy Idrettslag vart skipa. Det er god grunn til å gratulere Bergsøy Idrettslag for det laget har stått for og fått utført gjennom desse 25 åra.
Bergsøy første 25 år
Markeringa av 25-årsjubileet blei ei stilfull høgtid. Og det blei ein del tilbakeblikk på åra som hadde vore.
Historie
Peder P. Worren, som var med på å ta initiativet til skipinga av laget, greidde på ein interessant måte å fortelje om dei fyrste åra i klubbens soge. Initiativtakaren til å starte eit idrettslag var Andreas Sævik, som i 1944 kom attende til heimkommunen etter å ha vore i Finnmark. Sævik hadde no på festen flytta til Langesund og kunne dessverre ikkje kome.
4. oktober 1944 var det innkalla til skipingsmøte i det nye forsamlingshuset som ein no høgtida jubileet i. Det synte seg å vere stor interesse, og dermed blei Bergsøy Turn og Atletklubb stifta.
Sævik, som hadde vore nordnorgesmeister i boksing i si klasse i fleire år, fekk etter kvart mange med seg på treningane. Ein del av karane blei litt for sterke og ville vise styrka til dei andre. Dette skapte misnøye, og ein gjekk vekk frå denne idrettsgreina og gjekk over til gymnastikk. Same vinteren arrangerte Bergsøy Turn og Atletklubb sitt første og siste skirenn med løype rundt Myklebustvatnet. Dei fleste av deltakarane tok det for hardt, og fleire fekk fullstendig kollaps ved mål. Hopprennet som skulle vere same dagen regna mest bort.
Utpå sommaren 1945 vakna interessa for fotball. Tilhaldsstaden var skuleplassen på Myklebust. Interessa var så stor for fotball at naboane fann å måtte klage til skolestyret over at treningane strekte seg lenge utover dei små timar. Det hende ofte at det ikkje vart slutt før i 02–03-tida om natta.
På det første årsmøtet i 1945 vart det for alvor drøfta om ein skulle bygge fotballbane. Ei namnendring blei også aktuell. Og frå dette årsmøtet har namnet vore Bergsøy Idrettslag.
Banespørsmålet blei løyst ved at eit prosjekt som på reguleringskartet i Huldal var avsett til idrettsføremål, blei kjøpt. Hausten 1946 vart det der teke veiter på kryss og tvers under heile anlegget. Dette blei gjort på dugnad og med kun manuell arbeidskraft. Samstundes frista ein på alle måtar å få inn pengar til finansieringa.
Slagg til fyllmasse fekk ein frå Voldnes og grus og leire frå Torvik. Dei første måla var 45 × 90 meter, og bana stod klar i 1951.
Dermed blei laget meldt inn i kretsen og teke opp i 3. divisjon, som då var den lågaste divisjonen. Den første sesongen blei faktisk klubben krinsmeister, og med på dette laget var: Nils V. Pettersen, Sigmund Paulsen, Jon Ertesvåg, Peder P. Worren, Ola Goksøyr, Petter J. Pettersen, Knut Nilsen, Finn Voldnes, Jan Vinge, Erik Løfoll og Sverre Botn. Dei sju første av desse var på jubileumsfesten.
Så over til festen. Frantz G. Frantzen var toastmaster og konferansier og dirigerte det heile på ein elegant måte – med dommarfløyte. Økonomien var ikkje så veldig god, så gjestane måtte betale litt for at festen skulle kome på plass, men det gjorde dei med glede.
Bjørn Prytz heldt den spirituelle talen for damene, og Peter Pettersen (Pit) fortalde levande om korleis han opplevde ein av dei første kampane laget hadde, på Vartdal, då Knut Nilsen scora eit mål.
Elles må det nemnast at skiparen av laget, Andreas Sævik, fekk ein vakker sølvpokal som eit minne med stor takk. Det blei delt ut mykje sølv til Bergsøy-medlemmane. Følgjande fekk diplomar: Leif K. Pettersen, Steinar Stenersen, Harald Arnesen, Nils Nilsen, Jan Karsten Myrhol, Egil Leikanger, Petter J. Pettersen, Ingvald Stenersen, Kjell Karlsen, Andreas Kvalsund, Jon Helge Kvalsvik, Kjetil Reite, Jan Winge, Erik Løfoll, Odd Berge, Kolbjørn Wickstrøm, Kjell Almestad, Frank Frantsen, Asbjørn Røsås, Edmund Notøy og Eldar Eilertsen.
Enkelte spelarar hadde spelt over 50 kampar og fekk statuettar: Peder P. Worren, Petter Homlong, Paul Brekke, Knut Igesund, Ronald Moen og Asbjørn Myklebust. For 75 kampar fekk Oskar Wåge, Kjartan Fagerlund, Jon Ertresvåg og Petter Sperre statuettar.
Asmund Myklebust og Ola Goksøyr fekk sølvpokalar for 100 kampar, Gunnar Kjelstadli og Sverre Botn for 125 kampar og Sigmund Paulsen for 150 kampar.