Sjå Musikkvideoen til vår Eliteseriesang!
🎉 Det er gøy å ha det gøy – og akkurat det var utgangspunktet då søskenparet Steffen og Tone bestemte seg for å markere Bergsøy sitt historiske opprykk til Eliteserien.
Resultatet blei songen «Vi spela Eliteserie» og ein musikkvideo full av jubel, humor og ekte Bergsøy-stemning. Det er trass alt ikkje kvart år klubben tek steget opp til den øvste divisjonen.
🎵 Om songen «Vi spela Eliteserie»
Ein musikkvideo varer berre nokre få minutt, men arbeidet bak var langt større enn det publikum får sjå.
Første utfordringa var å lage ein fengande song. Vi vurderte ekte vokalistar, men for å få prosjektet ferdig i løpet av sommaren blei løysinga kunstig intelligens.
Songteksten blei i hovudsak skriven av Steffen Kvalsund, med Tone Nørvåg som medhjelpar. Undervegs kom også gode innspel frå Hanne Reite Keyn og Guro Velsvik Roseth.
🎧 Det blei produsert svært mange versjonar før vi fann den vi ønskte å bruke. Etter kvart blir ein nesten litt «blind» på eigen musikk, men vi er glade for resultatet.
Poenget var aldri å vinne Melodi Grand Prix – målet var å lage ein glad song med eit refreng som supportarane lett kan synge med på i handballhallen. Lage minne, og ha det gøy!
🎬 Filminnspelinga
Bak kamera ligg det timar med planlegging, fra utskårne BERGSØY-bokstavar til anna logistikk - men det aller kjekkaste var å samle så mange engasjerte menneske. Supert at også dei gode fotografane Mariann Skorpen Berge og Eivind M Sævik stillte opp for å forrevige innspelinga på Herøy Gard.
🥁 På Herøy Gard stilte supporterane opp med trommer, flagg og enorm entusiasme. Herøyspelet tok ein pause frå øvinga si for å vere med på dans, jubel og feststemning framfor kamera.
🚣 Resultatet blei roing, dans, latter og ei rekkje minneverdige opptak – alt i strålande sommarvêr.
⛰️ Dag nummer to gjekk turen til Hornseten. Eliteserielaget møtte opp med godt humør, og også denne dagen baud på mykje latter, jubel og fine augeblinkar.
📹 Når desse opptaka blir kombinert med stemningsbilde frå kampane, blir resultatet musikkvideoen du kan sjå nedanfor.
▶️ Sjå musikkvideo : Kampversjon
Vi har faktisk musikkvideoen i 2 variantar . Den du ser under her er hovedversjonen, så må du scrolle litt til for å sjå Supporterversjonen.▶️ Sjå musikkvideo : Supporterversjon
Variant nr 2 er Supporterversjonen - som inneheld meir av sjølve supporter-opplevelsen under innspelinga av filmen på Herøy Gard, og mindre kamp-opptak.Sangteksta
(Boom boom)Hey hey
E vi klare? Klare for eliteserie?
Kom igjen Bergsøy!
Hey, hey, hey, hey!
Kom bli med på eventyr
La oss sjå kor høgt vi flyr
Heilt til toppen her kjem vi
Bergsøy frå Fosnavåg By
Vi støtta kvarandre og gir aldri opp
Vi he kjempa oss heilt til topp
Bergsøy tek ikkje ferie
Vi spela Eliteserie!
Alle sammen: Bergsøy!
Alle sammen: Bergsøy!
Når kampen går og pulsen stig
Syng vi Bergsøy inn i strid
Heile tribuna gir alt dei kan
Vi støtta laget alle mann
Vi støtta kvarandre og gir aldri opp
Vi he kjempa oss heilt til topp
Bergsøy tek ikkje ferie
Vi spela Eliteserie!
Gi mej en B (b)
Gi mej en E (e)
Gi mej en R (r)
Gi mej en G (g)
Gi mej en S (s)
Gi mej en Ø (ø)
Gi mej en Y (y)
Bergsøy!
Kom bli med på eventyrLa oss sjå kor høgt vi flyr
Heilt til toppen her kjem vi
Bergsøy frå Fosnavåg By
Gi mej en B
Gi mej en E
Gi meg bergsøy
Vi støtta kvarandre og gir aldri opp
Vi he kjempa oss heilt til topp
Bergsøy tek ikkje ferie
Vi spela Eliteserie!
Bergsøy! Bergsøy!
Bergsøy!
Tusen takk til alle
❤️ Tusen takk til alle som stilte opp framfor og bak kamera. Utan dykk hadde denne musikkvideoen aldri blitt til.