På denne dagen Tilbake

På denne dagen

🕒 2026-08-05 00:00
🏷️ Historie

5.august for mange år sidan

Trykk for å gi saka ein tommel opp.

Kvar dag i Bergsøyhistoria har det skjedd noko, så la oss mimre litt om kva som har skjedd 5.august opp gjennom tida.

På sida "Idag i Bergsøyhistoria" kan du alltid finne ut endel hendingar av kva som har skjedd opp gjennom åra. Her er ei lita oppsummering av nokre ting frå 5.august.

31 år sidan

1995: Sunnylven - Bergsøy 1-7

For 31 år sidan spelte Bergsøy fotballkamp borte mot Sunnylven i 4.divisjon. Det blei en minnerik kamp sjølv om fire gode spelarar var utilgjengelig frå start. Arve Helsem Leine og Vegard Fiksdal var på ferie, mens Geir Sandnes og Rune Frantsen starta på benken fordi dei blei tilgjengelig så kort tid før kampen. Ut i kampen braut også Nils Roger Paulsen handa.

Men det stoppa ikkje Bergsøy. Torbjørn leikanger starta scoringa på ei perle på heil volley frå 35-40 meters avstand. Æresmedlem Olaf Brathaug sa ballen hadde flåge til Geiranger om ikkje nettet hadde stoppa den.

👉 Her finner du Pravda Sunnylven - Bergsøy 1-7

Jarl Åge Vågsholm scora to. Han var lynkjapp og rakk tak i ballen med si gulltå som blei samanlikna med den legendariske tåa til Knut Teige. Rune Frantsen scora på et veggspel mens Arild Kvalsund scora også to og driblefanten Olav Elias Torset hadde ett mål. Bergsøy vann heile 7-1 på bortebane i det som Brathaug sa var også 17 åringen Frank Sverre Skorpen sin første kamp frå start.

Juniorkeeper Knut Erik Håheim fekk sin debut og spelte siste kvarteret i en kamp trenar Tom Beddari ikkje fann nokon svakheter. Og den siste bragda kom på veien heim: sørøybussen sin bussjåfør klarte å kjøre strekninga Sæbø til Rjånes på 32 minutt.

For 29 år sidan

1997: Bergsøy - Langevåg 3-3

Bergsøy klarte det igjen. Dei hadde ledelsen 3-0, men siste 9 minutta av kampen scora Langevåg 3 mål for å ordne uavgjort. Den nyutnemnde kapteinen Rune Frantsen ordna ledelsen på et langskudd, mens Oddmund Vågsholm også hadde en stor kamp.

38 år sidan

1988: Hessa - Bergsøy 0-4

Are Blindheim og Fred Frantzen scora kvart sitt mål mens Henning Solem scåra to mål. Lars Ove Almestad og Trond Paulsen var to som ordna assist, mens Gullik Kjellstadli rydda opp i stor stil i forsvaret.

48 år sidan

1978: Bergsøy - Skarbøvik 1-0

Fred Frantsen sitt mål etter 60 minutt blei avgjerande, mens Jan Aasen sin straffebom langt til side for mål for SIF også hadde sitt å seie. Målet kom da Fred oppfatta et dårlig tilbakespel fra midtstoppar Jan Aasen, og fekk slått ballen forbi Cramba Skog i målet. Andre sjansar i kampen kom blant anna da Kjartan Paulsen skaut i tverrleggaren.

Sindre Ryssevik sto i Bergsøymålet
Sindre Ryssevik i Bergsøymålet

"Publikum betaler ikke for å høre på banning. Det var det mye av fra gjestenes side idag", sto det i referatet. Debutantane Sindre Ryssevik og Bård Ottesen gjorde en god kamp, men det var det også fleire som gjorde. Asbjørn Myklebust og backrekka med gnar Vike, Knut Igesund og Øyvind Møller. Framme skapte Eldar Zahl, Trond Paulsen og Fred Frantzen store vanskar for SIF forsvaret.

For 64 år sidan

1962: Volda - Bergsøy 5-2

Sigmund Paulsen og Kjartan Fagerlund scora for Bergsøy, men Volda blei for sterke i en kamp dømt av Reidar Borch Walderhaug. Alt i det første minuttet av den andre omgangen laga Brende en hattrick da han økte til 3-0. Ett kvarter seinare reduserte Sigmund Paulsen frå straffefeltet.

Bergsøy har eit sympatisk og ungt lag, men det manglar tydeligvis grastrening. Best på laget var Kjellstadli og keeper Almestad. I ei svak angrepsrekke var Fagerlund bestemann.

For 69 år sidan

1957: Moltustranda - Bergsøy 3-1

Paul Brekke scora for Bergsøy i en kamp der Jon Ertesvåg som vanlig var lagets bestemann. Det ble et fartsfyllt oppgjør på Moltustranda mellom heimelaget og Bergsøy, men det var Moltulaget som var hakket bedre heile veien. Best på heimelaget var senterhalf Alfred Myking. For Bergsøy debuterte Frank Frantzen.

For 70 år sidan

1956: Ørsta - Bergsøy 3-0

Det ble ingen god kamp mellom Ørsta og Bergsøy på Ørsta Stadion denne gangen. Det var jamnspelt før pause med jamnt fordelt sjanser i en omgang der Ørsta hadde ledelsen 1-0.

I den andre omgangen sviktet kondisjonen til Bergsøy og Ørsta hadde bedre kontroll på kampen. Det ble i enkelte perioder småfikst ute på bana, men løperne var ikkje effektive foran mål. Det ble mange spolerte sjanser.

Lagoppstilling
Lagoppstilling

Hos Bergsøy var det John Ertresvåg som var den klart beste spilleren, mens Jens Monsholm debuterte. Keeper var god, og i angrepet var indre venstre den beste. Hos Ørsta spelte P.Mårstøl på høgreback en bra kamp. Halfrekken Harald Ose Welle, Leif Øie og Arve Vatne var lagets beste. Winjevoll kom også bra fra kampen.

For 75 år sidan

5.august 1951 skulle Heid spele mot Tennfjord, og inviterte til uoffisiell åpning av Heidbana.
Trykk for å gi saka ein tommel opp.