Stjerneprofil Mathias Pettersen
Gjennom heile sitt liv hadde fotballen ei stor betydning for Mathias.
|
|
|
|
Bergsøylegende
På 1970-talet stilte han opp på det som var av dugnadar i klubbens regi, og stilte velvillig opp om nokon trengte ei hjelpande hand. På 1980-talet blei han tillitsvalgt i fotballgruppa. Mathias har vore anleggsansvarlig, materialforvaltar, og arbeidde med kampoppsett og treningstider. Som arrangement- og kampansvarlig var han nøyaktig.
Hovedstyreformann Mathias Pettersen sto i spissen for festkomiteen som sørga for den hjertelige velkomsten til laget som i 1980 kom tilbake til Fosnavåg etter å ha sikra opprykket til det nest høgste nivået i Norge.
- "Om eg ikkje beit naglar, så dreiv svetta av meg som om eg sjølv skulle vore ute på bana. Fyrst etter å ha fått stadfesta resultatet tre plassar, forstod eg at vi hadde vunne kampen og var i 2. divisjon."
(Mathias Pettersen)
Hovedstyreformann er berre ei av mange roller Mathias Pettersen hadde i Bergsøy. Gjennom fleire tiårs engasjement hadde Mathias vore innom dei fleste roller. Det står skrevet slik i ein artikkel:
Pettersen har vore aktiv i Bergsøy i 30 år, både som spelar og oppmann. Han har gjennomført forbundet sitt toppleiarkurs. Vidare har Pettersen vore leiar av det frilynde ungdomslaget og med i styret for Herøy Kulturhus. Han er innvald i kommunestyret for Arbeiderpartiet. Pettersen er også fylkeskontakt for den Norske Kreftforening, med ansvar for innsamlingsaksjonane. Pettersen har med andre ord ei omfattande røynsle som organisasjonsmenneske.
(Bildet: Mathias Pettersen, Gullik Kjelstadli og Tom Beddari i 2007 borte mot Godøy)
Mathias har vore dagleg leiar i BIL Fotball. Ved ansettelsen var det sagt at Bergsøy i lengre tid hadde hatt ønske om å finne ein som kunne avlaste dei frivillige. Valet fall på Mathias som då sto som ansvarlig for 230 aktive på fotballbana i tillegg til dei 100 personane i det faste tillitsmannsapparatet. Arbeidsoppgavene til Mathias ville då vere sportslege og økonomiske, tilrettelegging, oppfølging, styrer og møter.
(Bildet: 09.04.2007. Mathias Pettersen ytterst til venstre ved sida av Tom Beddari og Gustav Pettersen.)
Mange har nok minne om at Mathias vaska spelardraktene i fleire år. Mange spelarar leverte drakter og henta drakter i huset nær K Fylling. Det store engasjementet til Mathias sette spor, og det viste seg også i alt han tok vare på – kva også Bergsøy betydde for han. Han hadde tatt vare på ein stor del av Bergsøy sin historie, mykje som truleg hadde gått tapt i mange andre hender. Det har vore ei ære å fått sett på det Mathias tok vare på, og fått tatt vare på det til ettertida.
(Bildet: Mathias Pettersen og Arne Arnesen ser på kamp.)
Frå grunnleggelsens dagar og fram til 1970 har vi scanna og lagra mange hundre dokumenter som gir eit grundig innblikk i Bergsøy si historie. Alt dette har vi arkivert på DOKUMENT-SIDA.
Mathias Pettersen – engasjementet gjennom livet
Mathias Pettersen (08.11.1952–10.01.2011)
Han var det meste i Bergsøy.
I klubbstyret som leiar, nestleiar og styremedlem. Han var anleggsansvarlig, arrangement- og kampansvarlig, tillitsvalgt, hovedstyreformann, formann i fotballen, oppmann og så mykje meir.
Men det var ikkje berre i Bergsøy han tok ansvaret for aktivitet, for Mathias tok ansvaret for å betre aktiviteten til barn og unge veldig tidlig. I 1958 står Mathias i fremste rekke idet Fosnavåg sin søndagsskule blir tatt bilde av. Han var nok aldri personen som gøymde seg vekk, og tok på seg mange roller i Fosnavåg dei komande åra.
Mathias spelte fotball på gutte- og juniornivå, og får skryt ilag med Sigurd Teige etter ein 1-1 kamp for juniorlaget mot Hødd i 1969. Same året spelar også Mathias med på handballaget som er ganske nystarta. Men i tillegg til sin eigen aktivitet tek han ansvar for at andre også skal få kjenne på samhald.
I 1970 er han elevrådsformann ved Herøy Yrkesskule. Elevar frå yrkesskulen og realskulen arrangerte ein programkveld på Bergshall i protest mot at rektoren nettopp hadde forbudt å arrangere elevkveldar.
Vestlandsnytt undra på om lærarane fekk invitasjon til å delta, men då svarar Mathias:
- ”Nei, og dei får heller ikkje sleppe inn om dei møter fram. Ikkje på grunn av at det er dårleg forhold reint generelt mellom lærarar og elevar ved desse skolane, men vi vil gjerne vise at vi kan ordne oss sjølve og at vi kan oppføre oss”.
Dette var eit populært tiltak, og det blei etterkvart fleire elevkveldar som dei arrangerte i privat regi slik at dei også kunne ha dans på programmet.
I mars 1970 marsjerte 70 elevar inn i kommunestyresalen midt under Herøy skulestyre sitt møte, med elevrådsformann Mathias Pettersen i spissen.
Han gjekk fram til styreformannens bord med eit brev han ba dei lese høgt:
- ”Vi syner til vår søknad om å få låne gymnastikksalen på Bergsøy skole til elevkveldar. 150 ungdomar gjorde seg så fri å søkje på ein ærleg måte, vaksne og viktige folk i Herøy Skolestyre om hjelp i ei sak der vi trudde at dei vaksne og utvalde var dei rette til å hjelpe. Etter det vi skjønar no, er truleg eit fleirtal av dei utvalde ikkje viljuge til det. (..) Vi skal i denne saka forsvinne like ærleg som vi kom. Vi skal greie oss sjølve. Vi trekkjer søknaden attende.
For elevlaget ved Herøy yrkesskole Mathias Pettersen.”
Etter at brevet var opplese gjekk ungdomsflokken like stilt og rolig ut av salen som dei kom. Ein verdig måte å demonstrere på, noko skulestyreformannen Håberg rosa ungdommen for. Mathias var på barna og ungdommen si side, og var ikkje redd for å gjere det han meinte var rett.
Året etter, i 1971, er Mathias ny formann i Bergsøy Frilynde ungdomslag, og tek stadig nye initiativ for ungdommen. Han meiner blant anna at det burde blitt oppretta skulepatrulje for å løyse endel av dei farlege trafikkproblema ved skulane i Herøy.
Og i 1972 er Høgtun ope omtrent kvar kveld, med moglegheit for ungdommen å kjøpe brus og anna godt.
Målet var at ungdommen skulle ha ein plass å vere, og delta i aktivitetar som til dømes pilkast og yatzy blant anna.
Formannen Mathias Pettersen sa:
- ”Vi vil først og fremst satse på å få ungdomen i ytre Herøy vekk frå gatehjørner og ut av bilane og samlast på Høgtun”.
Ungdommen fekk ein plass å vere, og snart blei det også diskotek. Diskotekarrangementa vart den største inntektskilda, men samtidig var det noko skuffelse over aktiviteten i 1973 då berre 50 av 650 medlemmar møtte opp på årsmøtet. På årsmøtet kom også Mathias med forslag om at dei forskjellige bygdelaga i Herøy burde få i gang aktivitetar: spel, teaterarbeid, studiearbeid osv.
Samtidig var Mathias i 1973 tydeleg på at det burde byggjast eit større kulturbygg i Fosnavåg.
”– Skal den kulturelle framgang gå framover og ikkje stoppe opp treng vi eit nytt hus. Høgtun og Bergshall bygd i 1926 og 1939 tilfredsstiller ikkje dei krav som i dag blir stilte”.
Dette var starten på hans fleireårige kamp for å få på plass det som seinare skulle bli Herøy Kulturhus. Mathias blei snart vald inn i styret for “Herøy samfunnshus” der tanken var å få bygd ein samlingsplass for møte, festar, kino og teater samt kafé og bibliotek.
Mathias Pettersen var formann og Gudmund Hopen nestformann i ungdomslaget i 1973, og sa ifrå seg attval seint på året, men Mathias var likevel aktiv i ungdomslaget mange år seinare i tillegg til at han var svært aktiv i Bergsøy. Frå 1970 skriv han referat frå Bergsøykampar i Sunnmøre Arbeidaravis. Frå 1972 til 1973 var Mathias nestformann og økonomisjef i fotballgruppa.
I tillegg blir han i 1974 med i forhandlingsutvalet og filmutvalet til Bergsøy Arbeidarforeining. Og seinare i 1974 samarbeider Bergsøy frilynde ungdomslag med Bergsøy idrettslag om å arrangere marknad der aktivitetane er pilkast, skytebane, roulette og tombola. Mathias Pettersen hadde jo ein fot i begge organisasjonane, og sto ilag med Kjell Vike i brodden for marknaden. BFUL (Bergsøy Frilynde Ungdomslag) hadde også kurs i folkeviseleik og gamaldans på hausten i 1974.
I 1975 er han festleiar når Bergsøy Arbeidarforeining, det eldste faglaget i Herøy, hadde 40-års jubileumsfest – og frå 1976 er Mathias formann i Herøy Arbeiderparti. Mathias var rett og slett ein leiar som tok på seg mykje ansvar.
I 1978 er han med i hovedstyret til Bergsøy IL, og i 1979 blir han ny formann i Bergsøy etter at Kjell Vike sa frå seg attval. Samtidig er han også styremedlem og talsmann for Bussarbeidarforeininga.
1980 var eit storår. Kulturhuset, det store huset Mathias etterlyste så lenge og arbeidde for i mange år, blei no opna.
Samtidig var det eit jubelår for Bergsøy med opprykk til 2. divisjon. Mathias var formann i hovedstyret og nervøs idet Bergsøy spelte den siste kampen mot Sverre.
- ”Om eg ikkje beit naglar så dreiv sveitten av meg som om eg sjølv skulle vere med ute på bana”, sa han.
Mathias Pettersen fekk det travelt med å arrangere fest idet opprykket var sikra, og han var i spissen for festkomiteen. Det blei søkt om løyve for å sende opp raketter idet A-laget kom tilbake til Fosnavåg. Som avslutning på sesongen drog Bergsøy seinare til Geiranger og hadde sang med festleiar (og superkjendis) Bjørge Lillelien. Samtidig var planlegginga til 2. divisjon i 1981 i gang. Bergsøy hadde hatt 10 000 tilskodarar på tribuna i 1980, og forventa det dobbelte i 1981. Samtidig ville det merkast på økonomien at laget skulle starte å ha lange reiser til kamp.
I 1981 takka han også ja til utfordringa om at Bergsøy idrettslag kunne stå som teknisk arrangør for Sommarleikar for psykisk utviklingshemma i Møre og Romsdal på sentralidrettsbana. Mathias oppfordra alle til å møte opp og skape ei festleg ramme rundt arrangementet.
I november 1981 sa Mathias frå seg gjenval som hovedstyreformann, men blei formann i fotballstyret. To år seinare er han fortsatt formann idet han gratulerer Knut Igesund med sine 300 spelte A-kampar, og i 1984 er han nestformann idet Bergsøy har arbeid med å utbetre Huldalen.
I november 1985 er det leiarkrise i Bergsøy, som fører til at hovedstyreformann Mathias Pettersen må fungere vidare i vervet fram til dei fann andre kandidatar. Mathias gjekk over som fotballformann igjen, noko han fortsetter med i 1986 og fram til desember 1987.
I 1988, 1989 og 1990 er det oppgitt at han, i tillegg til å vere administrerande leiar i fotballgruppa, også har roller som leiar i fotballgruppa si basarkomite og sekretær i fotballgruppa.
- ”Vi føler at vi er på offensiven. Det er gledeleg å konstantere at mange eldre spelarar og andre interesserte har engasjert seg sterkt på trenarsida.
Nøkkelen til suksess er fyrst og fremst å intensivere arbeidet i dei yngre årsklasser”, sa han.
I desember 1990 blei Mathias igjen valt som ny leiar i fotballgruppa til Bergsøy. I mars 1991 hadde han gjennomført fotballforbundet sitt toppleiarkurs, og hadde dermed alle kurs fotballforbundet hadde å tilby leiarar. Han var ein av berre 184 personar i landet som hadde tatt dette kurset.
I 1992 var han mellom anna pådrivar for at Thomas Tivoli kom til Fosnavåg, i samarbeid med Bergsøy si fotballgruppe. Og i 1993 er Mathias fylkeskontakt for Kreftforeninga, og også med i Bergsøy sitt jubileumsutval for klubbens 50-årsmarkering.
I 1996 er Mathias Pettersen tilsett som dagleg leiar i Bergsøy, der klubben ønska å lage klart eit kontor til han i Huldalen.
- ”Mathias skulle ikkje trenge nokon nærare presentasjon. I Bergsøy IL har han vore aktiv i omlag 30 år, fyrst og fremst som gutte- og juniorspelar.
Sidan han i 1968 debuterte som oppmann for eit gutelag har det gått slag i slag med ulike tillitsverv både i hovud- og fotballstyre.
Han har teke aktiv del på kurs i NFF og har der gjennomført det høgste leiarkurset forbundet har å tilby.
Som 18-åring blei han formann i Bergsøy Frilynde ungdomslag og valt inn tidleg i interimstyret for Herøy Kulturhus.
Han har dessutan lang røynsle frå det politiske livet i Herøy med fleire perioder bak seg i kommunestyret.” (Vestlandsnytt 30.08.1996)
Han var sportsleg leiar i 1997, oppmann for juniorlaget i 2004 og 2005, lagleiar for A-laget i 2006 til 2009, og turneringsleiar for Havyard Cup i alle fall i 2009 og 2010. Og mykje meir.
Rollene til Mathias var mange, for mange til at vi klarer å ramse dei opp. Og han sto på til heilt det siste. På plass og engasjert.
Uten hans engasjement for Bergsøy hadde vi nok også mista mykje av klubbens historie. Mathias tok vare på mange av permane med dokumenta til klubben, som utgjer over 750 dokument vi har scanna inn i vårt historiearkiv frå 1944–1970 på vår nettside. Vi har tidligare kalla dokumenta for Mathias-Arkivet, men ser vi må gjere dette meir tydelegare. Dokumenta er å finne her og inneheld mange viktige dokument for å forstå klubbens historie: