Stjerneprofil Peder Worren
Den første æresmedlem i Bergsøy. Den første handballinstruktøren. Den første fotballkapteinen.
|
|
|
|
| År | Kampar | Mål |
|---|---|---|
| 1952/53 | 2+ | 3 seriemål |
| 1953/54 | 13 | 0 |
| 1954/55 | 8 | 0 |
| 1955/56 | 8 | 0 |
| Totalt | 57 kampar |
| Stilling | Totalt år | Årstall |
|---|---|---|
| Formann | 4 | 1946/47, 1948/49, 1949/50, 1952/53 |
| Nestformann | 1 | 1951/52 |
| Sekretær | 1 | 1944/45 |
| Kasserar | 1 | 1945/46 |
| Formann i Dugnadsnemnd for klubbhus | 1 | 1958/59 |
Kampstatistikken til Peder Worren er litt usikker. Om han spelte alle kampane i debutsesongen 1952/53 så blir dette 12 kampar, og totalt 41 kampar i perioden til og med sesongen 1955/56. Etter dette finn vi ikkje noko bevis for at han har spelt fleire kampar. Likevel ser vi at han i 1969 fekk statuett som bevis for 50 kampar for klubben, og han står med 57 kampar på vår liste – nesten av litt uvisst grunn.
Men om det er litt usikkerheit rundt nøyaktig antal kampar Peder Worren faktisk spelte for Bergsøy sitt A-lag, så er det temmeleg godt dokumentert det arbeidet han utførte i klubben heilt frå starten og i mange år vidare.
Bakgrunnsinformasjon
Peder Andreas Paulson Worren blei født 13. august 1921, kom frå Pettervågen 1 (Fosnavåg Øvre), og gifta seg med Ruth Pedersdatter Hjorthaug (29.07.1926) frå Reite. Dei busette seg på bruksnummer 105 Fjelly (Lisjebøen), hus bygd i 1957. Peder og Ruth fekk barna Per (1949), Tove (1952) og Hogne (1964).
Faren Paul Vorren var fødd og oppvaksen på Leikanger med stor søskenflokk, og gjorde tidlig nytte for seg i arbeidslivet på sjø og land. Til slutt starta han å arbeide hos Gerhard Voldnes i Fosnavåg, og bygde hus like ved bedrifta. Her arbeidde han så lenge helsa heldt.
Utanom Voldnes sjølv var Paul Vorren og Harald Pettersen mellom dei som først fekk lys frå bedrifta. Det var strekt ei leidning til forsamlingshuset Høgtun. Hos Voldnes var det Paul Vorren som var ansvarleg for maskiner og elektrisk anlegg, var formann og seinare produksjonsleiar.
I 1952 fekk Paul 30-års medalje (Norges Vel sin medalje) for lang og tru teneste i bedrifta. Sonen Peder Worren fortsette i farens fotspor frå ung alder, han starta allereie som 12-åring i bedrifta som visargut. Så blei han etter kvart lønningssjef i firmaet, og hadde arbeidd i Voldneskonsernet i over 50 år då han fylte 70 år. Han mottok Norges Vel-medalje i 1967 og Kongens fortenestemedalje i sølv i 1985.
1944: Klubben blei danna
Peder Worren var ein av dei som var med å starte Bergsøy Idrettslag, eller Bergsøy Turn og Atletklubb som namnet var den gong skipinga tok til 4. oktober 1944. Han var med i det første styret, og han var med då «Fredsmarsjen» etter krigen var den første trimmen til idrettslaget. Ikkje berre var han med, men han var blant dei raskaste.
I oktober 1945 står det at av 305 vaksne som greidde prøva, ei mil på under 70 minutt, så hadde Peder Worren tida på 67 minutt.
Nokre av dei andre raskaste deltakarane: Hans Eggesbø og John Eggesbø (65 minutt), Leiv Pettersen (65,5), Helge Pettersen (67), Herlaug Solem (67), Tønnes Simonsen (67,3), Alf Woldsund (67,3), Kåre P. Vike (68), Lars Håvik (68).
- "Men eg kan ikkje noko for det, eg vert så riven med at det berre vert slik."
Lagbilde
Bergsøy styre 1944
Notat
Notat 1946
Notat
Notat 1949
1945: Langrenn og skihopp
Peder Worren var aktiv og sprek, og då vinteren kom i 1945 og Bergsøy arrangerte skirenn og langrenn var han på plass. Peder Worren vann seniorklassa i skihoppet foran Leif K. Pettersen og Nils Grønhaug. Når det gjaldt langrenn var det formann Andreas Sævik som var best med tida 25,28, mens Nils Grønhaug og Peder Worren delte andreplassen med tida 30,45 i seniorklassa. To stykke i juniorklassa hadde faktisk betre tider; Astor Pettersen og Finn Voldnes gjekk i mål på tidene 30,01 og 30,14.
1946–1950: Handball
Bergsøy handball blei stifta 30. oktober 1946, og søkte i april 1947 om å få trene på Myklebust folkeskule sin øvingsplass.
Bergsøy sitt damelag i handball var tidlig ute, og på eit styremøte 23.10.1947 blei det beslutta at Peder Worren skulle fortsette som trenar og instruktør. Han var den første dametrenaren, og var ein god trenar som kunne reglane samt å lære frå seg.
-"Då eg var jentunge fekk vi så å seie aldri spele fotball ilag med gutane. Derfor måtte vi finne på noko å finne på sjølv, og da vart det gjerne handball.
Fram til 1951 vart treningane avvikla på skuleplassen ved Myklebust skule.
Vi var en gjeng med jenter som møtte opp før dametreningane tok til.
Peder Worren som trena damene instruerte oss jenteungane litt før dametreningane tok til.
Det hende også at vi jentene fekk være med på desse treningane.
På den måten blei vi tidlig intrisserte for handball. Dette var i den tida då handball var en utandørsidrett."
Det hadde ikkje vore vanleg å sjå jenter drive på med slik sport. Det imponerte nok fleire at dei til og med sto slik på med treninga trass dårleg grusunderlag og med tynne sko. Interessa for handball var stadig veksande, og mange møtte opp for å sjå både kamp og trening.
I oktober 1950 blei Harald Solbakk instruktør for damehandballen, og same år sa Peder Worren frå seg attval som formann (til trass for fleire oppmodingar om å fortsette) etter fleire år i stillinga. Kåre Botn blei ny formann i klubben.
1944–1952: Fotball, dugnad og Huldalen
I etterkrigstida blei det arrangert fotballkamp mellom Bergsøy og Runde/Goksøyr, og Bergsøy vann kampen 12–2. Den store profilen på Bergsøy var kapteinen Peder Worren som scora over halvparten av måla. Dei to måla til Runde blei scora av Ola Goksøyr.
-"Vi hadde høyrt at det skulle være et bra lag i Fosnavåg og at sjefen for laget var Peder Worren. Eg ringte til han og avtala kamp, og kampen skulle spelast på Myklebust skuleplass"
På hausten 1948 var Peder Worren formann, og ei viktig tilvekst i organisasjonen var at det blei oppretta ei eiga banenemnd med Arthur «Bassar» Frantsen som leiar. Det skulle bli ein stor jobb å få på plass Huldalsbana klar til seriefotball.
-"Peder Worren sto bak å få tak i lastebil frå Voldnes, trille ifrå Voldnes, og alt skaffa han tak i.
Når dei kokte sild hos Voldnes så hadde dei koks og noko som heitte slagg, og det henta ein med lastebilen og brukte som fyll på bana."
I 1950 gjekk Peder Worren over i stillinga som oppmann for fotballen, med Petter K. Pettersen som varamann. Oppmann var han i mange år, først i 1950–1955 også ilag med Frantz G. Frantzen, men også seinare blant anna i 1960 då han også var med i UK ilag med Petter K. Pettersen og Ludvik Hansen. UK vart oppretta allereie i 1951, og var ei populær nemnd som mange hadde ønske om å få vere med på.
Fleire gonger stilte Peder også opp som dommar, gjerne også når andre dommarar ikkje møtte opp, og fekk god skryt for innsatsen.
Peder var også tidlig på 1950-talet med å ta initiativ for ei friidrettsgruppe og ungdomsgruppe i idrettslaget.
Bilde
Dårlige dommere
Bilde
Peder var i mange år aktiv i mannskoret Havdyn
Notat
Peder Worren med den nye Bergsøylogoen
1952: Bergsøy i seriespel
Bergsøy spelte sin første seriekamp i fotball 3. august 1952, og det var mange spente Bergsøyspelarar den gong.
I mål sto Nils P. Nilsen, og på backane var Peder Worren og Nils V. Pettersen. I halfrekka var Ola Goksøyr og Jon Ertesvåg, og i løparrekka var Sigmund Paulsen, Jan Vinge, Knut Nilsen, Leif Tronstad og Sverre Botn.
Så var det klart for den aller første heimekampen heime mot Heid den 10. august 1952. Omtrent 500 menneske var samla i Huldalen på den naturfine tribuna for å oppleve den første kampen på ei bane så stor som omtrent 6000 rutemeter.
Opningsseremonien tok til ved at formann i tiltaksnemnda Peder Worren overleverte bana og ein bukett til Kåre Botn som var nestformann i Bergsøy Idrettslag. Lærar Albert Tronstad heldt åpningstalen, og gav så på vegne av laget blomar til han som først og fremst har æra for at ein var komen så langt med bana; Peder Worren.
Peder Worren blei takka for den store innsatsen som hadde blitt gjort. Det vart også gitt blomar til formannen Kåre Botn som takk for innsatsen. Sverre Botn tok imot blomar på vegner av dei som i si interesse har ofra mykje av si tid på bana for å få ho i stand. Bergsøy spelte denne tida med sine grøne drakter med kvit krage.
Lagbilde
17.08.1952: Laget som slo Vartdal i lagets tredje kamp, Bergsøy sin første bortesiger i seriesystemet. Petter J. Pettersen, Jan Vinge, Erik Løfoll, Sigmund Paulsen, Knut Nilsen, Jon Ertesvåg, Peder Worren, Kristian Østensen, Ola Goksøyr, Harald Djupvik, Sverre Botn og Leiv Tronstad. Framme frå venstre: Nils V. Pettersen, Nils P. Nilsen og Leif K. Pettersen.
Bilde
Bergsøykaptein Peder Worren til høgre med panneband under Bergsøy sin debutkamp på heimebane – tek imot blomster frå Heid-spelar Monsholm.
Dugnad: klubbhus i Huldalen
I 1957 blei det avtalt å kjøpe tomt til klubbhuset frå grunneigar Petter K. Pettersen (PIT), og plassering av huset blei då planlagt. Ein dugnadsgjeng med Paul Zahl og Peder Worren i spissen ilag med fleire bygningsfolk, deriblant Eystein Botn, fekk i oppdrag å bygge huset. Peder Worren var formann i dugnadsnemnda i 1958/59, og i 1959 var klubbhuset kome så langt at ein kunne starte med innreiinga.
1960-talet
Peder Worren starta 1960-talet med å vere oppmann og medlem i UK (Utvelgelseskomiteen som tok ut laget). Til sommaren 1961 var ei epoke i klubben over då Bergsøy skulle skifte drakter; frå dei grøne draktene laget no hadde brukt sidan 1952, og til kvitt og raudt slik som Norges beste lag Fredrikstad hadde. I august 1961 blei det gjennomført 5-kroners kronerulling i avisa til inntekt for dei nye draktene.
1961
Peder Worren var oppmann då Bergsøy gjekk frå grøne til kvite drakter. 1961.
I 1968 ser vi Peder var med då bedriftsidrettslaget GeVo arrangerte familietrim på ski, og 70–80 deltakarar møtte opp. Beste resultat var det søskenparet Frode og Sigrun Hjorthaug som fekk. Peder Worren sa til Vestlandsnytt at det dessverre var svært få som hadde møtt opp og hjelpt til.
Heder og ære i 1969
Bergsøy feira 25-årsjubileum i 1969, og det var eit godt tidspunkt for klubben å setje pris på nokre av sine medlemmar. Og det var fleire som hadde rosande ord å seie om Peder Worren sin innsats. Både Frantz Frantzen som var toastmaster under festen, samt Kåre Botn hadde gode ting å seie om hardtarbeidande Worren.
-"Peder P. Worren som gjennom dei siste 25 år er den som har gjort mest for Bergsøy idrettslag på det administrerande plan og som aktiv fotballspiller."
Lagbilde
Ved jubileet i 1969 får Peder Worren utdelt statuett for 50 spelte A-kampar, ilag med Petter Homlong, Paul Brekke, Knut Igesund, Ronald Moen og Asbjørn Myklebust. For 75 kampar fekk Oskar Wåge, Kjartan Fagerlund, Jon Ertesvåg og Petter Sperre statuettar.
Bilde
Peder Worren får pokal frå formann Knut Reite når Bergsøy feirar 25-årsjubileum.
Bilde
Peder Worren
1966–1972: Grasbana
Peder Worren var som kjent sentral i dugnadsarbeidet med Huldalen, og han var også ein viktig mann i arbeidet med å få i stand grasbana. Det har blitt skrive at Bergsøy Stadion på mange måtar blei hans andre heim. Frå utsiktsposten i kjøkkenvindauget hadde han full kontroll over kampar og trening. Då tok det ikkje lang tid før han var på plass, og ein la fort merke til at han var komen. Frå sin faste plass kommenterte han høglytt det som skjedde på bana. Han var engasjert.
-"Når cornerflagga kjem opp, så veit eg at det er kamp.""Bergsøy ball"
Oppstarten for banenemnda skjedde hausten 1966 med konstituerande møte der dei første deltakarane var Peder Worren, Egil Leikanger, Kristian Nørvåg, Knut Nærø, Mindor Reite, Frantz G. Frantzen og Asgeir Ramstad. Dei to sistnemnde gjekk seinare ut og inn kom Nils P. Nilsen og Harald Barstad.
-"Vi husker godt for en kjempeinnsats Peder Worren gjorde i Huldalen. Undrer på hvor mange dugnadstimer han la ned der?
Og nå er samme Worren formann i byggenemnda for det som skal bli sentralidrettsanlegg."
Fram mot 1967 vart det arbeidd med grøft frå Myklebustvatn med innvikla arbeid. Gravemaskina som grov grøfta og la rør måtte ta seg fram ved hjelp av telefonstolpar heilt frå vatnet og nesten fram til vegen. I 1968 var det mykje arbeid med tverrgrøftene.
Peder Worren sa at mange var skeptiske til å leggje bana i denne myra, men Norsk Myrselskap var på synfaring og hadde ein positiv rapport. Det blei anbefalt at bana skulle liggje i 3 år for setning og etterjustering før toppdekket kunne leggast. Først i 1970 og 1971 kom ein i gang med dugnad for fullt.
I juni 1971 gjekk han ut i avisa med eit naudrop: "Hjelp oss å bli ferdig med sentralidrettsbana!". Worren var formann i byggenemnda og etterlyste meir dugnadsånd for å få bana ferdig.
-"Laurdag var det dugnad på bana. Peder Worren med verkande rygg møtte opp ilag med tre flinke unggutar. Det er temmeleg motlaust."
Bana blei først utsett eitt år på grunn av sig i jordmassane, og når sommaren 1971 nærma seg var det fortsatt ikkje kome frø i jorda – og det var fortsatt mange rør å leggje. 6. og 7. september 1971 var det at Arne Rødseth sådde bana, og først i august 1972 kunne laget spele sin første kamp der. Same året var Peder Worren revisor i fotballgruppa ilag med Elias Hansen.
Under stadionopninga sa Peder Worren at han hadde sett fram til denne dagen i lang tid, men at det fortsatt sto igjen ein del arbeid – i hovudsak fullføring av tribuneanlegg.
Idet ordføraren Knut Nærø tala så sa han at det var mange namn som skulle vore nemnde på ein slik åpningsdag, men han avgrensa seg til å seie nokre ord om Peder Worren som han omtalte som "einaren for idrettslivet i bygda".
Bilde
Formannen i banenemnda Peder Worren og ordførar Knut Nærø markerer med handtrykk at sentralidrettsanlegget til Bergsøy no er i kommunen sine hender.
Avisutklipp
Frå album
Avisutklipp
Frå album
Symjing
Peder Worren var symjelærar i mange år, og lærte i alle fall to generasjonar og fleire hundre barn å symje. Sjølv meinte han at han lærte å symje ved å vere litt hyperaktiv som barn. Det har vore sagt at Peder Worren har lært halve Herøy å symje.
-"Eg hoppa frå rorhustaket på en båt uten å kunne symje, men då var det så greitt at eg måtte berre lære det, helst fort."
Då Peder Worren bygde hus bygde han også basseng i hagen, og han dreiv undervisning både der og i Toftestøda før bassenget på Bergsøy skule blei bygd. Det var forresten heller ikkje berre born han lærte å symje, men også mange fiskarar i kommunen.
-"Eg hadde Peder Worren i symjekurs inni indre Herøy idet eg skulle vere redningsmann ute i Nordsjøen.
Eg klarte ikkje å symje over bassenget eingong, og då skulle Peder lære meg. Men eg trur han gav opp."
Bilde
Symjekurs i 1936
Bilde
Peder Worren tok svømmeknappen i 1946/47
1994: Æresmedlem, kulturprisvinnar og årets publikummar
Klubben hadde aldri delt ut utmerkinga før, men det var naturleg at Peder Worren var den første i klubben til å få utdelt ærespris.
Same år fekk også Peder prisen som årets publikummar under Handballens Dag. Worren var alltid på plass på tribuna idet Bergsøy spelte sine kampar.
I tillegg fekk Peder Worren i 1994 også Herøy sin kulturpris, ein pris som for første gong blei utdelt i 1985 – den gong til Oddbjørn Blindheim. Han var ein verdig vinnar. Han hadde vore 20 år i ungdoms- og idrettsutval, 16 år i friluftnemnda, og aktiv songar i over 30 år i tillegg til alt i Bergsøy. Uthaldande i jamt og trutt arbeid hadde vore hans varemerke, med initiativ og innsikt.
Bilde
Peder Worren blei Bergsøy sitt første æresmedlem i 1994. Han sit ilag med Kåre Velsvik som også fekk heider for sin innsats. Bak står leiar i Bergsøy, Paul Lillebø. Bildet blei tatt av Per Moltu.
Bilde
I 1994 fekk Peder også ei anna utmerking, nemleg årets publikummar under Handballens Dag.
Bilde
I 1994 fekk Peder også Herøy kulturpris. Her med Hildur Lid Hole i hovudutvalet for kultur.
Fjelltur og mosjon
For Peder Worren var mosjon og fjellturar viktig, og han ivra etter at flest mogleg skulle få vere med å trimme. Samstundes var det ikkje om å gjere å ta alt på ein gong, men å begynne med å gå i fjellet – då får ein både naturopplevingar, frisk luft og ein treff også andre folk. Med turstaven, turklede og vener var han i sitt ess.
-"Det er ikkje noko som er så fint som ein fjelltur, timane ute i det fri er helsebot.
Fjellturar er også sosialt, alle snakkar med alle, og ein treff alle mulege folk."
Peder sto også bak bøkene på Hornseten og Igesundfjellet, og desse har vore med på å få folk ut av godstolen og ut i naturen. Nokon favoritt-fjelltur var han usikker på om han hadde, men han svarte at Molladalen var svært fascinerande.
I april 1981 hadde over 2000 tatt trimturen til Hornseten, og initiativtakar Peder Worren var gledelig overraska over responsen – men bad trimmarar om å benytte dei oppmerka stiane og ikkje klatre over gardane.
-"Det er ikkje noko som er så bra som at borna får bygge opp kroppen sin frå dei er små.
Men det er viktig at dei får prøve seg i fleire idrettsgreiner og oppleve gleda ved det.
Kvar må finne ut kva dei likar best, og ikkje bli tvinga til å vere med i den idrettsgreina foreldra har mest sans for."
I 1994 var Peder Worren i valnemnda samt materialforvaltar i Herøy Turlag. I 1997 viste den spreke 75-åringen Peder Worren at sjølv bitande kulde ikkje kunne stoppe han; vikingen tok av seg på overkroppen og vaska seg i nysnøen under turen til Rjåhornet på Nerlandsøy, då Herøy Turlag hadde sesongopning.
-"Nydeleg. Navlebad er helsebot, og velværet du føler etter at du har fått på deg tørt tøy er berre ubeskriveleg.
Eg har vore plaga med influensa, og dette er tingen for å kurere den."
Så starta arbeidet med å få på plass ein varde på Hornseten, og målet var å få denne varden på plass før milleniumsskiftet, år 2000. Peder Worren blei utnemnd som prosjektleiar for dette, og det var heilt naturleg at det var Peder som fekk oppgåva. Ingen hadde trakka så mykje i terrenget som nettopp han, og ingen brann så for saka som nettopp han.
I mai 1999 var det kome så langt at Peder håpte det kunne bli prøvetenning på varden allereie til Jonsok. I november dette året fekk Peder boka «Sunnmøre og sunnmøringen» av Herøy Turlag som eit symbol på at veteranen blei heidra for sin aktive innsats i turlaget. Også Oskar Moltumyr fekk denne, medan ekteparet Janny og Mads Kvalsvik også blei heidra.
-"Den store utfordringa no er å få turgåarar til å vere sporty nok til å ta med seg stein til toppen.
Vi vil rydde opp ein majestetisk og presentabel varde som vil syne frå dei fleste bygdene i distriktet."
Bilde
I 1992 var Peder Worren på plass for å konstatere at fotballformann Odd Rudolfsen i perioden 1. april til 1. mai hadde gått frå 101 til 87 kilo. Ronald Moen og Ivar Sylte passa også på at resultatet stemde.
Bilde
I april 1997 opna Peder Worren (75 år) tursesongen med eit navlebad. Dette skjedde under Herøy Turlag si sesongopning til Rjåhornet på Nerlandsøy.
Bilde
I 1988 var Peder med på dugnad for å setje opp nye skilt på Runde. Her ilag med Ingrid, Haldor og Steffen Frøystad.
Bilde
Det var sjølvsagt Peder Worren som tende varden kl. 17:00 på nyttårsaften 1999/2000.
Avslutning
Initiativtakar frå starten. Fotballspelar. Den første kapteinen. Handballinstruktør. Formann. Sekretær. Kasserer. Revisor. Symjelærar. Engasjert innanfor trim, friidrett og mosjon. Dugnadssjef og pådrivar for både Huldalsgrusen og Bergsøy si grasbane, klubbhus og fleire verv. Lista er lang, og blei på ein måte avslutta med å brenne flamma på den nybygde varden på Hornseten som han var initiativtakar for. Nokre månadar seinare, 15. oktober 2000, døydde han.
-"Eg kan huske eingong i ungdommen at Peder Worren og eg gjekk i brodden for å lage marknad på Høgtun.
Kvar kveld i ei veke var det fullt kjør på Høgtun med skytebane og tombola.
Det kom inn ein god slump med pengar, og vi var ikkje lite stolte vi som hadde vore med på dette.."
Varden på Hornseten blei det siste store verdige minnesmerket, der han meir enn nokon annan sto på for å gjere Hornseten til eit turmål for lokalbefolkninga.
Ekstra bilde
I 1988, heile 44 år etter at Peder Worren i 1944 var med på å starte Bergsøy Idrettslag, så var han med i hovedstyret i klubben.